Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei!

Etter svært gode tilbakemeldingar frå fornøygde kunder i fjor, kan vi knapt vente med å koma oss inn til Torfinnsbu og føre hyggelege fjellfolk opp på Torfinnstindane att :)

Vi blir stasjonære ved Torfinnsbu ca f.o.m 8.juli-8.august, men det går også an å bestille føring både før og etter! Vi vil i år som i fjor henge opp solide rappellanker der vi har to uavhengige 10mm statiske tau som begge går gjennom ein rustfri stålring som tåler 25kn. Vi ønsker at alle som går rappellvegen frå Austre Torfinnstind og over Til Vestre Torfinnstind trer tauet gjennom denne stålringen og i tillegg henger opp ei slynge som ekstra sikring i tilfelle nokon har dratt klatretauet gjennom slyngetauet. Dette fungerte svært bra i fjor:)

Viss det er nokon fjellvandte personar som har lyst til å gå turen over og trenger føring er det berre å ta kontakt med:

Henning, 924 36 375, eller

Odd Eivind, 959 30 493

Så fører vi dere over!

Til alle dere som går turen på eigen hand: Kom gjerne innom for tips, og god tur:)

Mvh

Gladheim og Holo Fjellføring

post-6512-133474677636_thumb.jpg

Annonse
Skrevet

Eg beklagar at det fyrste innlegget mitt braut med netiketta til Fjellforum.net. No har eg gjort ein del endringar, blant anna fjerna reklameplakatane, og eg håpar innlegget no er greit. Det viktigaste er at folk som skal gå turen veit at vi har ordna rappellfester, og få forklart korleis vi ønsker at dei skal bruke desse. Samtidig vil vi informere dei som har lyst til å gå Torfinnstindtraversen, men manglar nok erfaring/utstyr til å gjennomføre turen på eigen hand, om at dei kan kontakte oss for å få med seg denne fine turen:)

Eksemplarisk!

Torfinnstraversen er en knalltur! :wink:

Skrevet
Fantastisk å få permanente rappellanker overalt i Jotunheimen. *ironi*

I fjor rydda vi vekk alle dei gamle slyngene som hang ved rappellane, og satte opp "permanente" rappellanker som skiftast ut kvar sommar. Vi fekk svært mange gode tilbakemeldingar på dette av folk som gjekk traversen. Eg meinar at det er betre med eit forseggjort rappellanker enn 56 gamle slynger som er dratt gjennom, og er livsfarlige for dei som blir frista til å bruke desse! Eg ser ikkje heilt at det blir mindre estetisk heller.

Nei, de som ikke gidder å ta med minst én gammel slynge når de setter opp en ny er ikke spesielt mye bedre.

Men det er kanskje greit å vite for de som installerer bolter at ikke ALLE setter pris på dette. Noen synes faktisk det grenser mot hærverk.

Skrevet

Men det er kanskje greit å vite for de som installerer bolter at ikke ALLE setter pris på dette. Noen synes faktisk det grenser mot hærverk.

Eg har aldri sagt at vi har installert bolter. No må du lesa litt betre! Det er kun snakk om statiske tau rundt utspring, og ein stålring som desse taua er tredd gjennom, på den måten kan du tre rappelltauet gjennom stålringen, og ikkje dra det gjennom dei statiske taua. Ingen boltar, og ingen spor etter oss når vi sluttar med føringa der!

Skrevet

Hehe, beklager rotet. Der var jeg for kjapp.

Når dette nå gikk opp for meg ble jeg glad :)

Men et spørsmål, hvordan hindrer dere en "slyngesalat" på toppen (som du har innvendinger mot) når dere likevel anbefaler at alle henger opp en slynge som ekstra sikkerhet?

Skrevet
Det går bra. Eg er sjølv veldig for sporlaus ferdsel, så eg skjønnar at du vart litt krass når du trudde vi hadde bolta :shock:

Vi fjernar dei ekstra slyngene som heng der for kvar tur vi går over traversen :roll:

Flott!

Setter dere opp statisk tau og stålring på rappellen vest for Østre Torfinnstind ned i skaret mot Midtre?

Skrevet

Vi set opp statiske tau og stålring på ein rappell frå Austre Torfinnstind og ned mot skaret mot Midtre Torfinnstind. Etter rappellen er det litt fin klyving ned i skaret, her sikrar vi ved behov, i staden for å setje opp ennå eit rappellfeste. I tillegg set vi opp statiske tau og stålring ovanfor dei tre hammerane frå Midtre Torfinnstind og mot Vestre Torfinnstind.

  • 5 uker senere...
  • 2 måneder senere...
  • 1 måned senere...
Skrevet
Er rapellankerene nå tatt ned - evt hvor lenge vil de fortsatt være på plass?

Rappellankera er der fortsatt. Dei vil ikkje bli tekne ned før vi byttar dei ut med nye neste sesong. Vi anbefalar å henge opp ei slynge som ekstra sikring, då vi ikkje kan garantere at rappellankera ikkje har blitt utsett for skade av andre. God tur!

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.