Eg har lenge brukt Canon sitt 450D til å ta bilete med, men har kommet så langt at eg føler eg treng ein oppgradering. Eg har litt pengar å legge i dette, og først falt valget mitt på størstebroren innan cropkamera, Canon 7D. Etter å ha lest og sjekka ut dette på nettet har eg funnet ut at mange meiner 650D er eit like bra kamera reint biletemessig, og dette er det som veg mest for meg. Det at kamera veg mindre og samtidig er noko billigare gjer at dette fort blir like aktuelt. Eg veit at lågare vekt og lågare pris må vegast i mot treigare serieopptak, dårlegare værtetting og dårlegare søkar, men særleg vekt og størrelse peiker mot 650D for meg som går mykje på tur. For å oppsummere:
For 7D: Robust, raskt, god søkar og lang batteritid
For 650D: Vekt, størrelse, bedre fokus på video, må ikkje kjøpe CF-kort og pris.
Planen var å investere i eit kamera eg kunne ha i mange år, men ikkje gå over til fullformat. Det skurrer likevel litt i hovudet mitt at det beste alternativet er ein nyare versjon av same kamera når det finnes to dyrare seriar. Er det nokon av dykk som har peiling på dette som kan seie om eg har tenkt rett, eller om dei større og dyrare kameraene har noko meir å by på?