Gå til innhold
  • Bli medlem

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'steinkilehytta'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Velkommen til Fjellforum!
    • Om Fjellforum
  • Aktivitet
    • Fjellvandring
    • Ski og vinteraktiviteter
    • Kano, kajakk eller packraft
    • Andre aktiviteter
    • Jakt og fiske
  • Turrapporter
    • Turrapporter
    • Ekspedisjoner og utenlandsturer
  • Generelt om friluftsliv
    • Hunder
    • Mat på tur
    • Barn på tur
    • Helse på tur
    • Foto/Video
    • Generelt om friluftsliv
    • Samfunnsdebatt
  • Utstyr
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Primus og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon og elektronikk
    • Kniv, sag og øks
    • Kano, kajakk og packraft
    • Alt annet utstyr
    • Kjøp, salg og bytte
    • Alle utstyrserfaringene
    • Gjør det selv
  • Diverse
    • Turfølge - forumtreff
    • Bøker - media - foredrag
    • Podcasts om friluftsliv
    • Åpne hytter
  • Turer og treff i Oslo-regionen sine Hva skjer
  • Utfordringer sine Personlige mål

Categories

  • Utstyrstester
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Brenner og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon
    • Alt annet utstyr
  • Nyheter
    • Artikler
  • Guider
  • Turrapporter

Finn resultater i...

Finn resultater som inneholder...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Ble med

  • Start

    Slutt


Gruppe


Min blogg 📰


MSN


Skype


Interests


Sted

Fant 1 resultat

  1. Det var utsedvanleg fine vèrmeldingar for denne helga, så eg måtte nesten ta ein tur til fjells. Snønuten i Suldal var målet og eg hadde tenkt å gå inn den vanlege ruta frå Mostøl. Fredagskvelden fekk ein onkel av meg nyss om turen og ville gjerne bli med. Han var ganske kjent i området og foreslo å kjøre til endes på anleggsvegen inn til Skreivassdammane, ved Blåsjø, og ta ein rundtur derfrå. Lørdags morgon bar det innover Ryfylke. Etter to ferjer, ein stengd veg, ein heller dårleg grusveg og nærmare fem timar, så var vi klar for tur. Steinkilehytta Frå Skreivassdammane gjekk vi nedover til til hyttene ved Breidavadd, før det bar nordover om Skorpevaddet til Grjotdalen. Herfrå kryssa vi over elva, kom på nordsida av Litlafjellet og gjekk langs Leirdalsvatna inn til Steinkilehytta (Suldal fjellstyre). Det var bare delvis sti og ein del var merka med små vardar (Nødlingar). Vi fann greit fram og nådde hytta litt før sju, i det det mørkna. På hytta var det fire under rypejegarar, samt to grunneigarar som var ute for å sjå til villreinen. Då det var litt for varmt inne på hytta for soveposen min og det faktum at det var utruleg fint måneskinn ute, gjorde at eg tilbrakte natta under òpen himmel. Snønuten Litt over halv ni satte vi kursen for Snønuten. Først opp Steinkileskaret og ned til Midtvatnet. Der tok vi sørsida langs vatet og prøvde å sjå oss ut ei rute til toppen. Det vart til at vi gjekk på skrå oppover til vatn 1269, holdt rett på nordsida av høgde 1348 og gjekk inn i dalen ved vatn 1313. Området var ganske kuppert, men opp dit var det greit å gå. Frå vatnet gjekk vi bratt opp ei noko laus fjellside, før det flata ut før det siste toppartiet. Her rota vi oss oppi eit meget glatt snøfelt. Så var det ikkje mange metrane før vi var oppe ved toppvarden og kunn nyta den flotte utsikten. (Det kan henda at det er enklare å gå litt nord frå vatn 1313 og følge ein slakare rygg oppover) Etter ein time på toppen kom det opp nokre folk frå Mostøl. Vi tok avgarde nedover mot Øvre Reindalen og kom oss brukbart ned i eit lite dalføre. Sidan vi såg ein varde i skaret sør for punkt 1408, tok vi opp her og ned til eit lite vatn. Det var imiddlertid unødvendig, då det hadde vore lettare å gå dalføret nedover til vantet. Herfrå tok vi peiling på sørenden av Svartavatnet og der var det greit å ta seg ned. Vidare rett sør og inn på ein sti som tok oss ned til Kringleåna. I Nordaustenden av Gravetjørna kom vi over ein sau og to lam, som vi seinare ga beskjed om til rette vedkommende. Vi kryssa så over brua sør til Nøvlenuten, men her var det ikkje antydning til sti og vi rota litt for å koma oss ned til brua. Ved Nøveltjørna kom vi såvidt innpå ein merka T-sti, før vi kryssa over bekken i sørendan av tjørna. Vidare følgde vi nødlingar (små varder), men det var ikkje like lett. Vi gjekk ned eit søkk og runda sansynlegvis rundt pkt 1102, gjekk så mellom nokre små vatn og kom ned i Breiavadet. Så varte det ikkje lenge før vi var oppe ved Skreivasskleivane og då var klokka blitt sju på kvelden. Legg merke til at vegen frå Oddatjørndammen (frå nedsida av dammen) og inn til Skreivass er i dårleg forfattning, men den var kjørbar. Den opnar når all snøen har smelta vekk sjølv (august??). Sjekk med Statkraft viss du har tenkt deg inn dit. Vegen inn frå Gullingen til Oddatjørndammen er asfaltert og har grei standard. Legg ved nokre bilde
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.