Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'utstyrserfaringer'.
Fant 2 resultater
-
Ute etter andres erfaringar og synspunkt på Norrøna sin reklamasjons- og reparasjonspraksis, samt kvalitet på spesifikt bukser. Kjøpte ei ny Trollveggen Gore-Tex bukse november 2022. For det aller aller meste brukt mellom mars og mai 2023 på ski. Oppdaga eit hull/revne i saumen i ræva, buksa vart sendt på reparasjon, som vart utført gratis og sendt tilbake. Eg la den i skapet, det var sommar. I september la eg den i sekken og tok den med til Dovrefjell. Oppdaga etter kort tid at det på nytt var eit hull i saumen same stad. Seinare på same tur raknar den skikkeleg i saumen same stad når eg bøyer meg ned. Full åpning. Eg tek kontakt med Norrøna og seier eg vil reklamere, og ikkje reparere, på buksa. Får beskjed om at det høyrest som ein fabrikasjonsfeil, men at eg må sende den inn, og vente på nærare beskjed/vurdering. So far, so good. Normal prosedyre. Via chat i løpet av prosessen gjev eg uttrykk for at eg er skeptisk til den buksa, at ei såpass ny bukse (under eitt år) med såpass lite bruk opparbeider seg ein reparasjonshistorikk med to registreringar på såpass kort tid (under eitt år!) Buksa blir så vurdert som/med reparasjonsevne, som blir utført gratis, og eg får beskjed om at buksa vil bli sendt tilbake til meg. Dette får meg til å lure på: a. Når kan ein «kreve» nytt produkt frå Norrøna, gitt deira eigentleg særs gode reparasjonsordning? b. Korleis er kvaliteten vurdert/erfart på nytt og reparert produkt? Lik, betre, dårlegare?
- 10 svar
-
- norrøna
- reklamasjon
-
(og 2 andre)
Merket med: