gunner Skrevet 28. juli 2009 Skrevet 28. juli 2009 Etter daglege varsel om regnbyer heile veka, kom endeleg det etterlengta varselet om godt ver for denne søndagen, og den planlagde todagarsturen til toppane nord for Glittertinden vart i all hast endra til dagstur. Klokka vart halv ti før eg kom meg i veg frå brua ved Smiugjelsøygarden i Visdalen 800 m o.h. Etter 700 tunge høgdemeter, var godt å kome opp på Gokkeroksle og flatare terreng. Skydekket låg framleis ned mot 1800 m sjølv om både Yr og Storm hadde lova sol frå klokka 12 på Spiterstulen og Glitterheim! Tre timar etter start gjekk sikten gradvis mot null, og terrenget vart så flatt at det var uråd å sjå om det gjekk opp eller ned! GPS-en har vore med i sekken i mange år, men aldri vore i praktisk bruk. No fekk eg endeleg sjansen til ein blindtest. Resultatet viste at målet låg berre 40 meter unna, og etter fem meter rask framrykking, stabiliserte nåla seg i 90 graders vinkel mot høgre, og straks etter dukka trigpunktet på nordre Trollsteinhøe fram av skoddehavet. Med gammaldags kompasskurs hadde eg neppe funne toppen denne dagen! Vidare mot det austre topp-punktet, er det omtrent 150 m ned i eit lite skard etter vel ein km, og deretter berre 40 m stigning, så denne toppen kravde lite energi. Så vart kursen sett mot sørvest mot Søre Trollsteinhøe og Gråhøe. På veg mellom desse toppane letta skydekket nok til at eg fekk god utsikt mot sør og aust og kunne studere ruta for resten av dagen. Sjå kart over toppane her (med litt andre ruter):http://www.bergtatt.net/topper/kart/omr2/trollsteineggi.htm Etter Gråhøe er det 300 negative høgdemeter ned til Svartholsglupen. Der måtte eg vente på ein flokk reinsdyr på veg vestover. Eg høyrde dei typiske snorkelydane lenge før eg såg dyra. Utruleg kor godt desse dyra er tilpassa fargane på steinen i bakgrunnen. To dyr var heilt kvite og kunne lett forvekslast med eit par små snøklattar! Det er fantastisk moro å studere kor lett dyra tek seg fram både på snø og stein, og når dette kan kombinerast med ein velfortent matpause er det ekstra kjekt å gå på tur! Etter Svartholshøe og Trollsteinrundhøe, var det på med stegjern for ein kjapp avstikkar over til Grjotbreahesten. Planen var å krysse heile breen og gå opp ryggen til Austre Glittertinoksle, men dette ville ha medført ein usikker retur ned over ei sone med store tverrsprekker i den brattaste delen av breen mellom Glittertindoksle og Glittertinden. Derfor valde eg å gå opp breen for å sjekke om det var mogleg å kome over sprekkene. Det viste seg at det meste av sprekkeområdet var fritt for snø og enkelt å kome over med litt kryssing fram og tilbake. Men under snøen på oppsida er det fleire mindre sprekker som kan vere skumle nok for den som har det travelt. Isøks er eit absolutt krav for sikker kryssing av breen her! Skodda la seg langt nedover Glittertinden igjen, og toppturen vart droppa (eller var eg berre litt sliten? Ja, eg var nok det!). No stod Trollsteineggje for tur, ein kvass rygg, men ein enkel og grei tur nordover til Dronningje. Den reknar eg som ein sjølvstendig topp sjølv om primærfaktoren er knapt 20 meter. Rekkjefølgje: Trollsteinhøin nordre-austre-søre, Gråhøe, Svartholshøe (nord for Trollsteinrundhøe), Trollsteinrundhøe, Grjotbreahesten, Austre Glittertindoksle, Trollsteineggje, Dronningje. Med unntak av høgdetapet på 300 m mellom Gråhøe og Svartholshøe, er dette toppar med relativt små høgdedifferansar, men likevel ein nokså tung tur på 12 timar. Ved å velje Glitterheim som endepunkt og gå Trollsteineggje mot sør i staden for å gå opp Grjotbreen, kan nok tida reduserast med minst ein time. I nysnøen mellom austre og nordre Trollsteinhøe var det relativt ferske fotspor, men på toppane sør for Trollsteinrundhøe var det ingen spor etter andre turgåarar denne dagen. Det ser ut til at dette er nokre av dei minst besøkte toppane i Jotunheimen sjølv om dei næraste ligg mindre enn ein kilometer frå den populære turistruta over Glittertinden! Obs: Bileta ligg i baklengs rekkjefølgje! Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
Håvard Skrevet 28. juli 2009 Skrevet 28. juli 2009 Flott tur i et lite besøkt område av Heimen dette. På vår 2 dagerstur traff vi kun en danske som hadde tilbringt feriene siste 10 år i Heimen (20004). Hjalp ham inn i tauet fra sørenden av Trollsteinseggi mot Gl.tind, for så å nesten drite på draget selv på returen Fra Ø Glittertindoksle mot Grjotbrehesten tok jeg først på meg tau midt utpå breen, da jeg stod til skrevs i foosende vann og snø til haken, så breer er lunefulle ja....... Siter
Håvard Skrevet 28. juli 2009 Skrevet 28. juli 2009 Dobbelmelding, så endret! Tregt mobilt brebånd gir dobbeltmeldinger iblant.......... Telenor må skjerpe seg Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.