Ei henvending til dei av dykk som har vore på fottur på Island.
Eg skal i sommar gå frå nord til sør med startpunkt Rifstangi og avslutning Dyrholaey. I den forbindelse er eg på utkikk etter meir eller mindre gøymde perler/ruter ein bør traske innom som input før eg spikrar noko ruteval. Eg er på eit rimelig tight tidsskjema, så nokre lange avstikkarar er det ikkje plass til i denne omgang. Tips til (passeleg ) varme kjelder på vegen slik at ein får seg ein liten dukkert mottakast med stor takk! Eg ser allereie fram til ein dukkert og mykje trengt rundvask når eg kjem til Landmannalaugar, men det hadde vore fint å vite om moglegheiter utanom det også.
Ca rute vert ganske forenkla med waypoints:
Rifstangi-over Melrakkasletta-Asbyrgi-Dettifoss-Myvatn-Aldeyarfoss-Nyidalur og Landmannalaugar via Sprengisandur-Thorsmörk- Skógar-Solheimasandur-Reynisfjara-Dyrholaey.
Kart:
Ser også det er fleire produsentar av kart på marknaden og har lest litt på nett som er for og i mot dei ulike. Nokon som har noko erfaring med kva kart som er dei mest nøyaktige/beste for fottur? Det blir nokre kartblad på denne turen så då vil eg bruke pengane mine på dei beste.
GPS-kart:
Skal også skaffe meg ein GPS før denne turen og lurer også på om nokon veit om gode kart til GPS for island (helst gratis)? Førebels kan det sjå ut til at eg landar på ein Garmin gpsmap 64s så det må vere kart som passar til den modellen.
Bøker/ressursar:
Om nokon har tips til litteratur som er verd å lese før turen så tek eg gjerne i mot tips. Det finst mykje forskjellig å finne når ein googlar, men det er ikkje like lett å vite om det er særleg relevant ut i frå eit lite utdrag av boka, så her vil eg gjerne vite kva andre har funne nyttig.