Gå til innhold
  • Bli medlem

Sæbyggjenuten, Urddalknuten og Vassdalseggi


Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous
Skrevet

Sæbyggjenuten i Aust-Agder og Urddalknuten i Vest-Agder.

Er d noen som kan gi en grei rutebeskrivelse til disse toppene?

Og som vet noe om føreforholdene der nå?

Ole-J

Annonse
Skrevet

Sæbyggjenuten: Lettest opp fra Mo i Tokke i Telemark, følg fjellvei til enden. God sti på nordsiden av vannet, deretter bratt opp Sæbyggjebrokka til topps. total tid ca 7 timer (har jeg hørt). Alternativ 2 er å gå fra Berdalen i Bykle, forbi Berdalsbu (overnatting mulig), og til topps. Dette er en lang dagstur. Føret er greit nå, men det er nysnø på toppene (over 1250-1300m) stort sett hver dag. Send en mail eller ring meg på xx xx xx xx hvis du vil ha fersk førerapport før helgen! God tur!

Gjest Anonymous
Skrevet

Takk for info.

Skal kjøpe nødvendige kart i dag.

Planen er slik:

Vassdalseggi 1658 moh Suldal/Vinje, høgaste punktet i Rogaland

Sæbyggjenuten 1507 moh Bykle/Tokke, høgaste punktet i Aust-Agder

Urddalsknuten 1434 moh Sirdal/Valle, høgaste punktet i Vest-Agder

Eg reiser etter jobben i morgon til Haukelifjell, overnattar i telt, og prøvar å kome meg opp på Vassdalseggi laurdag morgon.

Satsar på å starte tidlig, medan det er mørkt.

So reiser eg vidare mot Sæbyggjenuten, eller Urddalsknuten - planen vidare er ikkje heilt klar, men målet er å prøve på ein topp til den dagen.

Og so reiser eg vidare mot utgangspunktet til den tredje og siste toppen, der eg overnattar.

Søndag skal eg prøve meg på den tredje toppen.

Viss eg ikkje klarer to toppar på laurdag, blir det å prøve på ein av toppane på søndag.

Eg er nøgd om eg får med meg ein topp, men eg håpar på to.

Tvilar på om eg greier alle tre, men det hadde vore kjekt.... ;)

Været ser i hvert fall ut til å bli bra.

Ole-J

Skrevet

Foreslår at du kjører til Hovden etter Vassdalseggi, følg RV 9 forbi Hovden. Ta til venstre mot Berdalen en drøy mil etter Hovden. Følg god sti til Berdalsbu. Hit kommer du på en time fra parkeringen. Videre er det strake vegen til topps. Det kommer til å bli ned mot -6 til 8 grader på Hovden natt til lørdag og søndag, så ta med varmt tøy. I dag ligger snøen ned til 1250 meter, men det er bare et melisdryss. Den blir nok liggende. Lykke til og god tur!

Skrevet

sånn rent på husk om urddalsknuten:

om eg ikkje husker feil, så er dette noe sånt som vest for rosskreppfjorden et sted,,, låg på urddalsbu under første reinsjakt, og taumevatn, lenger vest, på neste tur.

urddalsknuten ligger vel litt nord for disse, etter som eg husker,,,

skal ikkje gi for gode tips uten kartet foran meg, men husk at terrenget blir mye mer kupert vest for rosskreppfjorden, så det kan fort bli lenger enn det ser ut til, hvis du ikkje følger med på kartet.

fra taumevatn (fin turisthytte, fremdeles bra mat igjen) er det ganske behagelig stigning opp stordalen for å komme inn på fjellet, litt mer brutalt fra andre siden.

legger med et bilde fra stordalen, så ser du hvor bra det kan bli ;)

post-339-133474387763_thumb.jpg

Skrevet

Dersom du skal til Urddalsknuten tror jeg det vil være lettere å følge merket turistforeningssti fra Suleskardsveien (Vardsvatnet ca. 4km Ø for Rosskreppdammen) inn til KOT sin turistforeningshytte Svartenut. Herfra går du rundt Gjuvvatnet og deretter rolig opp til Urddalsknuten.

Dette mener jeg må være den mest tilgjengelig ruten dersom du kommer fra Rogaland. Hvordan rutetraseene er fra Setesdalen/Valle det tør jeg ikke svare på.

Gjest Anonymous
Skrevet

Ein liten rapport frå turen eg hadde i helga:

Eg kom fram til Haukeliseter i skumringa, og køyrde ned til enden av anleggsvegen mellom Ståvatn og Kjelavatn. Det blei ein nydelig kveld, med kald klar luft og ein gnistrande stjernehimmel. Sjeldan har eg sett sett sjølve mjølkevegen so tydelig. Teltet og middagen blei gjort klar i lyset frå mi nyinnkjøpte hodelykt. Veldig bra investering! Natta blei kald, minus 4 grader, ytterduken på teltet rima både på innsida og utsida. Og det var kjølig på innsida av soveposen! Av bitter erfaring frå ei overnatting i bilen på parkeringsplassen til skisenteret i Hemsedal, ei iskald natt i november for to år sidan, der temperaturen var under minus 20 grader, burde eg ha visst at den soveposen er ubrukelig når det er kaldare en pluss 10..... Eg fekk no sove litt innimellom. I tre-tida høyrde eg at det kom ein del bilar og folk. Då eg var klar til å gå klokka seks om morgonen, kom der ein bil til og føraren fortalte at det var ein leiteaksjon på gong etter to damer. Fyrste timen gjekk eg i lyset frå hodelykta. Stien går fint innover i omlag tusen meters høgde til Vassdalen. Som vanleg klarer eg aldri å forstå kartet før eg er komen vel heim, og det førte til ein kraftig omveg, skulle det vise seg. Avstandane var ein del større enn det eg forstod ut frå kartet. Og det som såg ut som små kular, var litt høgare og større enn som so. Det er ganske uvant for meg å gå på ein topp eg ikkje kan sjå frå utgangspunktet av turen. Og eg hadde ikkje rekna med å bruke so lang tid på ein topp som berre ligg omlag 650 hødemeter over der eg starta ifrå... Lærdomen er at skal ein på tur i område ein ikkje er kjend, og der det ikkje finst gode stiar, bør ein ha kartblad i 1:50 000. Turkart i 1:100 000 blir for dårlig. Det var fint å gå oppover Vassdalen, nydelig vær og heilt stille bortsett frå redningshelikopteret som svirra rundt. På omlag 1200 moh traff eg på den fyrste snøven. Eg såg ingen opplagt veg opp i retning Vassdalseggi og stien var fin, og været var fantastisk, og humøret var bra. So eg gjekk og gjekk. Eg var til slutt oppe på turistskardet i 1300 meters høgde før eg tok til vetet og begynte å gå i retning mot toppen. Fyrst gjekk eg opp på eit trigonometrisk punkt på 1489moh som ikkje har navn på det turkartet som eg har. Slik forsatte det opp og ned på eit par liknande toppar. Etter kvart som eg kom høgare, blei snøven djupare, og eg er glad for at eg hadde gamasjar. Det var ganske tungt å gå slik å vasse i snøven, men det gjorde ingen ting. Eg kosa meg i sola. Flott utsikt over kvite fjelltoppar og haustfarga dalar. Endelig fekk eg fred for redningshelikopteret. Det einaste som laga lyd no var fotstega mine i snøven, og is som smelta og rasa nedover frå berga. Eg støkte ein del ryper som ikke alle hadde fått komplett vinterdrakt enno. I halv eitt tida stod eg endelig på toppen av Vassdalsegga 1658moh – det høgaste punktet i Rogaland. Nesten heilt vindstille og fantastisk utsikt til alle kantar. Ikkje ei sky dei nærmaste hundrede kilometer. I det fjerne kunne eg kjenne igjen blant anna Hallingskarvet og Gaustatoppen. Eg hadde innsett for lengs at min svært optimistiske plan om å klare Sæbyggjenuten på same dag var totalt urealistisk. Men slik er det, av og til må ein justere planane i forhold til verkeligheita. På veg ned gjekk eg der eg skulle ha gått opp. Nemlig langs den varda ruta til den omlag tre kilometer lange ryggen til Vassdalsegga . På enden av ryggen skrådde eg ned i starten av Lisjedalen som ligg mellom Kistenuten og Vassdalsegga. Til slutt enda eg ned på stien langs med Kjelavatn som eg gjekk på om morgonen. Eg var tilbake ved bilen klokka halv fem. Så det hadde vore ein lang og hard tur. Under gode forhold, når ein går den kortaste vegen, er det vel mulig å gå turen på 7-8 timar. Eg brukte over 10 timar. No var det berre å pakke teltet og kjøre mot Hovden og nedover Setesdalen til Berdalen for å etablere basecamp for bestigning av Sæbyggjenuten.

Etter omlag 20 minutt rask gange innover skogen i Berdalen frå parkeringa, fann eg ein brukbar teltplass og fekk opp teltet før det blei mørkt. Etter ein bedre middag frå resturanten til Real turmat var eg meir en klar for soveposen. Eg hadde håp om at det skulle være litt varmare denne natta, men det var stjerneklart, og det er gjerne litt kaldt i 800 meters høgde om natta på denne årstida. So det vart nok ei natt med dårlig søvn. Då eg stod på toppen av Vassdalsegga håpte eg på å nå ein sportsbutikk på Hovden, slik eg kunne få meg ein ny sovepose, men det blei for seint. Tross alt sov eg litt betre denne natta enn på Haukeli. Eg begynte å gå i åtte tida. Bakken var frosen og det var rim over alt. Stien innover Berdalen går i furuskog heilt inn til Berdalsbu som ligg på 1000moh. Denne stien var forresten skikkelig blaut og gjørmete. Då eg kom fram til Berdalsbu såg eg ein kar som kom ut av hytta. Sikkert ein rypejeger tenkte eg. Litt lenger oppe i lia traff eg på han igjen. Faen, tenkte eg, skal eg gå å trakke i helane til ein fyr med gevær heile morgonen? Eg hadde no støkt eit par flokkar med ryper lengre nede utan at det smalt. Karen kom bort til meg, og eg såg at han var utan børse. Han kunne fortelje at han ikkje var ein slik jeger, men at han skulle opp på Sæbyggjenuten. Ein toppjeger med andre ord. Snakk om tilfeldigheit. Vi holdt fylgje heile vegen opp på toppen. Dette er også ein dryg tur. Det er langt å gå inn til toppen. Men det er ein fin tur i flott terreng. Og vi var maksimalt heldige med været!! So nydelig med sol, spegelblanke vatn, haustfargar og kvite fjelltoppar. Det er eit lett terreng å gå i, ingen dramatikk, berre eit par elvekryssingar på isdekte steinar var litt småskummelt. Min nye turkamerat var kjapp til beins og i god form. Han hadde sikkert hatt det litt meir komfortabelt på DNT-hytta Berdalsbu, enn eg hadde hatt det i teltet. I dei siste snødekte bakkane opp mot toppen, kjende eg veldig godt turen frå dagen før i beina. Det var tungt, og eg måtte til slutt gi opp å holde skikkelig følge. Men det var i hvert fall fint å kunne gå i fotspora hans. Rett under toppen såg vi fire reinsdyr. Det er eit utruleg flott syn å sjå slike dyr i sitt rette element!! På toppen av Sæbyggjenuten 1507moh – det høgaste punktet i Aust-Agder, var utsikta like fin som på Vassdalsegga. Her også kunne eg sjå Gaustadtoppen og Hallingskarvet. Vi hadde brukt omlag tre timar frå Berdalsbu. Nista smakte og livet var bra, ein og anna cumulus hang høgt der opp og skygga for sola av og til. Eg vart verande på toppen ei stund til, mens min turkamerat sette kursen heim. Til slutt begynte eg å gå eg også, eg tok meg god tid og berre kosa meg over det å vere ute i fjellet i slikt eit vær. Eg var ganske sliten då eg endelig kom ned til teltet i Berdalen. Og klokka blei sju om kvelden før eg endelig kunne vri om nøkkelen i bilen og sette kursen heim.

Urddalsknuten får stå der til ein annan gong. Fylkestoppjegeren eg møtte på veg til Sæbuyggjenuten hadde vore der før, og kunne fortelje at det er ein dryg dagsmarsj inn til den toppen også. Det beste er visst nok å overnatte på DNT-hytta og ta det over to dagar. Litt enklare er det nok å ta det som ein skitur. So eg får vurdere det til våren....

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.