Fredag 25.02 var fantastisk fin i Frafjordheiane. Nesten ikkje eit vindpust og sol fra klår himmel.
Tok turen inn frå Hunnedalen. Alle dei vanlege rutene var kvista og eg følgde kvisteruta til Sandvatn turisthytte, ein fin tur i seg sjølv (ca 11km). Turen vidare til Degevass gjekk inn Sandvasskilen og her var det verkeleg varmt. Sidan dette ikkje er ei så veldig vanleg rute, så var det ingen andre i området. Vidare opp Sandvasslega og ned Heimre Halvfardalen til Degevassbu. Her var det nokre folk som hadde gått inn frå Valevatn/Sinnes og den ruta var både kvista og hadde spor.
Gjekk så dei 7 kilometrane tilbake til Sandvatn turisthytte. Her var det nokså folksomt og mange som skulle overnatte. Godt føre over Øyarvatnet på tilbaketuren til Hunnedalen. Ein og ein halv time tok det frå Sandvatn turisthytte, men då var det også så godt som mørkt (19.00)
Fleire bilde frå turen her: http://breogfjellsport.no/dir/pictures/album_window.php?albumID=262