Gjest Anonymous Skrevet 13. september 2004 Skrevet 13. september 2004 Værmeldinga fredag kveld tilsa tidleg start på lørdag, så kl 06.00 kjørte eg frå Øvre Årdal. Parkerte på gamlevegen aust for bommen, og gjekk frå bilen 06.35. Ein strålande morgen i fjellet, sola hadde så vidt nådd dei høgste toppane. Gjekk inn i Hurrungbotnen, og opp på ryggen nord for vatnet på 1512. Vidare opp på sjølve ryggen, og strake veien til toppen av Store Soleibotntind. Oppe kl 08.15, nesten vindstille og sola lågt over alle Jotunheimens toppar i aust. Fantastisk rundskue, men langt i vest låg alt truande skyer. Var borte og såg på ruta vidare mot søre, men ingen ting for ein amatør som meg. Returnerte same vegen, til vatnet, gjekk så sørover ryggen på vestsida og opp i ura på sørsida. Greit å ta seg litt mot aust, og så langs egga på sva rett til høgre for breen. Så oppover ryggen til Vestre Austabotntind. Med fjellfilmfestival på Turtagrø vart det etter kvart folksamt på toppen, men dei fleste skulle vidare til Store. Ein del nysnø i nordflanken, berre toppen av egga var snøfri det meste av vegen opp. No nerma truande skyer seg innover Sognefjorden, og etter ein kort pause var det berre å returnere. Tok litt for langt mot nord ved høgde 1483, men kom ned uten alt for store problem. Så vidt tilbake i bilen, kom dei første regndropane, så "timinga" var perfekt. Med litt sikring går det kanskje an å prøve seg på toppen neste gang? Agnar Å. Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.