Gå til innhold
  • Bli medlem

I tilfelle Muztagh Ata er av interesse for nokon...


Anbefalte innlegg

Skrevet

...så har eg skrive ein (i overkant lang) turrapport frå då eg var der i sommar:

http://www.topptursiden.no/Muztag%20Ata.htm

Eg har i tillegg lagt ut ein del bileter:

Side 1: http://www.topptursiden.no/Foto%20Muztagh%20Ata%201.htm

Side 2: http://www.topptursiden.no/Foto%20Muztagh%20Ata%202.htm

Side 3: http://www.topptursiden.no/Foto%20Muztagh%20Ata%203.htm

Side 4: http://www.topptursiden.no/Foto%20Muztagh%20Ata%204.htm

Obs! Rapporten er mest berekna på familie og venner, så det er relativt lite informasjon om logistikk, tekniske utfordringar (er nesten ingen av dei uansett), utstyrslister o.l. Men der kan eg svare på det meste hvis det er spørsmål. Det er absolutt ein tur eg kan anbefale.

post-4434-133474723688_thumb.jpg

Annonse
Skrevet
Hei.

Så ut som en fantastisk tur. Flotte bilder og teksten var spennende å lese. Kjente jeg ble veldig lysten på en liknende tur.

Takker for rapporten.

Takk for det, Martin. Det var absolutt ein fantatisk tur. Ikkje berre det å være på fjellet, men også reisa fram og tilbake, som f.eks. å få oppleve Kirgisistan.

Skrevet

Det er ikkje heilt gratis... Eg reiste med Jagged Globe, og kostnaden var 3900 pund (eller ca. 36.000 kr med kursen som var på tidspunktet då eg betalte). Ser at det er oppe i 4195 pund for 2011. Dette dekka reise, overnattingar, mat, telt (inkl messetelt og oppbevaringstelt i base camp), to kinesiske karar som ordna med maten, fire pakistanske porterar og ein engelsk ekspedisjonsledar. Det er nesten ingenting å bruke pengar på ellers, så det gjekk berre med 385 dollar i lommepengar på ein månad. Det inkluderte tips til porterane, ei ekstra natt på hotell (sidan me valgte å reise ned frå base camp ein dag før skjema) og ei lita gåve til ho som sat heime og bekymra seg...

Så vidt eg veit så betalar Jagged Globe ca. 15.000 kroner per person til kinesiske myndigheter for klatretillatelsen. Med tanke på sistnevnte syns eg faktisk ikkje totalprisen er så heilt ille.

Ein må ha visum både til Kina og til Kirgisistan. Visumet til Kina kostar 500 kroner og kan skaffast her i Oslo. Når det gjeld Kirgisistan så ordna Jagged Globe eit gruppevisum for alle som reiste frå London (inkl meg, sjølv om eg ikkje hadde fått med meg dette og skaffa visum sjølv). Du kan få 30-dagars visum på flyplassen i Bishkek, men det vil ikkje være nok, fordi du må ha visum med to innreiser, og dei gir ikkje ut visum på grensa mellom Kina og Kirgisistan. Eg trur du kan få visum via den russiske ambassaden i Oslo, men eg sendte passet mitt til den Kirgisiske ambassaden i Berlin. Evt er London ein mulighet.

Eg tok ingen vaksinar for turen. Men har ein del frå tidlegare reiser (som eg imidlertid ikkje veit om fungerar lenger). Det er ein viss fare for malaria i Bishkek (men ingen andre plassar). Eg brukte litt myggmiddel dei to dagane i Bishkek, men ikkje tablettar. Det var det for øvrig ingen av oss som gjorde.

Skrevet

Fikk lest hele rapporten til slutt. Spennende! Der har ikke jeg noe å gjøre...

Når det gjelder den ekstreme stjernehimmelen så har jeg lest et sted at Europa og for den del Norge er for lite til at avstanden blir stor nok mellom byene. Disse lyser alltid opp endel, og derfor klarer vi ikke å se like mange stjerner der oppe som man kan fra større kontinenter med større avstand mellom siviliserte områder. I tillegg er vel sivilisasjonen nærmest disse fjellkjedene såpass primitiv at den ikke påvirker lys og mørke like mye som en moderne by. Er ingen ekspert på dette, men det høres egentlig rimelig ut.

Skrevet

Menneskeskapt lys er en viktig faktor for hvor mange stjerner man kan se ja. Luftkvaliteten og høyde over havet likeså. Det er en grunn til at observatorier gjerne blir lagt høyt til fjells langt fra sivilisasjonen. På Kilimanjaro kunne vi se at lufta var mye klarere enn hjemme. Fikk ikke sett den ultimate stjernehimmelen da det var fullmåne de dagene. Men jeg husker en gang en mørk høstnatt i militæret da jeg lå ute i skauen som mg-vakt. Det var stjerneklart og jeg hadde lysforsterkningsbriller. :D Tror hele "den røde hær" kunne ha sneket seg forbi uten at jeg hadde fått det med meg. hehe

Skrevet

Det er nok kombinasjonen "høgt oppe" og "langt frå sivilisasjonen" som gir den gode effekten, ja. Hadde det ikkje vore så forbaska kaldt, så skulle eg ha teke meg tid til å ta eit bilde rett opp i himmelen med lang lukkartid. Men det var rett og slett ekstremt lite fristande å ta av seg dunvottane oppi der...

Skrevet

Det ville ikkje vore galskap no mens me var der. Det var såpass mykje snø i år at me gjekk faktisk ikkje i taulag i det heile tatt. Og eg såg vel berre to grupper som gjekk i tau på heile turen. Det var også eit par personar, blant anna ei svensk jente, som var på fjellet åleine. Så det er ikkje heilt uvanleg.

Det var to faste tau som var lagt ut. Det eine gjekk over nokre sprekkar. Det brukte me eit par gonger etter at det hadde vore snøfall slik at det var vanskeleg å sjå sprekkane. Dei andre gongene, når sprekkane var tydelege, så stega me berre over. Det andre tauet var i ei skråning over eit "isjuv". Hvis ein er vant med å gå litt i snøskråningar (slik som du heilt sikkert er, Lyngve) så var det totalt unødvendig å bruke det. Trur ikkje nokon i mi gruppe tok det i bruk i alle fall, og personleg så skjønte eg strengt tatt ikkje hensikten med å sette det opp.

Med det sagt, så veit eg at personar har forsvunne i sprekkar der oppe tidlegare år under andre forhold, så 100% trygt er det ikkje.

For øvrig veldig enig i at Kongur er eit fascinerande fjellmassiv. Berre synd det er så utsatt ift sprekkar og ras. Så vidt eg veit, så er det vel berre eit par ekspedisjonar som har nådd toppen etter at Bonington var der som fyrstemann i 1982. Meiner eg har høyrt at det var rundt 25 påfølgande forsøk som ikkje nådde toppen.

Skrevet

Ok takk for info!

Jeg har tydeligvis hatt en vrangforestilling om at det vanlige er at man beveger seg i taulag store deler av oppstigningen på dette fjellet, p.g.a sprekker. Men da er det altså ikke særlig problematisk å gjøre som den svenske jenta, nemlig møte opp alene hvis man ikke finner noen andre det passer for :-)

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.