Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei mitt første innlegg her!

Dette er ikkje ein salgsannonse ,men eg vil berre lufte interessen. Har nettopp bestillt meg eit Lightwave T0 Ultra XT altså eit einmanns telt med bra stort fortelt.

De finn spesifikasjonar for alle Lightwave telta her http://lightwave.uk.com/lightwave_brochure.pdf Kjøpte også med eit passande underlag tilå ha under sjølve teltet, ikkje forteltet. Prisen var sett ned frå 375 pund til 200. Sjølv om eg ikkje har prøvd teltet så er dette eit bra kjøp etter det eg kan skjønne. Og da er det ikkje så nøye at innerteltet må settast opp først.

Sidan det er gratis frakt om ein bestiller for over 375 så kjøpte eg like godt eit Arctic T3 for 320 pund nedsatt med 46%. Utifrå spesifikasjonane som eg samanlikna med Hilleberg så ser desse telta bra ut. Om kvaliteten er like bra som Hilleberg gjenstår no å sjå, men litt dårlegare er heller ikkje å forakte, spesiellt til den summen.

Arctic T3 er eit ekspedisjons/ vintertelt med stormmatte og raud farge, berekna på 3 personar og berre 4 kg. Størrelsen ser bra ut, sjekk spesifikasjonane. Einaste bakdelen eg ser i farten er at innerteltet blir satt opp først,men på den andre sida så er det vel mange bra vintertelt med nettopp denne patenten.

No er eg ikkje akkurat så mykje på vintertur så eg veit ikkje heilt om eg har bruk for det. Eg har eit større telt enn einmanns teltet som eg bestillte om eg treng større ,men det er jo ikkje akkurat eit vintertelt heller eit bra 3 seongstelt. Ein Hagløfs Twin Peak som har fungert heilt utmerka til mitt bruk.

Så eg berre lurte på om noko kan vera interessert om eg bestemmer meg for å selge Arctic T3. Eg har ikkje tenkt å ta noko fortjeneste vil berre ha dekka mine utgifter . Kanskje litt spennande å prøve noko nytt? Er det forresten nokon her som har prøvd Lightwave telt?

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.