Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Annonse
Skrevet

Forutan Globalstars "SPOT personal messenger", så viser linkane ovanfor tradisjonelle nødpeilesendarar, eller meir bestemt PLB.

"ACR Electronics Microfix 406 PLB with GPS" er ein PLB med GPS, "ACR Electronics Terrafix 406 GPS I/O Personal Locator Beacon" er ein PLB der det er mogleg å koble til ein ekstern GPS.

Ein god artikkel om EPIRB/ELT/PLB på wikipedia: http://en.wikipedia.org/wiki/EPIRB

Signala frå nødpelesendaren blir plukka opp av 4-6 polarbanesatelittar i cospas-sarsat systemet. Vidare er det også 4-5 (?) geostasjonære satelittar som også kan plukke opp dei samme signala. Det er ein fordel med innebygd gps, då eit varsel i mange tilfelle vil skje raskare og meir nøyaktig. Forutan via gps, så blir posisjonen også berekna ut frå doppler-skift frå polarbanesatelittane. Frå nødpeilesendaren blir aktivert, til signalet er mottatt og vidaresendt frå ein polarbanesatelitt, har eg høyrt at det typisk vil ta mellom 30 og 120minutt. Blir signalet plukka opp av ein geostasjonær satelitt, så skjer varselet gjere noko raskare. GPS'en i nødpeilesendaren kan bruke noko tid på å berekne posisjonen, særleg om denne er frå ein kald-start. Avhengig av type kan dette ta frå 30sek til ca 15 minutt. PLB/EPIRB boksen har også eit sporingssignal som sendes på 121.5Mhz. Dei typane eg sjølv har hatt med på tur, har ikkje hatt GPS. I bruk er det veldig enkelt: du har gjerne to knappar: ein for test og ein for nød. Det er somregel også ein antenne som må trekkast ut. Nokre modellar løyses også autmatisk ut når den kjem under vatn.

Skal du ha ein nødpeilesendar registrert i Norge, må du søke (dvs betale) for lisens til Post- og Teletilsynet. Pass i så fall på at modellen er typegodkjent i Norge før du kjøper. Derimot er det ingenting i vegen for å ha den registrert i utlandet,der der er det ofte gratis, sjølvom du har den i Norge . Enkelte land krev uavhengig av dette ein eigen radiolisens i tillegg, slik som på Grønland. Når alarmen blir utløyst, vil redningssentralen få opp informasjon om kven som har registrert nødpeilesendaren og evt kven som for tida bruker den. Det er viktig å oppdatere denne informasjonen, slik at dei kan ringe for å få meir informasjon. I Norge er det få nødpeilesendarar registrert for privat bruk, mest brukt på sjøen og i luft-trafikk.

Akkurat nødpeilesendar vs satelitt-telefon: Dei aller fleste ekspedisjonar til aude område har begge, slik at ein ikkje satsar alt på "eit kort". Det er ein fordel å kunne ringe ein nødmelding om situasjonen tillet dette, då redningssentralen får eit mykje betre utgangspunkt, samt at du kan få informasjon, råd etc. I andre situasjonar kan det vera heilt umogleg å ringe, då er nødpeilesendaren det beste og einaste alternativet. Ein satelitt-telefon kan også svikte, batteriet kan vera oppbrukt etc, medan ein nødpeilesendar er svært robust. På Svalbard til dømes, så pålegg sysselmannen deg å ha med nødpelesendar og oppfordrar også sterkt om å ha med Iridium satelitt-telefon i tillegg (utanfor område10). På Grønland er det i mange tilfelle pålagt frå Dansk Polarcenter å ha med nødpelesendar, medan forsikringsselskapet ofte krev satelitt-telefon og GPS. Dagens satelitt-telefonar og PLB'er er såpass lette og små at det ikkje burde vera noko problem å ta med begge delar av den grunn. Om du vil vera utilgjengleg, er det bare å ha telefonen avslått.

Globalstars "SPOT" er ikkje noko anna enn ein satelitt-telefon og GPS i vasstett innpakkning som utelukkande sendar "tekstmeldingar". Her kan ein velge å sende "OK" melding, "Assistanse" eller "Nødmelding". Ein "OK" melding blir sendt 3 gonger, dei andre blir sendt kvar 5 minutt så lenge dei er aktivert. Her er det altså mogleg å varsle om andre ting enn bare "nød", sjølvom det ikkje kan spesifiserast vidare. At meldingen er sendt tyder ikkje at den er blit mottatt av satelittane. Systemet er ikkje globalt og har stort sett samme restriksjonar som Globalstars satelitt-telefonar, forutan at det kun er L-båndet som blir nytte (dvs fleire operative satelittar for tida). Om du les på Rei.com så er det nokre interessante er tilbakemeldingar om problem, meldingar som ikkje blir mottatt mm, sjølvom mange er nøgde. Globalstars reaksjon er ikkje overraskande ganske lite imøtekommande, slik det vanlevis er frå den kanten (ref problema med selskapets satelitt-telefonar)

Skrevet

johnpd

Jeg har akkurat kjøpt den nødpeilsenderen du har lenket til (dvs noen har kjøpt den for meg) fra MEC i canada. Skal på en måneds padletur i villmarka der borte i sommer, og vi satser på både iridium OG nødpeilsenderen til denne turen. Har lest litt på veiledningen til den som ligger på nettet (http://www.acrelectronics.com/acr2007/PLBs_marine.htm), og der står det endel om registrering av jkontaktopplysninger osv. Ser hvertfall ut som at en kan oppdatere slik info så ofte en vil, men godt mulig det må betales en avgift når den skal brukes her i Norge.

Lett og snerten nødpeilsender hvertfall, og får plass til den i lomma på flytevesten også

  • 5 måneder senere...
Skrevet
Om folk fortsatt vurderer nødpeilesender så er jo dette en god grunn til å unngå McMurdo 406.. som visst nok svikter når det gjelder...

http://www.injuryboard.com/topic/mcmurdo-406-mhz.aspx :)

Den sida det refereres til er useriøs:

-Koklusjonen i undersøkinga det vises til stemmer ikkje (sjå link nedanfor)

-Testen er forøvrig ikkje ein test av Nødpeilesendarar, men av GPS posisjonering som brukes i PLB'er.

-Artikkelen er skrivd av nokon blotta for teknisk kompetanse.

For å lesa den aktuelle testen sjå her: http://www.equipped.org/406_beacon_test2_toc.htm

Og legg merke til når det gjeld 2003 undersøkinga:

"This evaluation was primarily concerned with the self-locating performance of these beacons in real-world conditions, as well as other lesser issues, and not the beacons' performance vis-à-vis COSPAS-SARSAT or other regulatory standards, per se"

Det vart kun testa 3 PLB'er med intern GPS, dei andre med ekstern GPS, noko som er urelvant for dei fleste.

McMurdo har på ingen måte noko feil eller avvik i forhold til sine EPIRB/PLB i forhold til standard, det påstår då heller ikkje undersøkinga. Det vises til at PLB med innebygd gps har dårlegare følsomhet for gps posisjonering i 2003 testen, vis-a-vis dei med ekstern gps. Hugs også at det ikkje er tatt hensyn til "varmstart/kaldstart", noko som er SVÆRT sentralt. Å kaldstarte ein GPS er noko heilt anna enn varmstart. 2003-testen innehaldt også eit betalt produkt, sjå fotnote 4. Nye EPIRB modellar er forbedra for rask gps-posisjonering. Den nye testen i 2005 viser også at alle EPIRB/PLB har forbedra seg med bedre gps-posisjonering. Det er ingen spesielle avvik for modellane til McMurdo. Testen frå 2003 har difor lite eller ingen relevans.

Skrevet

McMurdo-406 har vært testet her i Norge med gode tilbakemeldinger. Statskog hadde en test av sine PLB, for en stund tilbake. Han jeg kjøpte PLB av, sa HRS hadde fanget opp alle testene.

Skrevet

Betryggende dette her.

Etter det jeg har funnet så langt er dette en av de billigste PLB på markedet.

På Ebay går den for 224 USD + 37 USD i frakt..

Dermed burde den jo være et godt alternativ. Trekker dermed den urettferdige kritikken jeg kom med tidligere.

:)

Skrevet

Jepp, selv med dollarkurs på 7 kr er det ikke noe å si på prisene i utlandet. Husk bare å regne med 25 % moms på varen og portoen dersom ikke det gjøres noen krumspring med verdifastsettelsen på pakka da.

Jeg kjøpte min PLB i canada, og registrerte den via nettet på Canadian Beacon Registry. Der kan jeg selv oppdatere opplysninger om hvor PLBen til enhver tid brukes, kontaktpersoner dersom PLBen aktiveres osv.

Kjekt å ha hvertfall!

Skrevet
Jeg kjøpte min PLB i canada, og registrerte den via nettet på Canadian Beacon Registry. Der kan jeg selv oppdatere opplysninger om hvor PLBen til enhver tid brukes, kontaktpersoner dersom PLBen aktiveres osv

Har du sjekket opp med HRS om de har tilgang til Canadian Beacon Registry, hvis du løser ut nødpeilesenderen?

Jeg har jevnlig kontakt med HRS Nord Norge. Har snakket med de om nødpeilesendere. Det største problemet de har med nødpeilesendere er utilsiktet aktivering av PLB, og eierskifte av PLB som ikke er registrert i listene til Post og Teletilsynet.

Hvis HRS har problemer med å spore riktig eier og pårørende, tar det ekstra tid under en redningsopperasjon.

Skrevet

Er det nokon som veit om problemet med falske alarmar er stort i våre område?

No er det vel fleire grunnar til falske alarmar, etter det eg har høyrt er det mellom anna:

1) Feilaktig automatisk utløysning på båt/skip, f.eks. at det mistes ei EPIRB bøye eller teknisk svikt som fører til at den går av.

2) Testing som med uhell fører til at sendaren blir aktivert.

3) Forstyrrelser, atmosfæriske forhold o.l. som fører til falsk alarm eller feilatig ID nr (sjeldan med 406Mhz, men vanleg for 121,5Mhz)

4) Utløyst med vilje, under alkoholdpåverknad, innbrudd, 'uhell' osv.

Frå første 01.02.2009 er det vel slutt for 121.5Mhz, og kanskje det blir noko færre falske meldingar.

I Norsk økonomisk sone vil det alltid vera mange utanlanske nødpeilesendarar, det seier seg sjølv. Norge har også ei rekke plikter mtp redning i dette området, og om HRS ikkje klarerer å lage fungerande rutiner mot COSPAS-SARSAT og nasjonale organisasjonar for å hente ut nødvendig informasjon, så er det ikkje særleg imponerande. No er det imidlertid også mogleg å registrere seg i eit internasjonalt register i tillegg, dette har HRS forhåpentlegvis tilgang til: www.406registration.com

Eg synes det høyres litt rart ut at ein ikkje sett i gong aksjonen pronto når alarmen går, særleg om det er frå eit område med lite skipstrafikk eller få andre reelle indikasjonar på at dette er falsk alarm. Eg las t.d. i Svalbardposten at Sysselmannen vart litt oppgitt av å ikkje bli varsla med ein gong ein nødpeilesendar vart utløyst (mai 2008). Slik eg forstod det prøvde HRS Bodø å få tak i ein kontaktperson, før dei videreformidla alarmmeldinga og at dette vistnok tok litt tid. Det ville vel vera meir fornuftig å videformidle til Sysselmannen straks (opp til 30min responstid for helikopteret), og så heller bruke tida etterpå til å sjekke meir opp og eventuelt kanselere. Eventuelt sende ut eit varsel om 'mogleg' nødsituasjon.

Det beste hadde nok uansett vore om HRS (eller Justisdepartementet) la press på Post- og Teletilsynet om å endra den norske registeringsprosessen for nødpeilesendarar. Etter mi meining bør dette vera gratis og det bør ikkje vera type-restriksjonar ut over det COSPAS-SARSAT opererer med (NPT registerer ikkje PLB'er som ikkje er norsk typegodkjent). Eg kan ikkje sjå at NPT har rettningslinjer som hindrar dei i å harmonisere regelverket i forhold til andre land på dette punktet og det er for meg ei gåte at dei tviheld å denne posisjonen. Kuttar ein søknadsprosessen, fell også mesteparten av kostnadane vekk, enkelt og greit.

Skrevet

Ifølge papirene som fulgte med nødpeilesenderen hadde det ikke noe å si om senderen blei brukt utenfor landet den var registrert i, så jeg setter også min lit til at det er såpass med kontakt mellom de ulike "hovedredningssentralene" om jeg er i en nødsituasjon.

Brukeren har da også endel ansvar sjøl for å hele tiden oppdatere om hvilket område PLben brukes, kontaktpersoner inkl telefonnummer som kontaktes ved utløsing av senderen osv. Disse opplysningene kan endres så ofte man vil uten at det koster noe.

Skrevet

Det er også en betydelig andel nødpeilesendere i bruk offshore. Hver arbeider har en slik i brystlomma en når man sitter i helikopteret. Jeg vet ikke merket, men skal sjekke det i morgen :) Tror ikke det er mange feilaktige sendinger i fra disse små senderne her ute i alle fall.

For øvrig er det vel ikke slutt på 121,5 Mhz på annen måte enn at den ikke lenger mottas på Cospas/Sarsat. 121,5 er VHF nødfrekvens for sivil luftfart og den doble verdien 243 Mhz, er nødfrekensen for militæret. (Det var i hvertfall det på 80 tallet).

Jeg er ellers usikker på om fly og helikopter kan motta og peile 406 Mhz. Det er et digitalt signal, men kan det også peiles som et vanlig VHF signal på 121,5?

Skrevet

Når eg nevnte 121,5Mhz var det i forhold til nødpeilesendere på denne frekvensen. Det er fortsatt VHF nødkanal som før.

Når det gjeld sporingssignal, så trur eg ikkje 406Mhz blir nytta til dette formålet. Ein av grunnane er kanskje at det er "burst transmitions", dvs at det sendes i korte periodar og med høg effekt. Det er imidlertid forslag om å gå over til sporingssignal på 406Mhz på sikt i staden for 121,5Mhz som idag nyttes (25mW).

For å skilje ELT og PLB er det blitt lagt inn morsekoden for bokstaven "P" i sporingssignalet.

Fann ei side med lydeksempel: http://www.equipped.com/faq_plb/default.asp?Action=Q&ID=33

  • 3 måneder senere...
Skrevet

Jeg var akkurat på telefonen med HRS i Bodø, og de kunne fortelle at om man utløste en amerikanskregistrert PLB i Norge ville de selvfølgelig "ta action" på den. Det var bare det at det var vanskeligere fordi det var så mange registre i USA, og de måtte jo da sitte og vade igjennom alle før de fant den informasjonen de trengte.

Jeg foreslo at de kunne ha en avtale med et register i andre land, men det var visst vanskelige greier.

De indikerte også at de ikke var fornøyd med innholdet i de amerikanske registerne.

Har dere noen idé om hvem man bør skrive brev til for å få fikset opp i dette?

Samferdselsministeren, kanskje?

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.