Husets tenåring treng ny sekk.
No er Osprey Ace 50 for liten for han og han er alt for tynn til å bruka Osprey Xena 85/Xenith 105 Hagløfs 65 (dame, kjøpt i 2008) eller ein Lowe Alpine på 75 liter som me har her heime.
Kva andre sekkar enn Osprey Ace 75 skal me sjå etter som kan passa ein lang og tynn slamp på 175 cm og 55 kg? Han har føretrekt å bruka Osprey og har hatt Ace i 38 og 50 liter. Han har prøvd Gregory dagstursekk på rundt 30 liter. Sjølv om denne passar, så liker han ikkje å gå med han. Han har nok ein Osprey-rygg og ikkje Gregory akkurat som mor...
Og ja, han treng ekspedisjonsstorleik på sekken sin. Me må gå 2 km (og bæra alt) når me skal på hytta og i tillegg starter han på vidaregåande no med mykje friluftsliv året rundt.
Me skal til Oslo og prøva sekka, men må ha ein plan for kva me skal sjå etter