Gå til innhold
  • Bli medlem

Skarddalstinden - Skarddalseggje - Rauddalseggje 26. - 27. juni 2010


gunner

Anbefalte innlegg

Den 26. juni 2009 gjekk eg frå Leirvassbu til Olavsbu over Rauddalstindane. Det var til dels djup snø, og eg angra litt på at skia stod igjen heime. Derfor tok eg skia på sekken nøyaktig eit år seinare og la i veg sørover frå Leirvassbu i 12-tida laurdag 26. juni. Eg var klar over at det var mindre snø i år, men like før det høgste punktet på Høgvaglen, låg snøfonna fast og fin, og skia kom på. Men gleda varte ikkje lenge. Etter to hundre meter gjekk terrenget nedover igjen, og skiføret tok slutt like plutseleg som det starta.
Eg vurderte å setje skia igjen, men hugsa på dei djupe fotspora mine ned frå Store Rauddalstinden i fjor og valde å gå vidare med skia på sekken. Det angra eg ikkje på, for etter ein god times fottur, starta oppstigninga mot Skarddalstinden, og eg kunne ta på skia igjen på ei lang snøfonn 1500 m o.h. :)

:P Yr.no hadde meldt blå himmel ut på ettermiddagen, men godveret let vente på seg. Skodda låg enno tungt rundt toppen og det var små regndropar i lufta, så det var ingen grunn til hastverk. Eg tok ein pause og såg tilbake over Høgvagltjørnin og den spisse toppen på Kyrkja i bakgrunnen. Det var ingen turistar å sjå på heile strekninga.

I fjor kom eg frå Olavsbu og gjekk eg opp ryggen frå sørvest, men med skiutstyr er det lettare å runde over til nordsida litt før toppen av snøfonna på omtrent 1800 m. Etter hundre meter til fots var det igjen brukbare forhold, og eg kom lett opp til høgde 1899 nord for toppen og kunne sjå over mot Skarddalseggje som enno låg innpakka i skodda. Men det vart heldigvis ikkje lenge. Etter ei rask veksling mellom fleire årstider med yr, sludd og hagl, braut sola endeleg igjennom eit tunt skydekke, og vinden jag bort den siste resten av skodde i det eg nådde toppen av Skarddalstinden på 2100 m. Herifrå er det ein grei tur ned til skardet mot Skarddalseggje, men eg var litt usikker på den bratte eggja opp på austsida. I boka "Norges fjelltopper over 2000 meter" er denne markert med ein raud trekant, det vil seie klatring litt over mitt nivå. I fjor måtte eg snu under Store Rauddalseggje som har ei tilsvarande markering på kartet.

Men det var ingen grunn til bekymring. Det ligg rett nok ein hammar midt på ryggen, men det går breie hylleformasjonar ut i sørsida slik at det er enkelt å kome forbi og opp på ryggen igjen bak hammaren. ;) Med ski og sekk parkert i skardet, gjekk 150 m stigning lett unna, og eg hadde snart toppen i sikte. No var all skodda borte og eg fekk ei fantastisk utsikt til det mange kjende 2000-toppar med Bukkehøe og Galdhøpiggen i nord, Gjendealpane i sør og Hurrungane i vest. For ein fantastisk dag. Full klaff med ver og skiføre til slutt!

Returen gjekk frå skardet mellom toppane over breen mot høgde 1899. Med unntak av ryggen over mot snøfonna på vestdsida, vart eg gledeleg overaska over at det var skiføre nesten heilt ned til eit par hundre meter ovanfor Olavsbu.

Søndagen vakna eg til sol frå blå himmel. Eg starta i 4 plussgrader ved hytta, men nattefrosten hadde gjort snøen fast og fin. Dermed var det liten risiko å krysse tvers over breen i 1700 meters høgde på nordsida av Store Rauddalseggje sjølv om det låg igjen ein del snø på svaberga oppe under toppen. På ski er dette ei lett og rask rute opp til skardet mellom Store og Midtre, men ferske spor av ettermiddagsskred med snø og stein, gjorde sitt til at eg valde ei anna rute på turen tilbake. Som dagen før parkerte eg ski og sekk i skardet og tok ein rask tur opp på Midtre på 2016 m. Det gjekk også greitt opp til Store Rauddalseggje, men litt tyngre på slutten på grunn av djup snø med liten bæreevne.

Returen gjekk på ski nedover breen heilt til botnen av Skarddalen og opp til høgde 1604 og over snøskavlen på nordsida av 1812. Herifrå var det delvis skiføre nordover forbi Rauddalsbandet. Men til slutt vart det så mange stopp for å ta skia av og på at eg like godt tok skia på sekken igjen og tok DNT-ruta tilbake mot Leirvassbu. :D

post-1551-133474703431_thumb.jpg

post-1551-13347470344_thumb.jpg

post-1551-133474703448_thumb.jpg

post-1551-133474703457_thumb.jpg

post-1551-133474703464_thumb.jpg

post-1551-133474703471_thumb.jpg

post-1551-133474703478_thumb.jpg

post-1551-133474703484_thumb.jpg

post-1551-133474703491_thumb.jpg

post-1551-1334747035_thumb.jpg

post-1551-133474703509_thumb.jpg

post-1551-133474703517_thumb.jpg

post-1551-133474703525_thumb.jpg

post-1551-133474703533_thumb.jpg

post-1551-133474703851_thumb.jpg

post-1551-133474703922_thumb.jpg

post-1551-133474703943_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
  • 2 uker senere...

Fin rapport! Var sikkert dine spor vi så noen dager senere, 1. juli, https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=21646&highlight=, når jeg og kompisen min tok turen på Raudalseggje. Men vi fulgte ikke sporene dine over breen til skaret mellom Store og Midtre, breen så ikke trygg ut da mtp sprekker. Og Atrig å se hvordan det minker med snø på så kort tid, for var en del mindre snø på min tur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.