No før vinteren rensa eg og skrudde litt på Trangia X2 multifuel brennaren min, og klønete som eg er klarte eg å miste mutteren som halde brennernåla, eller "spindelen" på plass. Brennaren funkar fint uten, men eg tør ikkje lenger ha den inne i teltet pga frykt for bensinlekasje. Etter å ha finkjemma internett for reservedelar, har eg enda ikkje funne noko informasjon på akkurat denne mutteren.
Men, X2 er jo i grunn berre ein Primus Omnifuel som har blitt modifisert til å passe ein Trangia. Og sida spindelen på X2 er der ventilen er på ein Omnifuel, burde det ikkje da vere mogleg å bruke ein Omnifuel ventil i X2 brennaren? Da får eg jo også fordelen av å ha to ventiler på brennaren min, som berre er bra.
So det eg lurar på er:
Kvar kan eg finne ein ny mutter til X2 spindelen?
Kva er dimensjonane på X2 spindel-mutteren, so eg kan evt laga ein ny ein sjølv?
om det er mogleg å bruke ein Omnifuel ventil i X2, kva for ein Omnifuel burde ventilen vere frå?