LarsOH Skrevet 2. september 2008 Skrevet 2. september 2008 Noen som vet om Spot er godkjennes av Dansk Polarinstitutt og forsikrings selskaper som nødpeilesender mtk grønlandskryssninger? Siter
Ragnar Skrevet 2. september 2008 Skrevet 2. september 2008 SPOT er ikkje godkjent som "nødpeilesendar" korkje av DPC eller forsikringsselskapet slik eg forstår det, kun PLB/EPIRB med eigen radiolisens frå Tele Greenland blir akseptert (samme for Svalbard, men der har også eldre nødpeilesystem vore sidestillt fram til no). Forøvrig testa vi med Globalstar satelitt-telefon på Grønland i 2007. Dekningen for denne og for SPOT er ikkje heilt identisk, betre med SPOT på grunn av fleire aktive satelittar med L-band kontra med både L-band og S-band som er nødvendig for tovegs kommunikasjon, i tillegg til nokre andre tekniske forskjellar (antenne, effekt og feiltoleranse). Det var ingen kontakt i det heile, ingen dekningsindikasjon eller nokon som skulle tilsei at telefonen mottok signaler så lenge vi prøvde. Og vi prøvde ganske mange dager på rad, fleire gonger pr dag og ulike tidspunkt (ca 8-10 dagar). Problemet er nok først og fremst mangelen på dekkande bakkestasjon, kombinert med låg vinkel når det faktisk er bakkestasjonkontakt (Frankrike eller USA), men dette burde ikkje ha vore eit så veldig stort tema der vi var mned god sikt i alle rettningar. Vinkelen til satelitten er imidlertid ikkje noko lågare enn på Svalbard, og der har det jo vist seg at den fungerer nokre stadar ifølge postingar her på forumet. Teoretisk sett kan du ha deking frå 0-15 minutt pr time med Globalstar telefon i Tasiilaq på austkysten pr idag. ifølge Globalstar sjølv. Truleg noko meir med SPOT, men det ønsker ikkje Globalstar å gje ut informasjon om... Treff du då på nokre av dekningsvindua, så går nok meldingane til ein viss grad gjennom. I og med at ein slepp å logge seg på nettverket, samt unngår ulempen med den høge frekvensen på S-band nedlinken, så har ein SPOT mykje bedre utgangspunkt for å få sendt ein melding kontra ein ordinær satelitt-telefon. Er imidlertid litt skeptisk med tanke på den dårlege erfaringa vi hadde med vanleg Globalstar, sjølv om Globalstar etter dette truleg har omrokkert- og satt i drift fleire reservesatelittar som har betra dekninga sidan vi var der. På findmespot.com har Globalstar definert heile området Tasiilaq-Kangerlussuaq med 96-99% suksessrate innanfor 20 minutt, så det er jo bare å klage til Globalstar om det ikkje fungerer. Det skader sikkert ikkje å ha den med heller, foruten den ekstra vekta. På ein vanleg aust-vest kryssing på Grønland, så har både Iridium og Inmarsat nesten kontinuerleg dekning heile veien, men mest vanleg med Iridium. Det siste tida har eg fått inntrykk av at det på uplink med Iridium frå Grønland har vore noko meir forstyrringar enn "vanleg", utan at det igrunnen er noko stort problem. Skal eg tippe skyldes dette atmosfæriske forhold, og dette kan nok i visse tilfelle også ramme SPOT, då det er nærliggande frekvensar. Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.