Gå til innhold
  • Bli medlem

Store Stølsmaradalstind 27.06.08


jarmol

Anbefalte innlegg

Siste fredagen i juni tenkte eg det var på tide å ta Store Stølsmaradalstind. Litt utpå ettermiddagen samme dag, fann eg ut at ein betre dag ville vore å venta ein måned eller to, men moro var det likevel.

Eg kom meg ut av bilen ved Murane ca. klokka 0800 og tok fatt på spaserturen opp Austanbotn. Det såg rett så bra ut, med lite snø og eit brukbart vær som besto av litt skiftande skydekke med opningar av blå himmel. Austanbottstindane reiste seg raskt opp framfor meg, og kom ut av skodda som låg rundt mange av toppane i Hurrungane.

Det gjekk enkelt og fint opp det vesle dalføret så eg nådde relativt raskt ryggen nedanfor Austanbottstindane. Der oppdaga eg to ting som ein start på ein litt tyngre tur. For det fyrste hadde eg ringa rundt Austanbottstindane alt for høgt, så eg måtte ned att eit par-tre hundre høgdemeter. Hadde ikkje sett tydeleg nok på kartet før eg stappa det ned i sekken i iveren på å komme meg ut. Den andre saken eg oppdaga var at øverste delen av Gravdalen i praksis var dekka av snø, så det var berre steinar som stakk opp her og der. Jaja, berre å hive seg ut i det.

Eg sklei raskt ned i frå høgda på snøen og vabba meg over dalen og bort til foten av Stølsmaradalstind ved vatn 1368. Eg heiv i meg litt mat før eg byrja opp breen som ligg lengst ut mot Gravdalen. Det var tungt oppover, men ikkje så bratt som eg trudde det skulle være. Eg var likvel glad eg hadde med meg isøksa den aller siste biten av breen for å få litt betre tak, då det var nokre bratte snødekte meter heilt øverst. Resten av vegen til topps er relativt slakk og fin, men med all snøen måtte eg være forsiktig, for eg datt igjennom og mellom steinar med foten både støtt og stadig. Det går med ein del krefter på slikt føre også.

Det snødde på toppen, så eg slappa berre av ei lita stund mens eg naut utsikten av Storen og Styggedalsryggen som halvvegs stakk ut av skodda. Eg kom meg så ned att så raskt eg orka, då det såg ut til at det skulle tjukne til. Men då eg hadde sklidd ned breen att mot 1368 så lysna det opp att, og sola kom fram. Eg vabba meg gjennom snøen som til tider gjekk langt opp på leggen (og låret dei gongene eg datt heilt igjennom) på vegen bort til Gravdalsbandet. Må innrømme at eg var dyktig sliten då eg kom meg bort mot Austanbotn att og kunne få litt bar bakke under føtene. Tusla så dei siste kilometrane ned til bilen og gleda meg til middag heime hjå foreldra mine.

Neste tur på denn toppen blir litt seinare på året :D

PS! Det var to fuglar som stupte etter meg i Austanbotn, då eg sikkert var i nærleiken av eit reir. Nokon som kan hjelpe meg med å finne ut kva det var (sjå bilete nedanfor). Eg tenkte umiddelbart hauk for dei virka for små til å være ørner, men eg er strengt tatt ganske uvitande når det gjeld fuglar...

post-4434-133474554669_thumb.jpg

post-4434-133474554737_thumb.jpg

post-4434-133474554786_thumb.jpg

post-4434-133474554846_thumb.jpg

post-4434-133474554908_thumb.jpg

post-4434-133474554923_thumb.jpg

post-4434-133474554938_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei igjen. Kan fuglen være fjellvåk? På tur igår snublet jeg over et rypekull og mora laget et svare skuespill for å lede meg vekk fra arenaen, uansett hva jeg sa om jeg ikke var farlig og bare hadde gode hensikter så bakset hun på, tror hun fulgte meg et par hundre meter nedover (på slutten kom far til óg, men da var jobben gjort). Litt godt å se dog. Fin tur du hadde, måtte ta den en gang til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ER Fjellvåk ..... ingen tvil om det. Fjellvåk er den vanligste fuglen i fjellet og kjennetegnes bl.a. på den lyse undersiden med en mørk flekk midt på vingen (begge vinger).

________________________________

Rune.

Sjå der, ja. Så fekk eg greier på det også. Godt med ny kunnskap om fuglar for ein som knapt ser forskjell på ein pingvin og ein fossekall :)

Da har eg eit oppfølgingsspørsmål også. Det var to av dei. Betyr det at det er eit par som voktar over reiret sitt, eller kan det være at det var to individ med kvar sitt reir så tett ved kvarandre?

Det var for lyst mot himmelen til at eg klarte sjå noko forskjell på dei, i tilfelle det er store forskjellar på ho og hann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da har eg eit oppfølgingsspørsmål også. Det var to av dei. Betyr det at det er eit par som voktar over reiret sitt, eller kan det være at det var to individ med kvar sitt reir så tett ved kvarandre?

Det var for lyst mot himmelen til at eg klarte sjå noko forskjell på dei, i tilfelle det er store forskjellar på ho og hann.

Det var nok et par som hadde reir i nærheten. Oppførselen kan tyde på det. Det er liten forskjell på hann og hunn av utseende. Hunnen er visstnok litt større. Så vet du det ..... :)

________________________________

Rune.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fjellvåk er i Rødlista iflg Artsdatabanken (2006), NT (nær truet), vi må oppføre oss.

Mobilbildet "Storen og Sentraltind (mobilbilde).jpg" er fascinerende, både ser det ut som en flott akvarell samtidig som det anskueliggjør Hjørnet Berges Chaussee Andrews Slingsbybreen Bandet...et bilde for drømmene..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fikk du noe inntrykk av snøforholdene på ryggen sørover fra Store Midtmaradalstind?

Eg må innrømme at eg tenkte ikkje så mykje over det dei få minuttane eg sat oppå der. Det kom ein del skyer og skodde austfrå akkurat mens eg var på toppen i tillegg til at det snødde, så eg knipsa omtrent berre bildet mot Storen før eg snudde ned att. Eg vil nok tru at det er meir stein som stikk opp langs ryggen enn det var nede i dalførene, men den øverste delen mot toppen har nok ein del snø fortsatt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godtoppen "min" jo! :D Voldsomt hvor mye snø som fortsatt er igjen på fjellet.

Du må dra tilbake dit i maksvær en gang, for det er litt av en opplevelse. Men stemninga er der alltid uansett. Litt dyreliv/fugleliv krydrer det hele. Sjøl husker jeg den gangen en snøspurv holdt meg med selskap på toppen noen minutter. Den sto på en stein to meter unna og kvitra og var så fornøyd med livet :)

Jeg har et sted nevnt at Gjertvasstind er min helligste tind, og det gjelder fortsatt. Men Stølsmaradalstind er toppen jeg har aller kjærest, alle mine besøk på denne herlige toppen har gjort det til et urokkelig faktum. Kanskje Stølsmaradalstind er det samme for meg som Hallingskarvet er det for Arne Næss...

Ellers vil jeg si at Sogn er det herligste stykke Norge som finnes for meg. Oslo blir en enorm nedtur i forhold :roll:

Men østlandet er slettes ikke verst det heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.