Gå til innhold
  • Bli medlem

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'vinterpose'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Velkommen til Fjellforum!
    • Om Fjellforum
  • Aktivitet
    • Fjellvandring
    • Ski og vinteraktiviteter
    • Kano, kajakk eller packraft
    • Andre aktiviteter
    • Jakt og fiske
  • Turrapporter
    • Turrapporter
    • Ekspedisjoner og utenlandsturer
  • Generelt om friluftsliv
    • Hunder
    • Mat på tur
    • Barn på tur
    • Helse på tur
    • Foto/Video
    • Generelt om friluftsliv
    • Samfunnsdebatt
  • Utstyr
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Primus og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon og elektronikk
    • Kniv, sag og øks
    • Kano, kajakk og packraft
    • Alt annet utstyr
    • Kjøp, salg og bytte
    • Alle utstyrserfaringene
    • Gjør det selv
  • Diverse
    • Turfølge - forumtreff
    • Bøker - media - foredrag
    • Podcasts om friluftsliv
    • Åpne hytter
  • Turer og treff i Oslo-regionen sine Hva skjer
  • Utfordringer sine Personlige mål

Categories

  • Utstyrstester
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Brenner og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon
    • Alt annet utstyr
  • Nyheter
    • Artikler
  • Guider
  • Turrapporter

Finn resultater i...

Finn resultater som inneholder...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Ble med

  • Start

    Slutt


Gruppe


Min blogg 📰


MSN


Skype


Interests


Sted

Fant 9 resultater

  1. Hei Skal skaffe ny sovepose til min kone for vinterbruk, det er jo et et hav å velge i mellom. Tenker på noe som koster max 6000,- har sett litt på dun poser Helsport, Warmpeace og Rab. Håper noen med litt mere vinter erfaring enn oss kan komme med tips til en god sovepose,
  2. Jeg trenger en vintersovepose og står nå mellom to stykker, men klarer ikke å velge. Noen som har erfaringer med de to posene og kan hjelpe meg? Skal brukes til både hengekøye, telt og under åpen himmel. Skal nå et halvt år til midtnorge på folkehøskole hvor temperaturene kan gå ned i -20 eller kanskje mer jeg er usikker Ellers skal den brukes på vinterstid (evt flere årstider med åpen glidelås) i alt fra 0 til maks -20. Er veldig frysepinne av meg, sov ute i -15 med rago winterlight og frøys(grunnen til at jeg ser etter ny sovepose). Liggeunderlagene jeg bruker er exped synmat 3D 7 og thermarest zlite Svalbard helsport: Pluss: høy comfor (-29) lite pakkvolum (26x35) Minus: litt tyngre enn den andre(1900), litt høyere pris Viking 1200: Pluss: veldig mange virker fornøgde med den (mange bra reviews), lav vekt (1720), folk hevder den er varmere enn comfortempen (-18 herrer, -10 damer) og veldig komfortabel å sove i, rimelige Minus: større pakkvolum (26x54), usikker på om jeg vil fryse, har hørt den er veldig romslig (folk er fornøgd med det) men er usikker på om det vil gjøre at jeg vil fryse mer siden det er for mye plass? Hilsen en som er veldig usikker og har har brukt altfor lang tid på å vurdere dette😅
  3. [gallery600x480] [album]448[/album] [/gallery] Produkt Warmpeace Viking 1200 Levert av Hekta På Tur Veiledande pris kr. 5.499 Fast lågpris per 2016 kr. 3.999 Fakta frå leverandør Vekt: 1.760 g Fyllvekt: 1200 g Volum komprimert: 13 l Dunspenst/Cuin: 600 EU 700 US Fyllratio: 90/10 Temperaturangivning EN standard 13537: T Comfort -10 °C T Limit -18 °C T Extreme -38 °C Fakta frå Fjellforum Vekt pakka i kompresjonspose: 1.836 g Vekt kompresjonspose: 135 g Vekt pose: 1.701 g Fakta om testperson Kvinne 34 år. 167 cm og normalvektig. Van med å ligge ute, ikkje spesielt frossen. Testkriteriar Vekt og varme Pakkvolum og dunspent Dunvandring og kvalitet på saumar Komfort og brukarvennlegheit Pris Om posen Viking 1200 er den varmaste posen av i alt fire modellar i denne soveposeserien frå Warmpeace. Den har ein romsleg mumiefasong, med tettsittande hette og varmekrage. Glidelåset er tovegs YKK, med ein brei dunfylt kuldeklaff på innsida. Det er lagt webbing (stivt band) langs glidelåset, som skal hindre det frå og kile seg. Ytterstoffet er Loft Nylon DWR+. Dette er vassavvisande, skal tole høg belastning og er lett. Modellen kjem i tre ulike storleikar for personlengde inntil 170 (short), 180 (regular) og 195 cm (large), med glidelås på venstre side. Posen er sydd med Z-kammer. Det vil seie at kammera overlappar kvarandre. Tanken er å unngå kuldebruer som typisk vil oppstå med vanlege kanalar sydd med gjennomgåande saumar. Sjå bilete i karusell. Posen er handfylt hjå ei familiebedrift i Tyskland, som har arbeidd med dunprodukt sidan 1952. Dei føretek også den siste kvalitetssjekk av produkta før dei sender dei frå seg. Dunspenst er oppgitt med minimumskvalitet. Foret i alle Vikingposane er av pustande svart stoff. Det pustande stoffet skal syte for fukttransport båe vegar, og den svarte fargen er valgt for å kunne nytte ein kvar gløtt av sol i fjellet til å få tørka ut fuktigheita me slepp ut i posen i løpet av natta. Ekstrautstyr: For den som likar enno betre plass enn det posen byr på, kan ein kjøpe seg auka omkrets på posen i form av ein dunfylt kile som er kompatibel med glidelåsa. Denne heiter Warmpeace extender og ligg per 13.04.2016 til kr. 799 Forklaring av nokre viktige omgrep Dunspenst: Duna si spenst og evne til å utvide seg vert rekna i ein skala som heiter cuin (cubic inches per ounce). Dess høgare cuin dess høgare spenst og evne til utviding. I praksis vil det då fungere slik at om ein tek like mange gram dun med låg og høg cuin inn i same jakke med same materialar, vil den med høg cuin isolere betre. Dette fordi spenst og utviding dannar eit større isolerande luftlag enn duna med lågare spenst. Konsekvensen av dette er at ein, gitt like føresetnader elles, treng mindre mengder dun for å oppnå ei bestemt isolerande effekt, dersom ein nyttar dun med høg cuin. Desse faktorane påverkar i stor grad kor godt posen let seg komprimere og kva den veg. Skalaen for US dunspenst og EU dunspenst er noko ulik. 600 EU er omlag det same som 700 US. Dunblanding seier noko om det prosentvise tilhøvet mellom dun/fjær. Ein pose merka med 95/5 dun/fjær har det varmaste blandingstilhøvet du kan få, med 95% dun og 5% fjær. Dei fleste dunprodukt i dag ligg frå 80/20 og oppover. Høg andel dun og høg cuin kostar, likeins gode materialar. Test av dunposar og ein dunpose sin kvalitet må difor alltid sjåast i samanheng med pris. Tilhøve under testing Posen har til no 15 bruksdøger. Desse har gått føre seg med eit temperaturspenn frå -20 til 0 °C, i tørt vær, og i skikkeleg vestlandsfuktig vær. Den har vore med i arcticbeddingen på pulktur, og den har vore kraftig komprimert og pakka i botnen av storsekken. Den har blitt brukt som om den var testars eigen pose, med det minimum av forsiktig handsaming det innebær å være i underteikna sine hender. Vurdering Ein finn lettare posar enn denne, som er like varm og meir komprimerbar. Ein kan også finne dunposar som er rimeligare og like varme men langt tyngre og mindre komprimerbare. Dette handlar om å sjå eiganskapane vekt, komprimerbarheit, kvalitet og varme i samanheng med pris, og konkludere med omsyn til balansen desse faktorane imellom. Vekt og varme Posen har vore brukt i temperaturar på mellom 0 og -20 °C, og prestert godt under alle tilhøve. Posen er angitt med komfort temperatur for tester (kvinne) på -10. Tester opplever at posen er langt varmare enn angitt. Ved minus 10 holdt underteikna varmen, til tross for at liggeunderlaget var hakket tynnare enn eg likar i minus 10 (låg isolasjonsevne, eller R-verdi.) Med tjukkare/doble liggeunderlag, held underteikna varmen i denne posen i -20 °C. Eg har aldri hatt så varme netter for så låg vekt, i denne prisklassa. Skal ein ha dei same temperaturangivelsane i ein lettare pose, må ein rekne med eit langt større utlegg. Konklusjonen er at temperatur sett i forhold til vekt er meget bra, betre enn det som var oppgitt. Du kan lese meir om EN standard her, og meir informasjon om R-verdi på liggeunderlag finn du her. Pakkvolum, dunspenst, dunvandring og saumar Posen ligg i mellomklasse kva gjeld pakkvolum sett opp mot angitt temperatur, til tross for bra dunspenst. Forklaringa ligg nok i ei fyllmengde på 1200 gr. dun. Det må nødvendigvis gi noko volum, sjølv med høg kvalitet på duna. Derimot opplever underteikna at pakkvolum opp mot opplevd temperatur er meget bra. 13 l for ei god natts søvn i minus 20 kvalifiserar til eit opprykk på volumvurderinga. Dette må nok også sjåast i samanheng med at ein oppgir minimumsstandard på dunkvaliteta, og ein kan rekne med at det er mykje dun med høgare kvalitet enn 700 cuin i sving. Kompresjonstrekket er solid, og kan verkeleg jobbast med utan at noko ryk sundt. Spennene er noko trege. Til gjengjeld glid dei ikkje opp før du løyser dei med handemakt. Posen hentar seg raskt inn etter kompresjon, ofte langt raskare enn "naboens" langt dyrare pose i samanliknbare klasser. Duna "fell på plass" nærast av seg sjølv, og arbeid med å "fluffe" opp og omdistribuere dun i posen finn ikkje stad. Gi han to rist i det du trekk han ut av posen og hiv han på underlaget, og det har ordna seg sjølv. Eg opplever at det skuldast utforminga på kammera i kombinasjon med dunmengda. Eg opplever også at eg av same grunn, i mindre grad enn med mange andre dunposar, opplever kalde punkt på pundersida når eg ligg. Dette gjorde nok sitt til at posen var varm nok til meg og holdt temperaturangivelsen, også den gongen liggeunderlaget ikkje var optimalt. Nokre få dunfjon har funne vegen ut av posen og inn i teltet. Dette er så få, og dei er så små at det nesten ikkje er nevneverdig. Eg har hatt dunjakker i ei prisklasse eg ikkje likar tenke på, som har lekt meir dun enn dette, med mindre hardhendt behandling. Med 15 netter har eg litt lite grunnlag for å seie noko om haldbarheit på saumar og handtverk elles. Førebels kan eg seie at saumane verkar solide, med tette, faste sting og god slitestyrke på tråd. Handtverket elles er upåklageleg. Komfort og brukarvennlegheit Hetta sitt godt, og ein får snurpa den godt igjen ved behov. Den har bra med dun, og vert opplevd som eit godt vern mot varmetap. Kuldekragen var eg i utgangspunktet skeptisk til, då endane på den berre så vidt overlappar kvarandre, og då utan borrelås, knapp eller noko anna form for feste. Skepsisen min har dog blitt gjort til skamme. Kragane tettar seg ved stramming fint til over skuldrane, og er med på trekke heile hette/halssystemet tettare på kroppen. Faktisk kan det tenkjast at den manglande overlappen med feste gjer at kragen legg seg finare til kring halsen, uten klumpar og bulkar som lagar opning for varmetap. Glidelåset er tovegs, eit must for slike som meg som vil ha det varmt kring nakken men som ofte vaknar av at føtene står i kok. Det er også ein føremun å kunne opne ved føttene på morgonen før ein kryp or posen, og få lufta fukt ut av fotenden medan posen framleis er varm. Eg har til gode å kile glidelåset, noko eg sett stor pris på både når det hastar og elles. Eg har ikkje merka noko form for kuldebru langs glidelåset, så kuldeklaffen gjer nok jobben sin. Det svarte foret i posen tørkar fort, og det funkar særs bra med tanke på å nytte kvar en liten gløtt av sol til å få varma opp å tørka ut nattas fukt. Dei fleste som har prøvd å varme opp og tørke noko i sola, anten det er for å få festevoksen til å gli lettare på skia eller å få tørka tekstilar, veit å sette pris på denne vesle detaljen som fargen på fôret utgjer. Ytterstoffet skal være vassavisande og funkar også slik i praksis. Underteikna er glad i å ta den første morgonkaffien i posen, og rett som det skvett vert det noko slubbing. Dette tørkar fort, og ser ikkje ut til å trekke inn til duna. Komforten er upåklageleg. Den moderate mumiefasongen gjer at det er mogleg å bevege seg litt i posen, utan at han vert så stor at det for ein person med "gjennomsnittleg" kroppsmasse vert for mykje å varme opp. Posen er mindre glatt utvendig enn ein del andre posar eg har prøvd, og innerstoffet vert opplevd som passeleg glatt med tanke på å kunne bevege seg utan at det "heng" fast i klea. Klimaet i posen er godt, over eit breidt spenn av temperaturar, noko som indikerar gode materialval både utvendig og innvendig. Regular vert opplevd som rett storleik til meg, og vil nok funke også for folk som ragar litt meir over bakken enn mine 167 cm. Førebels konklusjon Nesten uavhengig av korleis det går i vidare test er dette allereie veldig mykje pose for pengane. Den er funksjonell og komfortabel, med god komprimerbarheit og låg vekt sett i lys av varme og pris. Allereie ein soleklar favoritt hjå underteikna, og definitivt mitt val når det skal fornyast i familien. Dette skjedde med posen i det vidare Posen skal brukast vidare, med ei evaluering av tilstand etter 50-60 bruksdøger og igjen etter førstegangs vask.
  4. Jeg skal ut på turer med pulk og telt og trenger en varm vintersovepose. Jeg er en relativt slank dame på 162 cm og synes det er vanskelig å navigere i soveposejungelen. Jeg har fått i hus en Mountain Equipment Glacier Expedition dunsovepose i størrelse "regular" (185 cm) for en overkommelig pris. Jeg er imidlertid usikker på om den er en "keeper" eller om den bør returneres. Spørsmål jeg har er: Er soveposen i str. regular for stor for meg - for lang/bred? Posen har en såkalt romslig "expedition fit" ved at den er bredere i toppen enn de andre modellene i serien. Dette skal tillater bruk med mer klær i posen og "skifting av klær" i posen. Posen finnes også i en Short versjon for kroppslengde inntil 165 cm (men da til en betydelig høyere pris). Er denne å foretrekke fremfor en Regular? Eller blir den for kort? Er det OK å satse kun på en dunpose til pulkturer over flere dager? Ser at flere mener at det er gunstig å kombinere dun og syntet som sikkerhet mht. fuktproblematikk. Jeg har allerede en "kort" dunpose med T-comfort på -3. Hvilken syntetpose kan den eventuelt kombineres med? Håper på gode råd som gjør at jeg kan sove varmt og trygt uten å tømme bankkontoen 🙄 Mountain Equipment Glacier Expedition Sesong: Vinter, ekstrem Yttermateriale: DRILITE® Loft 50D, vindtett og vannavvisende Fyllmateriale: 90-10 Andedun med minimum 700 Fill Power Fyllvekt: 1352g (Regular), Mountain Equipment Sleep temp: -35°C Maks personlengde: 185cm (regular) Lengde innside: 204cm (regular) Bredde innside: 80cm Fotbredde: 50cm Glidelås: Venstre Pakkvolum: 34x29x25cm (LxBxD)(Regular), 35x30x25cm Vekt: 2020g (regular)
  5. Hei, Har nettopp bestilt meg en Mammut Tyin MTI winter og lurer på om noen har erfaring med hetta på denne eller 5-season utgaven. Ble litt overrasket over at hetta er så stor at jeg kan få plass til alpinthjelm og enda mer, og at det ikke er noen stramnemulighrter bak. Jeg lurer umiddelbart på om man produserer nye kondens inni hetta som følge av at man kan forsvinne inni hetta. Er det noen som har noen erfaringer å dele?
  6. Hei Jeg har det siste året blitt mer og mer glad i å sove ute og nå som det begynner å bli litt kjøligere på nettene fremover har jeg behov for en ny sovepose til høsten/vinteren. Jeg har en gaaaammel Ajungilak sovepose som jeg ikke aner hvor kommer fra, men har mitt navn på seg. Den er i fiber, er alt for stor og varmer lite. Men, man tar det man har så selv om comfort for damer sto til +4 ble den med en kald påskenatt i -10. Den natten har jeg ingen gode minner fra og må derfor skynde meg å investere i en ordentlig pose før kulda setter inn. Det står utenpå kompresjonsposen at den skal være 7,2l... Jeg har Exped Downmat 7 og et annet underlag under der igjen som er med på tur. Siden noen av turene er alene er jeg avhengig av en sovepose som ikke er for stor og tung. Helst en som er ca 1,5kg og så liten som mulig i volum da jeg for tiden har en sekk på 65L : https://www.fjellsport.no/osprey-aura-ag-65-challenger-blue.html Dessverre så er en del av volumet på sekken i topplokket som kan tas av dersom man ønsker en mindre sekk. Jeg kjøpte nettopp denne soveposen som jeg hentet på posten i går: https://www.fjellsport.no/marmot-wm-s-ouray-electric-purple-royal-grape.html Jeg kjøpte den ettersom limits (se under) ser ut til å kunne holde meg varm : T-comfort: -19ºC T-limit: -28,1ºC T-extreme: -52,5ºC Men, når jeg fikk den og stappet den i kompresjonsposen for å se hvor mye plass den tar, så tar den aaaalt for stor plass i sekken Den står beskrevet til å ha 'lavt pakkvolum' så jeg tok en sjans selv om antall liter ikke var oppgitt. På en nettside ser jeg nå at denne står til 11,2l. Er det noen som har tips til en sovepose til dame (er 163cm) som har dunfyll, veier inntil ca 1,5kg og har lavt pakkvolum til max Kr. 5000,-? Setter stor pris på alle tips På forhånd, takk -Madeleine
  7. Hei! Jeg har en vinterpose som er både for lang og litt for romslig. Lengden har jeg funnet en løsning på, men ønsker gjerne å sy en innerpose, da jeg fryser lett og den store posen rommer mye kald luft. Hvilket stoff bør jeg sy i? Har i utgangspunktet siktet meg inn på ullfilt, men så ved jeg at mange bruker fleece. Hva er best? Kanskje begge i en kombo? Til info har jeg et veldig godt liggeunderlag og sover med tørr ull på kroppen.
  8. Eg tenkte eg skulle bruka tilboda rundt omkring no med den svarte fredagen, til å sjå på vintersovepose til (snart) 13-åringen. Han har ein Helsport Rago Down damepose til tresesongs, men han treng ein eigen vinterpose. Sidan han er enno ikkje har blitt tenåring, så er ikkje ryggen hans av dei lengste. Dvs at han framleis bruker Osprey Ace 50 liter som hovudsekk og der skal sovepose, liggeunderlag, telt, stormkjøken, kle og kosedyr med. Og gjerne litt mat i tillegg. Så no lurte eg på tips til vinterpose til han. Sidan han er liten, så er både volum og vekt avgjerande og eg tenker dunpose. Han har vore på telttur no i helgja i -10 grader med min Mountain Equipment Glacier 1000. Han var varm og god og likte posen. Den posen er på tilbod med 49% rabatt, men er det andre posar eg skal ta med i vurderinga?
  9. Vintersesongen er her! 😃 Jeg ser på soveposer for vinteren (igjen), da jeg ikke fikk kjøpt en forrige sesong. Det blir for kronglete å ta med to sommerposer i år også. Jeg ser at Magasinet.no har en Mammut Ajungilak Kompakt Down Winter 180R - sovepose; Lurer på om det er noen som har noen erfaringer med denne eller andre gode tips til en varm og god sovepose med comfortemperatur mellom -0 og -18 grader. Jeg har lyst på dun, men det er mest på grunn av komprimeringen. Penger jeg ønsker å bruke er 2000-3000 kr
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.