omn Skrevet 17. januar 2010 Del Skrevet 17. januar 2010 Den langvarige kulden denne vinteren, har gjort tilhøva perfekte, for turar til eksotiske stader, som det går mange år mellom kvar gong det går an å besøke. Ein slik stad er Gryta i Vikadalen. Me la i veg kl 10.00 laurdag 16.01.10, frå riksveg 53 i Naddvik. Annette, Anne Brit, Heidi, Jostein og eg. I starten gjekk turen på traktorveg, og seinare på sti, inn til trimposten til Årdal Turlag. Her tok me på stegjern, og gjekk vidare på elva, som var heilt tilfrosen. Elva rundar ein åsrygg som heiter Halsen, og her er det heilt uframkommeleg utan is på elva. Litt innom Halsen endar turen i ein 30 - 40 meter høg foss, som har grave ut ei stor rund gryte i fjellet. Hit er det ikkje mogeleg å komme, anna enn på elva, dersom ein ikkje kan flyge (eller rappellere ned ovanfrå sjølvsagt). Apropos flyge; Ei kongeørn sveva over oss, og sette ein ekstra spiss på turopplevinga i dag. Ho lurte nok på kva vi skulle... Her i låglandet vestpå, er vintrane ofte for milde til at naturen kan by på slike gode istilhøve. I vinter er tilhøva sjeldent gode. Så oppfordringa blir: Finn fram stegjern og øks, og gå laus på næraste elvegjel. Det kan gå mange år til neste gong... Dette er minst like morro som blåisvandring om sommaren. Her i Vikadalselvi, er det fin variasjon mellom paddeflate elvehølar og små fossefall å "klatre" i. Me brukte omlag 3 timar inn og to timar utatt. Eg vil seie at me brukte lang tid. Me tok fram tau til sikring to gonger, og då går tida fort. Men det er også med på å gjere opplevinga eksotisk for mange som ikkje er så godt trena "på glatta". Dersom ein ikkje brukar tau, og guffar på litt, vil ein greie seg fint med 2 timar inn og 1,5 timar utatt. Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gullars Skrevet 17. januar 2010 Del Skrevet 17. januar 2010 Tusen takk for fin turrapport! Noe jeg faktisk aldri har tenkt på! Virker som en utrolig fin opplevelse! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Emil Skrevet 17. januar 2010 Del Skrevet 17. januar 2010 Stilig plass Såg artig ut ja. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
krokavatnet Skrevet 18. januar 2010 Del Skrevet 18. januar 2010 Veldig bra kommune. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mayhassen Skrevet 18. januar 2010 Del Skrevet 18. januar 2010 Artig illustrering av grytebegrepet Isen så jo forlokkende ut da, så ut som bra tilhøve Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Dag G - Evje Skrevet 18. januar 2010 Del Skrevet 18. januar 2010 Bekkevandring er elvevandring light. . https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=10546&highlight=bekkevandring Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
omn Skrevet 18. januar 2010 Forfatter Del Skrevet 18. januar 2010 Mayhassen: Veldig fine tilhøve her inne no Dag: Fleire sjeler; samme tanke. Kjempegøy , og dei fine tilhøva ser ut til å vare lenge enno, og her inne er det mange elvedalar.... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
krokavatnet Skrevet 23. februar 2010 Del Skrevet 23. februar 2010 Fekk teke ein tur inn til Gryta på sundag og det var ei stor oppleving! Det var om lag 15 kalde og strålande vintervér. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.