Qme Skrevet 23. april 2009 Skrevet 23. april 2009 Hei! Kika i skiboka til FriFlyt og fekk auge opp for nokre flotte turar på Sognefjellet/Hurrungane. Ettersom mykje tida går med til Sunnmørsalpane heile vinteren tenkte eg at ein tur sørover kunne gjere godt når snøgrensa har trekt seg så høgt opp her oppe langt uti mai. Har fri frå 21.mai til 24. mai tenkte å muligens prøve meg på Dyrhaugsryggen, Store Ringstind og noko på Smørstabbreen kanskje Store Bjørn eller Store Smørstabbtind. Er det nokon som kan skrive kort om kva eg "går til" på kvar av dei nemnte toppane? Lengd, start, evnt. hindringar/faremoment, nedkjøring? Veit står litt om det i den nemnte boka, men ikkje så altfor mykje. Evnt. føre og veir på denne tida. Er det noko ein bør ta ekstra omsyn til? Er godt kjend på Sunnmøre og har nokre turar i beina, så kan vel dryge det til å kalle meg ein erfaren skigåar. Tindeprofilen til Store Austanbotntind er svært freistande, men her er det lett klatring som må til?? Kva utstyr? Start og ankomst? Kom gjerne med tips til andre toppar som ligg i området rundt Sognefjellet. Hadde tenkt å overnatte anten på Turtagrø eller Bøvertun Har ikkje sjekka evnt. andre innlegg om dei nemnte toppane, uansett ingen er like Siter
jarmol Skrevet 24. april 2009 Skrevet 24. april 2009 No har eg ikkje vore og sett på snøforholda, og eg har jo ikkje heilt kontrollen på smeltinga den neste månaden, så sjølve skiforholda er vanskeleg å seie noko om, men kan prøve å seie noko generelt. Dyrahugsryggen bør være grei, med unntak av at det truleg er svært roten snø mot toppen, og svært lite/ingen snø ned mot Turtagrø. Sjølve toppryggen vil eg tru er ganske bar på det tidspunktet, men med ein del is/snø mellom steinane. Tvilar altså på om det er noko særleg til skiforhold, men med ein heilt jævlig mai sånn værmessig, så kan det jo være pudder øverste delen. Det er nok meir snø mot Ringstind og på Smørstabbreen, men så seint på våren ville eg nok gått med tau når du bevegar deg over brear. Her må ein få ein oppdatering på snøforholda når det nærmar seg. For øvrig er det jo flotte toppar. Å gå på toppen av Store Austanbotntind krever klyving opp normalruta. I slutten av mai vil det nok være vått og mykje snø, så her ville eg absolutt ha sikra. Eg er også litt usikker på korleis snøbreen på nordsida av Store er på det tidspunktet. Dette biletet er teke i slutten av august, og då er den nesten vekke, men den kan være svær om våren. http://www.topptursiden.no/photogallery/05%20bresmelting.jpg Det er også stor fare for steinsprang på Austanbotntind om våren/forsommaren pga isspreng i laust fjell, dog noko mindre opp normalruta enn ellers rundt fjellet. Det går imidlertid ei snørenne ned mellom V-1 og V-2 som er nemnt i Fri Flyt si bok. Då treng ein altså ikkje opp mot sjølve hovedtoppen. Denne ligg på skyggesida, og har nok ein del snø i slutten av mai. Ein må berre vurdere snø- og isforholda når ein kjem ned i botnen mot vatnet. Den er også bratt og trang i starten, så ein bør være erfaren med tilsvarande og trygg på seg sjølv for å sette utfor. Sikkert nokon her inne som har køyrt den renna og som kan seie noko meir om den. Siter
jarmol Skrevet 29. april 2009 Skrevet 29. april 2009 Har fått mistanken bekrefta angåande snøforholda på Dyrhaugsryggen. Tinderittet, som etter planen skulle gått no på laurdag (2.mai), er avlyst pga dårlege snøforhold. Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.