Gå til innhold
  • Bli medlem

Nordkalottleden (Kautokeino - Kvikkjokk) i Februari-Mars


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hej!

Jag planlægger før att ge mig ut på æventyr længs Nordkalottleden nu i vinter. Børjar i Kautokeino i mitten av Februari och går sedan søderut mot Kvikkjokk. Har ingen tidspress utan kan vara ute i ca två månader.

Jag har erfarenhet av de norra delarna av sverige vintertid, men ej av områdena i Finland och Norge runt Kautokeino och Treriksrøset. Ær det någon som gått detta på vinterstid, eller i nærheten?

Ær medveten om att stora delar av Nordkalottleden inte ær uppmærkta vinterstid och undrar dærfør ifall mitt val av område ær lurt? Eventuell problematik i området, vinterstid? Ostabilt væder m.m Tænker dock att det ger en viss sækerhet att følja leden æven ifall jag får orientera, då det finns en del hyttor att søka skydd i vid dåligt væder...

Tacksam før alla svar! :)

/Maria

Annonse
Skrevet

Det er heilt sikkert nokon andre som kan svare betre enn meg, men eg kan no i alle fall starte

Eg har gått t.d. Sulitjelma-Ritsem-Abisko-Altevann-Treriksrøysa/Kilpisjarvi-Maze/Masi (ikkje så langt frå Kautokeino), og en del av dette langs Nordkallotleden. Dette var stort sett i april måned. Ingenting av den ruta eg tok, var merka på norsk side. På svensk side er det gjerne permanent vintermerking. På finsk side er scooter-trasèen godt merka, og desse kan til ein viss grad bli nytta.

Når det gjelder vær og vind, så er det verdt å merka seg at det kan bli VELDIG kaldt i februar og mars, men dette går i perioder. Det kan være lurt å sjekke temperaturstatistikker, men rekn med at det kan bli i alle fall -30 til tider. Dette med tanke på å ha rette sovepose og anna utstyr. Ville ha tatt med meg eit veldig godt telt som står godt i vinden, dette er høgfjellsområder som kan vera temmeleg utsatte når det først er dårleg vær-

For navigering vil eg anbefalar GPS, og då helst med digitalt kart. Dette gjeld særleg om du er åleine. GPS er bare eit hjelpemiddel i tillegg til vanlige papirkart og kompass. Pairkartet er spesielt mykje betre når du skal planlegge lengre ruter og få oversikt. Til tider er det et krevande område å navigere gjennom, spesielt i dårleg vær. På finnmarksvidda er det lett å bli "lurt" av terrenget, det er få sikre holdepunkt sidan det er ganske flatt.

Kautokeino-Kilpisjarvi:

Det er få hytter. På norsk side er desse låst, sjekk www.statskog.no

På Finsk side er det fleire hytter. Desse er todelt: den eine er låst, den andre er open for alle. Veldig sparsomt utstyr, men det skal vera ved og madrasser.

Det er fleire reingjerder på ruta, dei fleste av desse er ikkje vanskelige å krysse. Langs deler av grensa mellom Finland og Norge, er det eit ganske høgt gjerde.

Skrevet

Hej Ragnar,

Tack før svar! :)

Gick du i riktning norr? Var det inte før sent att vara ute i April snømæssigt? Har varit ute på påsken och haft vældigt dåligt med snø i orådet runt Kebnekaise... Annars låter ju detta som en mer lur idè då vædret sækert ær mer stabilt. Kanske jag borde børja i mars i stællet!?

Vad tror du om pulk kontra ryggsæck? Jag tænkte nog ta pulk, då det verkar mer behagligt.

Jag tænkte ta med GPS, men den jag har ær utan karta. Ær det stor skillnad sækerhetsmæssigt?

Tælten jag har ær Hilleberg soulo och Hilleberg Nammatj 3 GT. Ær kanske lite tveksam till Soulo vinterstid, men ska få provat ut det føre jag drar ivæg.

Maria

Skrevet

Angående hytter mellom Kautokeino og Kilpisjarvi, så er statskoghyttene langs finskegrensa åpne, i hvert fall i Troms. Jeg har vært på Loassohytta (nærmest Kilpis), Bizushytta, Somashytta, Sidusgohpihytta og Deatnomuotkihytta (innerst i Njàllaàvzi). Alle disse hyttene har grei standard. Du finner samtlige på www.inatur.no

Hilleberg Nammatj 3 GT er et telt som duger til den turen. Jeg selv nøyer meg med GPS uten kart. Jeg bruker den uansett bare i tilfeller hvor jeg er i tvil om hvor jeg befinner meg. Da leser jeg av koordinatene, ser hvor det er på papirkartet og tar ut kompasskurs i den retningen jeg skal gå.

Skrevet

Ja, eg gjekk nordover. I slutten av april forsvann snøen kjapt, så det er nok ein fordel å vera framme til ca 20.april for å unngå råtten snø eller lite snø. Dette avheng jo av kva område det er og varierer (det veit du nok meir om enn meg - eg er ikkje lokalkjend). Det er ofte varmare og betre temperaturar i slutten av mars og i april. Eg gjekk i april pga at dette var ein del av ein Norge på langs tur (6.april frå Sultjelma), på ein 2mnd tur ville eg nok ha starta i slutten av februar eller starten av mars, men då vera forberedt på kalde dagar.

Temperatur og vær

Forskjellen på feb/mars og mars/april i området er stor. For å illustrere dette: Frå 20.februar til 06.mars 2006 var det mellom -26 og -39 grader på dagtid i området mellom Sulitjelma og Abisko, ein eg kjenner litt til der i den perioden, altså svært krevande forhold. I slike temperaturar er det ikkje sikkert det er særleg lurt å gå om du ikkje må. Du bør uanset ha ansiktsmaske og stormbriller (slalombriller) som dekker 100% av ansiktet.

1mnd etterpå var det heilt grei temperatur, kun -5 til -10 grader nattestid, påskesol om dagen.

For kautokeino kan du jo ta ein kikk på denne statistikken:

http://www.yr.no/stad/Noreg/Finnmark/Kautokeino/Kautokeino~298383/statistikk.html

Det er ingen problem å gå i februar/mars om du er innstilt på å takle desse kuldeperiodane.

Telt og hytter

Hilleberg Nammatj 3 GT skal vera eit godt telt, eg har ikkje sjølv brukt det noko særleg, men det burde gjera jobben. Viss du har pulk, så kan du jo ha med det litt meir i forhold til å gå med sekk, spesielt i forhold til ekstra mat og meir drivstoff/bensin. Det er jo eit stykke mellom kvar butikk i dette området! Eg kjem på Kilpisjarvi,Abisko og Ritsem om hytta er open der. Det er godt å kunne fyre litt i teltet om det er kjøleg. Imidlertid er det tyngre i oppoverbakkar med pulk og det er også noko slit gjennom bjørkeskog og i bratte nedoverbakkar. I djup nysnø er det også svært utfordrane å gå med pulk, eg var nede i 3km på 8timar! Pulk/sekk er ein smaksak, både fordeler og ulemper. Hugs å skaffe deg norsk DNT universalnøkkel for dei norske turisthyttene - dei er låst. Merk også at det er stor forskjell på turisthytter til DNT og såkalla "statskog" hytter. Som Stegern påpeiker, sjekk desse ut på inatur.no Eg var nok også litt snar - nokre av desse er nok ulåste medan andre er låste (avhengig av område). DNT hyttene kan du finne her: www.turistforeningen.no/turplanlegger/ . Dei svenske hyttene har, som du sikker veit, alltid eit ope rom utan lås. Hyttene i nasjonalparken, t.d. Padeljanta, var forøvrig veldig dyre. Kosta vel rundt 300kr (?), så eg sov ikkje der (ikkje drifta av STF)

Primus

Eit anna råd er å tenke på at du faktisk er 100% avhengig av primusen for å skaffe drikkevatn om det ikkje er hytter i nærleiken. Difor vil eg anbefale ein ekstra primus i reserve (evt ein liten gassprimus). Sjøv om det kan vera ope vatn i råker eller ved elveutløp, så ikkje risiker å dette uti bare for å hente vatn. Det kan vera ganske umogleg å nå ned, sjølv om det er fristande. Det kan godt hende det er overvatn på isen om du spar deg ned eit stykke, dette gjeld særleg seint på vintaren - då kan du spare drivstoff på dette. Ei god spade er sjølvsagt, det må vera med. Eg foretrekk ei spade med stort blad av metal/aluminium, slik som nokre av dei frå G3 eller Black Diamond. Den såkalla "røde" fjellspada er også god. Eg har mindre gode erfaringar med Composite-blad (plast), då desse er problematiske når det er veldig hard snø.

Navigasjon

Det tar litt lengre tid med GPS utan kart synes eg, spesielt om du har tenkt å gå i "white-out" eller dårleg vær. Sikkerhetsmessig har det mindre å bety om du kan godt med vanlige kart, så det er ein smaksak. Ein kan lett bli litt lat om ein har GPS med kart og ikkje følge godt nok med - ein feil eg sjølv har gjort til tider. Likevel, med digitalt kart treng du kanskje 4-5sekund på å finne ut kor du er også på papirkartet, du kjenner lett igjen formasjonane eller kurvene; skal du gjera det på ein GPS utan kart, må du drive å lese av koordinater, noko som ikkje alltid er like trivielt. Dette gjeld særleg om du må gjera dette mange gonger. Ein GPS med kart vil også hjelpa til med fin-orientering og å se dei aller mest skjulte detaljane. På dei svenske 1:100.000 karta er det veldig vanskeleg å skilje ut dei enkelte høgdekurvane om du går i vanskeleg eller bratt terreng. På ein GPS zoomer du bare inn og ser dette ganske nøyaktig, ha eit auge for detaljar! Eit spesielt godt råd er å sjå etter ruglete eller ujamne høgdekurvar - då skal ein vera obs. Også ved ferdsel i ukjent terreng er det vedig greit for å unngå overraskande bratte skrenter, bekkedaler og anna som det kan vera lett å oversjå på eit papirkar med mindre du les det godt. Men det går heilt sikkert greit med ein vanleg GPS, det essensielle er å ta seg inn om du er usikker på kor du er. Eg går heller nesten aldri med den påslått med mindre det er ein god grunn for det. Imidlertid hender det eg har den på for å lagre track-log, i tilfelle eg må snu og gå tilbake f.eks. til ei hytte. Då sparer du veldig med tid og det er ein reel ekstra tryggleik å ha den moglegheita. Og akkurat det er jo temmeleg likt om du har kart eller ikkje.

"Sjekkliste"

På min tur hadde eg følgande liste over ting eg måtte passa meg veldig for:

1)Skrenter og bekkedaler. Ikkje sjeldan eg passerte skrenter på 5-10meter++ eller ein bratt bekkedal. Desse kan vera vanskelege å sjå ovanfrå og på kartet er det ikkje nøvendigvis opplagt at noko slikt venter (god kart-lesing må til). Å gå utanfor slike små-stup kan vera mindre bra, sjølv om det også heldgivis somregel ender godt.

2)Dårlig is og svekka is ved inn- og utløp av bekker og elver. Gå ikkje gjennom isen - konsekvensen kan fort bli fatal spesielt om du er åleine. Ha alltid isbrodder rundt halsen om du krysser vatn. Sjølv midtvinters kan det vera opne inn- og utløp, kanskje dekka av eit tynt islag - dette gjer det ekstra farleg. I området du skal på tur, plar vel isen vera god på den tida, men vær altså veldig obs på inn og utløp likevel. Ikkje stol på snøscooterspor - du går rett gjennom stader der den klarer seg fint. Dette kan bare ikkje understrekast nok. Likevel kan det godt hende det er trygt å gå på is med mase overvatn - men då skal du vite kva du held på med. Skia hjelp også veldig, det skal litt til å gå gjennom. På regulerte vatn er det lurt å få kontakt med nokon som er lokalkjende, slik at du veit kor det er trygt å krysse. Ved Altevatn er det visst ein del område du bør vera obs på om du skal krysse midt over denne. Akkajaure ved Ritsem har merka løype over - følge denne.

3)Skred. Alltid ein faktor, særleg tidleg på vintaren. Unngå bratte heng, vurder snø og legg ruta di sikkert etc. Skred plar ikkje ofte gå i skråningar som heller mindre enn 25-30 grader. Likevel er eg somregel ikkje så bekymra for dette om skredfaren ikkje er stor. Du bør kunne vurdere skredfaren sjølv. Spesielt obs etter dagar med nedbør i form av snø og deretter vind, ein veldig dårleg kombinasjon. Skredvarsel er ofte veldig generelle, det er veldig forskjell frå stad til stad.

Gjest Otto Støver
Skrevet

Ja Ragnar har god erfaring, og det var mange gode råd. Jeg ville bare si at jeg stort sett alltid finner overvann på større sjøer. Det tar litt tid, men særlig hvis det er en del snø oppå isen vil den bli presset ned slik at vann siver opp gjennom sprekker. Jeg bruker å ta baksiden på skia og stikke ned. Når det er fuktighet i de nederste lagene ser man det fort.

En annen ting jeg bruker å ha med er en "vannhenter" Det er et elastisk tau ca 2mm tykt og 15-20cm langt i en løkke. Jeg har denne hengende nederst på en skistav over trinsen. Når jeg skal hente vann trær jeg bare en standard brusflaske fra nedsiden inn gjennom trinsen, og surrer vannhenteren rundt tuten og fester rundt piggen. Da henger flaska godt fast, og kan fires ned til vannet fra trygg grunn. Hvis det er langt ned, kan du bare skjøte de to stavene du har til dobbel lengde. Da burde du nå de fleste bekkene du passerer.

Enig i at gps med kart er bedre. Det er et møl å stå og lese tallene på gps og så huske dem og beregne dette på et kart som blafrer i vinden. Fort gjort er det også å gjøre feil, jeg har selv bommet på et tall eller funnet rette streken og så tatt feil retning for desimalene. En annen sak er at du lettere kan finne et punkt du ser du må gå til (bro, rastekoie ol) og bare peke den ut på gps-en og så gå dit. Så har du retning og distanse. Men oversikten over ruten er bedre med kartet, det er viktig å kombinere disse to synes jeg.

Skrevet

Hvorfor denne GPS-hysterien? Vi har i alle tider klart oss med kart og kompass, og det kan vi vel fortsatt?!

Hva skiller, egentlig, GPS fra snescooter?? Begge deler er helt sikkert en fordel for de som har en jobb å gjøre, men vi som bare er i naturen for å oppleve naturen må da kunne klare oss uten den slags?

Skrevet

GPS er ingen hysterie, men kan være et nyttig hjelpemiddel når det er dårlig sikt. Hvis du nesten ikke ser noe og ikke har GPS, må du nsten slå opp teltet og ventet til været bedrer seg. Med GPS har du en mulighet til å gå videre også i dårlig vær. På flate områder med få gjenkjenningspunkter kan en GPS også være nytig, spesielt på vintertid da landskapet sort sett ser likt ut.

Jeg bruker også GPS med kart og har brukt det sist påske i en skikkelig white-out. Normalt ligger GPs-en avslått i sekken og venter til jeg trenger den. Kartet og vanlig brukes normalt som utgangspunkt og holder ganske lenge.

Skrevet

Det er en sikkerhetsfaktor, som de andre sier, og muligheten for å bevege seg i dårlig vær.

Skyter inn med ett nytt spm;

Hvilke prosedyrer har dere ved telt oppsett om vinteren? Lurer på dette for høre om noen har noen tips og triks for økt effektivitet.

Det jeg gjør er:

-Sette opp teltet, full ventilasjon

-Slenge inn liggeunderlag, sovepose og teltutstyr lar jeg ligge i vanntette pakkposer

-Henge opp jakke og sokker, ta på dunjakke og leirsko

-Fyre opp primus, lage middag og spise mens jeg koker opp 2 termoser med vann

-Legge meg i soveposen, lese og forberede neste dag. Full ventilasjon

-Om morgenene lager jeg frokost med varmt vann fra den ene termosen

-Børster av rim, rister det ut, pakker og går videre....

Skrevet

Greie teltprosedyrer, men hos meg er primusen i gang hele tiden jeg sitter i teltet og ikke ligger i soveposen. Jeg pleier å fyre opp primusen om morgenen også, for å få varme, koke kaffe og tørke teltet.

I tillegg graver jeg om mulig en kuldegrop i forteltet med en gang teltet står.

Skrevet

Hej,

Detta var många vældigt bra tips!!

Jag har alltid GPS med på tur - och speciellt nær jag tænkt gå en del ensam på vinterfjæll ær detta en nødvændighet. Dessutom kommer jag troligtvis ta med en nødsændare som heter Spot och som just kommit ut på marknaden i Norge. Någon som har erfarenhet med denna?

Førresten vældigt bra sækerhetstips från Ragnar!

Tusen tack igen!

Skrevet
GPS er ingen hysterie, men kan være et nyttig hjelpemiddel når det er dårlig sikt. Hvis du nesten ikke ser noe og ikke har GPS, må du nsten slå opp teltet og ventet til været bedrer seg. Med GPS har du en mulighet til å gå videre også i dårlig vær. På flate områder med få gjenkjenningspunkter kan en GPS også være nytig, spesielt på vintertid da landskapet sort sett ser likt ut.

Jeg bruker også GPS med kart og har brukt det sist påske i en skikkelig white-out. Normalt ligger GPs-en avslått i sekken og venter til jeg trenger den. Kartet og vanlig brukes normalt som utgangspunkt og holder ganske lenge.

GPS er absolutt blitt hysteri. Folk tør jo ikke gå vekk fra veien uten å den med seg.

Hvorfor kan man gå videre i dårlig sikt med GPS, men ikke uten? Kan like godt gå på kompasskurs, du kommer frem da også.

GPS er et "karl Johan"-fenomen for pingler. Den som kan naturen klarer seg uten. OG er den som overlever når situasjonen blir skarp!

Skrevet
GPS er et "karl Johan"-fenomen for pingler. Den som kan naturen klarer seg uten. OG er den som overlever når situasjonen blir skarp!

Tull.

Det er den som har erfaring og kan navigere under vanskelige forhold som berger ræva, men ta for all del med kart og kompass. GPS'er trives ikke i sterk kulde.

Skrevet

Tull.

Det er den som har erfaring og kan navigere under vanskelige forhold som berger ræva, men ta for all del med kart og kompass. GPS'er trives ikke i sterk kulde.

Tull? Du bekrefter jo hva jeg sier!?

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.