Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg opererte menisken i oktober, og trudde alt gjekk etter planen. Det gjorde det ikkje, etter ein litt uheldig manøver i ei trapp (!), måtte kneet opererast på ny i slutten av april. Eg har teke det med ro i sommar, litt sykling, og nokre småturar i relativt flatt terreng, men ein går fort lei av slikt. I går kveld snørte eg difor på meg fjellsko, og spaserte opp på Melshornet (807 moh). Melshornet ligg like ved Dinglavatnet, drikkevasskjelda for Volda, slik at det går grusveg opp til ca 540 moh. Derfrå er det god sti, og frå toppen er det flott utsikt. Eg såg ein 10-15 toppar eg har vore på, og sidan eg flyttar frå Volda neste veke, var det ein grei måte å sei farvel på.

Tempoet mitt var lågt, eg vart forbigått av gamle damer med hund, små ungar i fotballdrakt, men det gjorde ingenting. Kneet fungerte godt, og det var det klart viktigaste. Det luktar altså litt meir krevjande fjellturar seinare, kanskje alt i haust, definitivt til neste år.

Det var berre dette. One small step for mankind, one giant leap for me.

E

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Har vært på Melshornet og også sett denne drikkevasskjelda for Volda.

Undret meg på at det var så lite nedslagsområde.

Enten må Voldafolket være svært forsiktig med vannbruken,

komme enormt med nedbør,

eller blir det muligens pumpet opp vann fra andre kjelder ??

Melshornet har vel to grupper med sittebenker

da den er grensetopp mellom Ørsta og Volda.

En for Voldafolk og en for folk fra Ørsta har jeg hørt ???

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.