Gå til innhold
  • Bli medlem

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'vik i sogn'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Velkommen til Fjellforum!
    • Om Fjellforum
  • Aktivitet
    • Fjellvandring
    • Ski og vinteraktiviteter
    • Kano, kajakk eller packraft
    • Andre aktiviteter
    • Jakt og fiske
  • Turrapporter
    • Turrapporter
    • Ekspedisjoner og utenlandsturer
  • Generelt om friluftsliv
    • Hunder
    • Mat på tur
    • Barn på tur
    • Helse på tur
    • Foto/Video
    • Generelt om friluftsliv
    • Samfunnsdebatt
  • Utstyr
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Primus og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon og elektronikk
    • Kniv, sag og øks
    • Kano, kajakk og packraft
    • Alt annet utstyr
    • Kjøp, salg og bytte
    • Alle utstyrserfaringene
    • Gjør det selv
  • Diverse
    • Turfølge - forumtreff
    • Bøker - media - foredrag
    • Podcasts om friluftsliv
    • Åpne hytter
  • Turer og treff i Oslo-regionen sine Hva skjer
  • Utfordringer sine Personlige mål

Categories

  • Utstyrstester
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Brenner og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon
    • Alt annet utstyr
  • Nyheter
    • Artikler
  • Guider
  • Turrapporter

Finn resultater i...

Finn resultater som inneholder...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Ble med

  • Start

    Slutt


Gruppe


Min blogg 📰


MSN


Skype


Interests


Sted

Fant 1 resultat

  1. Turen innover dette dalføret er ingen teknisk utfordring, men det er noko lengde på turen, ca. 1 mil kvar veg. Derimot byr dalføret på eit sjeldant storslagent og dramatisk fjellandskap rundt dalføret. Det er mao. svært villt fjellandskap i denne elles vakkert grøne stølsdalføret. Det er mange klatreveggar her inne, for dei som er interesserte i det. Nordaust for Rambera er det ein liten og bratt brearm (Steinbotnbreen) som kastar seg villt eit lite stykke nedover mot Gullsetedalen. Turen startar i Feios, 7-8 km. innover rv. 602 forbi Vangsnes ferjekai, Midtre Sogn. Kjem ein frå Vik, køyrer ein berre forbi Vangsnes ferjekai og vidare innover mot søraust. Kjem ein med ferja, svingar ein til venstre frå kaien, (der "alle" køyrer framover mot høgre i retning Vik/Voss). Passér butikken på kaien i Feios, der vegen krokar seg trongt og kryssar elva. Rett etter bakken opp frå brua tek ein av mot høgre og svingar kraftig inn på vegen oppover. Dermed er det berre å følgja vegen oppover Feiosbygdi til ein kjem lengst inn innanfor Tjønn og Grindedal. Eit lite skilt viser vegen til Gullsete. Køyr nett oppover grusvegen som tek av her innover 1-200 meter, og parkér før første grinda. (Skal ein køyra vidare, får ein ta kontakt med grunneigarane, men turen innover resten av grusvegen er ikkje lenger enn at det ikkje trengs, ca. 2 km.). Dermed er det berre å ta beina fatt oppover grusvegen. Snart er ein oppe ved den første stølen, som kallast Varpe. Der står det eit sel i vegkanten, 374 m.o.h. Dermed ber det litt oppover skogen, og vel framme ved ei støypt bru tek skogsvegen slutt. Ei gravemaskin var i arbeid der då eg gjekk der, så det kan godt henda at det skal lagast skogsveg lenger innover. Etter brua ber det på god sti innover skogen i dalføret. Oppe til venstre strekkjer Turid-dalen oppover, med Astrid-botnen til høgre for seg. Eg har høyrt om at folk går opp der og over høgda forbi Fresvikbreen og ned Helgedalen og Storedalen til Fresvik, lenger inne i Sogn. Etter ein kort marsj er ein framme ved Haugasete, 460 m.o.h. No ser ein innover Haugasetdalen, med Hestfjellet under Rambertinden/Rambera som blikkfang der inne. Stien held fram frå Haugasete, og trekkjer innover det skogkledde dalføret innover. Stundom er stien nære elva. Dette er Storelvi i Feios, ei noko så sjeldan som heilt urørt elv utan utbyggjing av noko slag. Det kan henda at enkelte av høgfjellsvatna sør og vest mot Seljedalen i Vik er overført Refsdal Kraftverk i Vik, men breelva frå Fresvikbreen er urørt iallfall, og den renn friskt. Eg hadde ikkje teke sjanse på å kryssa denne utan bru, så stor som den var i haustvarmen den dagen eg var der. Innover Haugasetdalen kryssar stien elva på ei bru, og vel oppe på ei svær steinurd av ein morenerygg ber det over elva på ei bru nok ein gong. Dermed er ein oppe ved Gullsete, 715 m.o.h., der stølen ligg oppå moreneryggen med flott utsyn nedover Haugasetdalen. Gullsete har namnet sitt frå at beitene her var så saftige at kyrne mjølka svært feit mjølk. Det mørkast og kraftigast gule smøret på stølane i Feios kom frå Gullsete, derav namnet. No skiftar dalføret namn til Gullsetedalen. Rett over stølen mot vest ser ein opp i Steinbotnen til høgre for Hestfjellet og Rambera/Rambertinden, 1623 m.o.h. Rambera kan nok bestigast ved vanleg gange ved å traska opp den lange fjellsida lenger inne i Gullsetedalen mot Svartavatnet, etter at skogen i fjellsida har stoppa opp. (Dei høgste trea når opp i ca. 1200 m.o.h. lenger nede i dalføret, såg det ut til). Det er skikkeleg bratt, men det såg framkomeleg ut. Frå Gullsete held eit solid sauetrakk vidare innover Gullsetedalen. Det ber over ein vierkledd flate, og deretter gjennom eit lite skogholt. Så ber det ut på dei breie lyngheiane. Her er det frodig, svært frodig. Den som likar tyttebær finn mange kilo av dei her inne. Sjeldan ser eg så mykje tyttebær på ein stad som eg såg her. Det som slår ein her inne er den rike og kraftige elvasusen, som vert stadig sjeldnare å høyra i norske fjell. Små flokkar av sauer beita villig her inne, og dei slår følgje med fjellvandrarane her inne i påvente av godsaker. Snart er ein oppe ved Svartavatnet, 983 m.o.h. No er ein inne i ein dramatisk og vill botn, der fjellsidene stupar nestan loddrett nedover mot vatnet. Store steinurder omkransar vatnet. Den største fossen oppe til venstre kjem direkte frå Fresvikbreen. Ein ser ikkje breen her nede frå, men den ligg nett bak kanten der fossen kjem i frå. Det verkar som at breen har trekt seg så mykje attende, at den ikkje er synleg nedefrå lenger. Sør for vatnet heng det små brearmar med blåis, men ingen av dei har direkte kontakt med Fresvikbreen. Då eg var der var elva for stor, men når ein kan kryssa elva kan ein trekkja oppover fjellsida mot vest, der ein kan gå opp til både Nummestolane (nærast), 1640 m.o.h., og Rambertinden, 1623 m.o.h. Ein kan óg trekkja opp steinurdane innanfor vatnet og trekkja over fjellet mot Feiosdalen og Fresvik-Jordalen. God tur til eit spanande fjellområde med dramatisk fjell- og bre-landskap. Jfr. FU sine bilete på Vestlandsquisen tidleg i september i år. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.