Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Meteorologen snakka kl 19. i kveld om nytt mildvær på vei mot Vestlandet, og fare for
regn utover i veka. Så den planlagde turen under fullmånen i morgen såg ut til å gå i vasken. Så det var berre å kaste seg rundt, og ta turen i kveld.
Køyrde til Langeland Skisenter, ca 15 min. frå Førde, og kunne ta på skia litt før kl 20.
Oppover i lysløypa var det bra med folk, dei fleste rasar rundt på sine fyrstikkski og tynne skidressar. Men det var ikkje målet mitt, eg skulle opp i høgda, og vekk frå
det kustige lyset frå sivilisasjonen.
Kommen opp på høgste punktet, ca 500 moh, var det berre å stoppe opp og nyte
naturen. Praktisk talt vindstille. I aust blinka snøen på toppane på Jølstrafjella, og i
vest var Hestane bada i måneskinet. Etter nermare ein halv meter nysnø i helga, gjekk eg ruta motsett vei i går, det meste i intenst snøvær, og nytrakka løype. I dag
var løypa fastare, og unnabakkane kunne køyrast i pudder.
Hadde tenkt å snu på toppen, men måtte berre fortsette, mot Gjøset- vatnet og stølane. Tilbake i lysløpa etter ca 1,5 t, møtte kun 4 personar, men ein flott oppleving rikare.

Vis rapporten i Turkartet

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.