Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Midt i februar kom sjangsen. Gode meldingar og Danskehytta frista. Storfjellet i enden av Fetegga nord for hytta har fått ligge der og friste alt for lenge.
Let snømask og jordmørkt gjorde at turen inn gjekk seint. Men natta kom med gode saker. Alt over oss klarna av og fredag og laurdag blei skyfrie dagar med 10 cm lett, lett snøfjon å gå i og flott temeperatur.

Fetegga nordover frå Danskehytta er knudrete. Med lite snø vart det hardt for skisålen.

Kvite flata opp mot Storfjellet var heilt suveren, og toppen gav utsikt til heile Tafjordfjella. Strålande.

Går du på Fetegga sommarstid, skal du forresten sjå nøye etter spor etter fordums jaktfolk. Fleire stader bortover egga er det registrert gamle bogastelle. Dette er ei så gamal jaktform at enkelte tyr til isfylte dalar for å forklare kvifor dei er plassert slik dei er. Vil du vite meir om desse teoriane bør du kontakte Astor Furseth i Valldal, som mellom anna arbeider med registrering av gamle fangstanlegg i desse fjellstroka.

Ver og føre var perfekt. Men det var kaldt å vente ute på bussen på Grotli i 20 minus på

post-9623-133474744547_thumb.jpg

post-9623-133474744596_thumb.jpg

post-9623-133474744652_thumb.jpg

post-9623-133474744682_thumb.jpg

post-9623-133474744726_thumb.jpg

post-9623-133474744767_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.