knut Skrevet 15. juli 2008 Skrevet 15. juli 2008 God kveld! I slutten av Juli / starten av August har eg og dama tenkt oss ein tur til området rundt Gjendevatnet. Det blir ein hytte-til-hytte tur, men naturlegvis må eg som einkvar ivrig 2000m-samlar ta med ein og annen 2000m-topp Planen er som følgjer: Starter ved Gjendesheim og går over Bessegen til Memerubu. Overnatter her og tar neste dag turen til Surtningsue med kringliggende topper. Går videre ned til Memerubu og tar turen over Bukkelegeret til Gjendebu. Dag 3 går frå Gjendebu til Torfinnsbu, med ein avstikker via Knutsholstind (snøforhold her?). Dag 4 er meir usikker, men tanken er å komme seg tilbake til Gjendesheim, eventuelt ta dette på to dager. Er open for forslag til vegvalg denne siste etappen, som gjerne kan inkluderer ein topp eller to I tillegg er snøforhold i Jotunheimen ukjent for meg så ein tilbakemelding på vegvalg / topper hadde vore kjekt! Underteikna har klatreerfaring, men det blir ikkje aktuelt på denne turen. På forhånd takk for alle forslag! Siter
500fjell Skrevet 15. juli 2008 Skrevet 15. juli 2008 Hva med å gå videre til Fondsbu neste dag med en avstikker på Galdebergstinden (2075). Overnatting på Fondsbu og neste dag en marsj til Gjendebu, kanskje en tur oppom Gjendetunga (1516) før du tar båten til Gjendesheim. Siter
Agnar Skrevet 16. juli 2008 Skrevet 16. juli 2008 Vil anbefale å ta båten inn til Gjendebu først. Mykje bedre å gå opp Bukkelegeret og Besseggen. Spesielt frå Memurubu mot Besseggen: start tidleg før første båten er kommen frå Gjendesheim. Då kan du ha det ganske fredeleg dei første timane. Siter
knut Skrevet 17. juli 2008 Forfatter Skrevet 17. juli 2008 Takk for tips så langt. Har fleire gonger gått over Besseggen frå Memerubu, så det blir nok start frå Gjendesheim fyrste dagen tenkjer eg. Forslaget ditt Sondre virker aktuelt, hytta på Fondsbu er jo flott og også turen dit. Kanskje fiskestanga blir med og Er fortsatt usikker på snøforhold på Surtningsui / Knutsholstind frå Svartdalen. Nokon som har erfaringer eller gått gjennom området den siste tida? Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.