Gjest Anonymous Skrevet 24. mai 2004 Skrevet 24. mai 2004 Har lyst å begynne med havpadling i kajakk. Har tidligere så vidt prøvd meg i kano og synes det var veldig gøy og også lett. Er nysgjerrig på hvor mye mer krevende det er å padle i kajakk. Lurer eks på hvor mye trening bør man ha før man kan dra på helgetur i kajakk. Tar det mye tid å lære balanse, padlegrep/teknikk osv... Noen erfarne som kan gi råd? Siter
Ragnar Skrevet 25. mai 2004 Skrevet 25. mai 2004 Er ikkje så veldig erfaren, men kan gje deg nokon tips Balansen i kajakken er ei tilvenningssak. Har du ein stødig plastkajakk går dette ganske fort. Eg syntes det var relativt enkelt å padle første gangen eg var ute. Bare pass på at det er brukbart vær, passe sjøtemperatur og lite bølger. Å ha med ein erfaren padlar hjelp mykje. Dei fleste årene er vridd slik at blada står i ein vinkel i forhold til kvarandre. Mest vanleg er vel at ein held heilt fast med venstre hand, mens høgre hand"glir". Du forstår det når du prøver det, det er ganske lett Det er viktig å gjera seg kjent med korleis ein skal takle f.eks. ein velt. Eskimorulla er mindre viktig i denne samanhengen. Før du legg utpå må du vera sikker på at du kan koma deg utav kajakken. Ta gjerne å test dette på grunt vatn (gå rundt og kom deg utav kajakken). Spruttrekket kan i mange tilfeller sitta ganske hard på og det er viktig at "løkka" frampå er lett å få tak i. Skal du ut på ein lengre tur må du også kunne ulike redningsteknikker. Det beste er å ta eit sikkerhetskurs hos ein padleklubb der slike ting blir gjennomgått. Evt kan du får ein erfaren padlar til å vise deg Du må vera veldig erfaren for å padle lengre strekninger åleine - padle difor alltid saman med nokon andre. I starten bør du halda deg nær land. Det bør ikkje blåsa for mykje (lett bris). Ikkje legg utpå viss det er bølger med skumtopptendenser. Ver også obs på at det er utfordrande å padle med bølgene inn frå sidene (akkurat sliksom i ein kano) Eg ville ha padla minst 1-2 gonger før eg la ut på ein helgetur (i lag med nokon meir erfarne), men det er litt etter kor utfordrane ein slik tur er. I rolige farvatn er det veldig enkelt (og fint) å padle, mens det er litt meir utfordrande i bølger. Padling er kjempegøy! Håper du får masse glede av havpadling framover Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.