Gal Krokfot Skrevet 3. januar 2010 Skrevet 3. januar 2010 På grunn av mangel på betre ting på tapeten nyttårsaften fant eg ut eg skulle ta ein tur inn til Puttbu og gjere eit forsøk på Puttegga. Puttegga har stått på ønskjelista mi lengje og eg hadde også planer om å ta nyttårsfeiring der i fjor men oppga det på grunn av elendigt vær. Påska 2009 måtte eg returnere med uforetta sak frå cirka 1700 meters høgde før toppen i stiv kuling, lavt skydekke og bitande kulde. Så denne gongen var det rendez-vous mellom gamle kjente. Puttegga (eller Pyttegga) ellers treng vel ingen nærmere presentasjon. Fylkestopp i Møre & Romsdal, kommunetopp i Norddal og Rauma og er ellers mest kjent for Arne Randers Heen's forsøk på å bygge på dei fattige 80 centimetrane som mangler på den magiske 2K grensa. Forsøket vart avvist og Puttegga står fortsatt registrert som 1999 meter. Planen var å stikke inn 30. Desember og ta toppen nyttårsaften, men av forskjellige årsaker vart eg eit døgn forsinka. Noko som skulle vise seg å være like greit da sikta var svært begrensa i høgda nyttårsaften. Klokka åtte om morgon nyttårsaften stod eg klar ved Brøste. Turen gjekk raskt inn til Tunga da eg kunne følge ferdigtråkka spor. Ved Tunga var det på med feller og igang med sporbrøyting. Kulda tok imidlertid knekken på fellelimet på eine skia relativt fort så da var det berre å fortsette utan felle på eine skia. Skiføret var så som så. Cirka 20 til 30 centimeter med pudder rett ned på lyng, kvist, brask og stein. Det gjekk tungt innover. Litt over ein kilometer før Puttbua falt også andre fella av og eg kunne konstatere at skibinninga hadde løsna. Tok meg inn til Puttbua og starta sprengfyringa for å få litt varme i hytta og kroppen. Etter ein liten dupp over ovnen under oppfyringa starta eg litt utstyrstørking og fant raskt forklaringa på kvifor eg hadde blitt våt og kald på venstrefoten. Framfor stortåa hadde det gått hull på skiskoen mellom sålen og læret. Bortsett frå at det stinker død og fordervelse av dei ser skoa relativt ubrukte ut så eg skuldar det på dårleg Garmontkvalitet. Etterpå ordne eg meg ein skikkeleg nyttårsmiddag med real tørrmat storfegryte. Varme tanker vart sendt til XXL som har sponsa meg med rimeleg turmat til langt ut i det nye året (https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=16760&highlight=xxl+storfegryte). Desserten besto av bamsemums og Ardbeg, eit herremåltid utan like. God og varm i kroppen gjekk eg ut ein tur og tente eit par stjerneskudd mens eg lytta til rakettdrønna frå nede i bygda(???). Ei grei avsluttning på 2009. 2010 starta med blå himmel og plenty med kuldegrader. Etter litt rask mat og ei kjapp ompakking la eg i veg oppover mot Puttegga. Skibinninga måtte etterstrammes med jamne mellomrom og skoen fekk berre være som den var, Puttegga skulle til pers. Oppe på ryggen til Putteggenden kom eg opp i ein infernalsk vind som tiltok opp mot toppen. Sikta var derimot formidabel og eg kunne nyte synet av Karitinden, Høgstolen, Høgtunga og eit stort antall andre prektige topper nært og fjernt. At sola strødde gull overalt den kom til gjorde ikkje synet mindre spektakulært. Turen videre opp til toppen gjekk raskt sjølv om det på avstand såg litt utsatt ut siste stykke opp mot toppen. Men dette løste seg greit og på toppen levde Puttegga definitivt opp til namnet sitt. Tida på toppen måtte difor begrenses men det vart tid til ein kjapp fotoseanse før kamera tok kvelden, trynet vart følelseslaust, auga fraus att og fingrane nekta å lystre lengre. Trass i all smerta var utsikta vel verdt det. Puttegga kan by på vel så bra utsikt som mange 2K topper eg har vært oppom, det ein av dei verkeleg finare topper eg har vitja så Randers Heen's forsøk var nok bortkasta tid og energi. Puttegga står godt på eiga hand. Når eg kom litt ned i sida att varta naturen opp med ein kraftig blå/rosa himmel i nord mens sola satte fyr på himmelranden i sørvest. Eit syn eg seint vil gløyme. Dessverre hadde kamera teke kvelden i kulda og fingrane var heller ikkje operative lengre... Stoppa imidlertid lengre nede på ryggen ein gong og fekk liv i kameraet att men da var det forseint. Turen nedatt til Puttbu gjekk raskt og det vart fort varme i den gode gamle Jøtulovnen. Litt Ardbeg i magen, skyfri himmel og tilnærma fullmåne satte prikken over i'en på den dagen. 2. Nyttårsdag fortsette som den 1. men med meire vind. Satte til livs ei solid havreblanding til frokost, pakka utstyret, rydda opp i hytta og la i veg nedatt med lovnad om å returnere for heile hesteskoen ein gong når dagane er lengre. Spesielt Karitinden må være vel verdt eit besøk siden den skal ha enda betre utsikt enn Puttegga men eg har også sett meg ut nokre andre topper i området. Turen utatt gjekk på godt under fire timer mot over sju timer inn. Det er "merkeleg" kor mykje raskare det går med nedoverbakke, oppgåtte spor og ingen bakglatte skiproblematikk... Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
HegeJohnsen Skrevet 3. januar 2010 Skrevet 3. januar 2010 Nydelige bilder; spesielt månebildet. Vakkert Siter
Atomsilda Skrevet 3. januar 2010 Skrevet 3. januar 2010 Flotte bilder...det ser kaldt ut ja.. Hvor lang tid brukte du inn til Puttbua fra Brøste? Vurderer nå tur inn dit! Siter
Gal Krokfot Skrevet 3. januar 2010 Forfatter Skrevet 3. januar 2010 Brukte mellom sju og åtte timer men da med betydeleg handikap. Turen kan tas mykje raskare ved gode forhold. Det går ei skiløype inn til Kabben så du vil nok slippe å trakke spor inn dit men videre kan det være meire usikkert. Det kom noko snø i natt så spora mine er nok borte att. Det er mogleg det er raskare å gå over Tungesnyten og Rundhaugen? Eg fulgte Puttbudalen. Uansett: god tur, det er verdt slitet! Siter
Bjarne Lindholdt Skrevet 4. januar 2010 Skrevet 4. januar 2010 Ytterst vakre bilder! Ja, bare synd de er så små Siter
Ole-Petter Skrevet 8. januar 2010 Skrevet 8. januar 2010 Vakkert! Gikk selv skitur tidlig i februar 2009, i nydelig, men ganske kaldt vær. Utsikten mot Romsdalsalpene er noe av det flotteste jeg har hatt. Atomsilda: Vi brukte 6 timer fra parkeringa til Pyttbua, men da var det spor/tråkk hele veien. Vi hadde med en 12-åring. Våre feller datt heller ikke av... Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.