Køyrte Riksveg 255 gjennom Espedalen i dag og fant ut eg hadde nok til til å svinge innom Helvete ein tur.
Helvete er ei samling jettegryter danna under siste istid for omlag 10.000 år sidan. Før siste istid rant elva nordover mot
Skåbu og Vinstra. Dette endra seg under siste istid og enorme ismasser la ekstra press på vatnet på tur sørover.
"Sentrifugestrømmer" (får sikkert kjeft for denne formuleringa av geologer...) plukka med seg stein og skura opp gryter i berget.
Sidan braut elva gjennom morenemassane ved Skåbu og vatnstraumen tok oppatt det tidlegare løpet ned mot Vinstra.
Jettegrytane i Helvete er dei største i Nord Europa, opptil 50 meter djupe og 25 meter breie. Navnet Helvete kjem truleg av at
området var trasigt å passere med hest og slede i tidlegare tider.
Helvete er skilta frå Riksvegen og området er tilrettelagt med stor parkeringsplass og ein kiosk som er ope sumarstid. Råket ned til grytane er skilta og til tross for snø er det fleire som har vært dernede tidlegare så eg slapp å tråkke løype.
Ned til grytane er det satt opp rekkverk så det er enkelt å gå heilt ned i dei og denne vinteren har gjort dei ekstra spektakulære med
kjøving og istapper. Helvete hadde dog ein liten overraskelse til meg i form av eit mindre infarkt eg pådro meg da snøen ga frå seg eit
solid drønn da eg var på tur ut til eine utsiktsplattforma...
Og for dei som liker musikk til naturopplevelsane er det nokre sømmelege alternativ her:
http://www.youtube.com/watch?v=ZrCw8po7JKo
Lyset var dårleg i dag men eg legg ved nokre bilete.