Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Tenkte eg måtte skriva litt om turen over Folgefonna (15-17.juni 2003)

Planen var å gå Folgefonna på langs frå Reidsete til Vintertun, men pga at eg var ganske dårlig dagen før avreise, blei det til at me kutta lit på turen og gjekk direkte opp til Holmaskjær th frå Odda. Snøen låg på ca 1300 moh, men den var ingen problem å gå til fots heilt opp til hytta. Oppe på breen var det ganske skiftande vær; Det veksla mellom skyfritt og tett tåke!

Dagen etter var været ganske bra og utsikta flott. Me satte kursen for høgste breakulen (1662) og det var ikkje så veldig langt bort dit. Deretter var det ganske flatt heilt til nedkjøringa på Sauabreen. I luftlinje trur eg det var omtrent 2 mil. Me såg ingen andre oppe på breflata, men spor tyda på at det var folk som hadde gått frå Buer og over til Fonnabu ganske nyleg.

Det var klare antydningar til sprekker rett over "knekken" i Sauabreen. Difor rant me nedover med "fullt breutstyr", men om dette verkeleg var nødvendig er eg ikkje heilt sikker på. Har fått inntrykk av at folk ikkje bruker breutstyr her tidlegare på våren. Det var iallefall "sprekker" i snøen som var ca 20 cm breie og antydning til "søkk", men om det er ei djup sprekk under er eg litt i tvil om. Kanskje nokon som har peiling? (Det var ikkje mogleg å sjå ned i snøsprekkene)

Iallefall var det ingen antydninga til sprekker nedover i sjølve bakken. Me holdt oss i nordre del av "det slake partiet", sidan det var minst antydning til sprekker på toppen på denne sida. Nede på breflata fann me ut at breen er ganske dårlig inntegna på kartet. Uansett så var det best å holde mot høgre nedover. Etter å ha speida litt etter hytta, fekk me omsider auge på den også. Avgangen såg veldig fin ut på oversida av vatnet, men sidan det er kortare å gå av på nedsida, gjekk vi her. Her var det store og tydelige randsprekker, men ved å gå på kanten ned mot vatnet unngjekk me dei fleste.

Området rundt sauabrehytta var utruleg villt. Ein verkeleg fabelaktig plass! Etter overnatting på Sauabrehytta, gjekk turen på ski nedover mot Vintertun. Me tok sikte på kommunegrensa, men det var ein nokså kronglete veg nedover på slutten, særlig når det var dårlig med tid til bussen skulle gå

Alt i alt ein fin tur, utanom at me blei ganske solbrente på breen. Det må ha vore sterk stråling!

Vis rapporten i Turkartet

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.