Gå til innhold
  • Bli medlem

Tips om korleis forutsjå skodde (tåke)


Qme

Anbefalte innlegg

Hei!

Det har skjedd mange gangar, at det blir meldt fint veir dei komande dagane på vervarsla anten på nett, radio eller TV, utan at det blir sagt noko om skodde(tåke). Veit at det kan vere svært lokale skilnadar når det gjeld dette "fenomenet" men her ein dag var store delar av Sunnmøre dekt av skodde heile dagen, utan at det var nemnt så mykje som "morgentåke" nokon stad. Eg hadde sjølvsagt sett meg ut denne dagen(fordi det var meldt bra tre dagar på rad) men utgjort at den eine dagen eg skulle på tur, var det kvitt ned til fjæresteinane, og på toppen av fjellet eg var på såg ein knapt ein radius på 5 meter. Då blir mitt spørsmål: Kan ein forutsjå skodde ved hjelp av enkle tommelfingerreglar? Nokon som har tips? Veit at sola varmar opp bakken, og skodda forsvinn difor utover dagen, men dette er ikkje alltid det gjeld, for eksempel når det ligg store snøfelt som held temperaturen nede? Takk for kommentarar :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Dette har jeg også opplevd! Blant annet da jeg skulle på Lomseggi for noen uker siden. Med strålende sol på alle værmeldinger så jeg fram til en alle tiders tur under blå himmel, men i stedet var det tett med tåke på alle toppene helt til kl 12 da sola fikk tak. Jeg har heller ikke funnet noen god metode å forutse slik tåke...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lokalkjennskap er nok det rette ordet her.

Det er mange stader skodda legg seg på heilt bestemte toppar ved ein bestemt type ver. Kva denne typen ver er, er veldig lokalt bestemt.

Skodde ved ellers fint ver kan vera typiske fenomen på bestemte og, i forhold til omgjevnaden, høge fjell. Gaustatoppen er eit typisk eksempel på dette. Storen har også noko av denne tendensen. Skodda legg seg nedpå toppen store deler av dagen, når veret ellers er typisk fint. Skodda kjem då gjerne fyrst på dagen og ligg der til ut på ettermiddagen når alle folk har gjeve opp og gått ned att, så er det fint om kvelden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.