Eg og ein kamerat skal på kanotur ei vekes tid ein plass i Sør-Norge i starten av Juli. Vi har lyst på ei elv med ein del artige stryk, og som gjerne ligg litt unna nærmaste bilveg. Erfaringa til meg som er minst erfaren er padling av Altaelva (med litt bæring), samt litt flattvatn-padling. Vi har tilgang på bilar, så vi treng ikkje komme tilbake til bilen. Om vi veltar i elva er det berre moro så lenge konsekvensane ikkje er meir enn å bli våt.
Er det nokon som har padla eller kjenner til ei kjekk elv som passar til denne beskrivelsen?