Er det nokon som har reist på fly med brukt Primus/brennar i bagasjen i det siste?
Ser at på sidene til Avinor så står brukt Primus/stormkjøkken som ikkje tillatt å medbringe verken i handbagasje eller innsjekka bagasje, men at det kan vere unntak hjå dei enkelte flyselskapa frå denne praksisen. Intet definitivt svar å finne "offisiellt" altså og flyselskapet henviser til Avinor si liste over forbudte ting... Ser på nett det er mange som har blitt fratatt brennarane sine, og det vil eg helst unngå! Vil også unngå å kjøpe ein splitter ny brennar kun fordi eg skal flyge, som er den 100% sikre løysinga for å få den med. Samtidig så er det jo mange som får med seg brennarane sine på flyet, så eg vil gjerne vite KVA dei gjer for å få til det (med mindre det berre er flaks).
Var ein tur på flyekspedisjonen her i bygda og spurte folka i sikkerheitskontrollen om eg får med primusen, og då fekk eg fyrst nei før svaret vart endra til ja, så lengje den er rensa før avreise slik at der ikkje er drivstoffrestar (etter eg viste og forklarte at det ikkje er drivstoff i sjølve brennaren). Fekk også vite eg burde prøve å sette fyr på den før eg pakkar den i bagasjen. Skal sjølvsagt ikkje ha med gassbeholdarar på flyet. Så etappen heimanfrå til Gardermoen med Widerøe er i alle fall grei om det stemmer det eg fekk vite der.
Så då er spørsmålet om nokon veit korleis dette vert handheva på Gardermoen (utanlandsflyging)? Eller generelt hos SAS? Sjekkar dei bagasjen på nytt ved flybytte eller er eg på trygg grunn når eg får den gjennom kontrollen til Widerøe?
Det vart mange spørsmål, håpar nokon har erfaringar med dette.