Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'salopette'.
Fant 4 resultater
-
Skallbukse til dame. Erfaringer med Bergans Arctic Expedition Salopette?
Live S publiserte et emne i Bekledning
Jeg er på jakt, på jakt etter skallbukse til vinterbruk av typen ski-pulk-og-telt-tur. Spec-lista ser slik ut: Vindtett, vanntett, selebukse som går ordentlig godt opp på overkroppen, noen form for do-funksjon. I tillegg har jeg veldig lyst på klaffer over side-glidelåsen. Dette siste punktet ser ut til å være vanskeligst å få til... Foreløpig ser det ut som om Bergans Arctic Expedition Salopette den eneste som krysser av for alle punktene. Er det noen som har erfaringer med denne? Eller eventuelt har en annen bukse de er fornøyde med?- 6 svar
-
- bergans arctic
- bib
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Test Klättermusen Salopette Freke Vart ved ei tilfeldigheit anbefalt Klättermusen Salopette Freke sumaren 2015. Vedkomande prata varmt og lenge om den så eg sette den på "sjekk ut" lista mi. Da verdsveven avslørte prisen på sju laken +/- vart imidlertid planen fort parkert. Seinare på hausten dukka den opp på Black Friday til "berre" fire laken så da var det berre å slå til. Etter omlag to års bruk har eg gjort meg opp nokre tankar om buksa. Buksa har vært brukt mellom 60 og 80 turar, hovudsakleg toppturar. Fyrste inntrykk av buksa er tung og solid. For dei av oss som gje blanke filla i lettpakkingas edle kunst er sjølvsagt tung og solid ein naturleg samanheng. Hekter over sideglidlåsen på beina og sida av låra virka pludrete, noko som vart bekrefta ved seinare bruk. Ein kamerat av meg som kjøpte same bukse måtte file til hekte for at den skulle passe inn i hempa. Dette er diverre noko som går att for denne buksa. Til ein pris på opp mot 7500 og 7000 meir som standard pris er det mange løysingar som er tungvinte og ikkje held mål. Pludrete hekter er allereie nemnd. Gamasjebøyler funker bra når dei er på plass og som metallbøyler tolar dei det meste, men er problematiske om du brukar dei frå smalare fjellstøvlar til breiare plastikkstøvlar. Lause delar ein må huske å pakke med er jo også eit moment. Tipper fleir enn meg har reist på tur med gammasjebøylane liggande att på kommoden i gangen... Gamasjesystemet. At eg ikkje finn nokon praktisk stad å ha stumpen etter stramminga er enda eit irritasjonsmoment. Har dei ikkje testa systemet? Ein liten trykk knapp, borrelås, kva som helst anna enn å ha den hengande å slenge. Dyttar den opp i bretten mellom glidlås og borrelås, men der heng den ikkje lenge om gongen. Det er ikkje unikt for Klättermusen Salopette Freke, men at ei vinterbukse ikkje er ferdig levert med kneputer (spesielt til den prisen) er for meg uforståeleg. KSF har rettnok moglegheit for kneputer, men Klättermusen leverar ikkje dette så vidt eg kan sjå. Til Klättermusens forsvar er det ikkje noko stor heksekunst å lage eigne, men atter ein gong, 7000... Glidlåsen i buksa er solid og går heilt opp så ein kan ta av buksa utan å ta av sko. Dette nyttar ein seg da sjeldan av da nemnte lårhemper er pludrate (går sjølvsagt greitt i fint vær). For meg er dette kun ei vinterbukse. Med såpass tjukt og varmt stoff og farga svart i tillegg vel eg andre bukser sjølv på varme skidagar. Sumarsbruk er berre å gløyme. Så til det positive. Brukskvaliteten er super. Etter over 60 turar med til tider hard bruk ser buksa fortsatt ny ut (ei luktprøve avslørar dog fort at så ikkje er tilfelle). Bibsystemet er svært kjært på ei vinterbukse, KSF er ikkje noko untak. To store gode lårlommer er svært praktiske. Det er også ei tredje relativt stor lomme på bibdelen. Buksa gje også ein del oppmerksamheit da mange er svært nyskjerrige på den. Vinterbuksenes Rolls Royce, på godt og vondt? Eit par representantar for ei forretning som førde KSF vart fort mindre interessert da eg ga dei den negative tirada mi ved eit høve. Summa summarum, har du ein bruk av turbukse som gje ekstra stor slitasje og er villig til å betale skjorta for det er KSF buksa for deg. Har du normal bruk er det mange andre billigare og like bra eller betre alternativ. Den dagen mi noverande bukse er utslitt skal eg ha eit svært godt tilbod før eg kjøpar den på nytt, men er tilbodet godt nok slår eg til utan tvil. Slitasjestyrke trumfar andre heftelsar berre prisen er låg nok. Kamerater med feite Mærcer og fancy Beemers har slutta å invitere meg med på tur. Ein kunne sjå dødsangsten i auga deira da dei såg for seg sensuelt samkvem mellom ei nypolert lakkoverflate og metallhempane...
- 2 svar
-
- 5
-
- test
- klättermusen
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Jeg vurderer å kjøpe buksa Klättermusen Women's Freke Salopette, men er veldig usikker på størrelse. Jeg bruker som regel 40-42 i vanlige bukser. Er likevel usikker på om jeg bør gå for M eller L. Noen som har erfaringer med str på denne buksa?
- 7 svar
-
- klãttermusen
- salopette
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
DIY; legge opp og skifte glidelås i Klattermusen Freke.
Tessatroll publiserte et emne i Gjør det selv
Hei Eg har ei klattermusen Freke som eg er veldig glad i passforma på. Eg er dog glad i å ha det romsleg i skallklea mine, i tillegg til at eg har litt korte bein. Klattermusen trur eg på generel basis opererar med lenger bein enn vanleg relativt til vidde, og då kjem eg litt skeivt ut. Eg har kome i tankar om å legge den opp. Først tenkte eg på det som tilnærma umogleg, så det er så mykje "dilldall" nede på beina på den, samt langsgåaende glielås heile vegen. Dog har eg etter eit lite besøk inne på extremtextil sine sider komt fram til at det må vere råd å få til. Eg har ikkje har behov for å rekonstruere alle detaljar nedst på beinet, men lurer på kva som vil vere greiast å få til, av å legge opp nedst på beinet eller korte den inn over kneet i staden og behalde ankelområdet as is. Nokon tankar frå dykk som er meir røynde med å konstruere eiga bekledning? Eg må uansett til å sette i nytt kortare glidelås i sida, men er ute etter enklaste løysing på beinlengd- 6 svar
-
- klattermusen
- freke
-
(og 3 andre)
Merket med: