Gå til innhold
  • Bli medlem

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'hytte'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Velkommen til Fjellforum!
    • Om Fjellforum
  • Aktivitet
    • Fjellvandring
    • Ski og vinteraktiviteter
    • Kano, kajakk eller packraft
    • Andre aktiviteter
    • Jakt og fiske
  • Turrapporter
    • Turrapporter
    • Ekspedisjoner og utenlandsturer
  • Generelt om friluftsliv
    • Hunder
    • Mat på tur
    • Barn på tur
    • Helse på tur
    • Foto/Video
    • Generelt om friluftsliv
    • Samfunnsdebatt
  • Utstyr
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Primus og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon og elektronikk
    • Kniv, sag og øks
    • Kano, kajakk og packraft
    • Alt annet utstyr
    • Kjøp, salg og bytte
    • Alle utstyrserfaringene
    • Gjør det selv
  • Diverse
    • Turfølge - forumtreff
    • Bøker - media - foredrag
    • Podcasts om friluftsliv
    • Åpne hytter
  • Turer og treff i Oslo-regionen sine Hva skjer
  • Utfordringer sine Personlige mål

Categories

  • Utstyrstester
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Brenner og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon
    • Alt annet utstyr
  • Nyheter
    • Artikler
  • Guider
  • Turrapporter

Finn resultater i...

Finn resultater som inneholder...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Ble med

  • Start

    Slutt


Gruppe


Min blogg 📰


MSN


Skype


Interests


Sted

Fant 10 resultater

  1. Denne turen starter ved Eikebrekka og går inn til Stavanger Turistforenings nye og meget moderne hytte Kvitlen. Kanskje er dette Norges flotteste hytte? På veien innover er det som å vandre i et norsk folkeeventyr hvor turen går gjennom de frodigste daler og vakreste berg. Fisken vaker i Laugarvatnet så ta gjerne med fiskestangen og på enden av østsiden ligger en synlig morene fra forrige istid. Har du ikke tatt denne turen enda er det på tide nå! Kvitlen er veldig populær så det vil det lønne seg å reservere seng på forhånd. For mer info om denne fantastiske hytta, klikk her. Av de første bildet kan dere se at det er fullt mulig å ta seg et herlig bad i elva rett ved hytta, og siden det er såpass grunt lengre opp holder vannet en grei temperatur også. Litt småvak i elva oppover men stort sett er disse veldig små. Turen inn tar 3 timer uten pause, tilbake fra Kvitlen tar det 2,5 timer uten pause. Det er kjappere enn hva UT.no turen sier men jeg gikk i mitt vanlige tempo. JEg foretrekker denne noe lengre turen inn kontra å starte i Bjordal, da det er 85% skogsterreng fra Bjordal og ikke i nærheten så flott å gå som fra Eikebrekka. Link til turen på UT.no (Nydelige Austdalen) (Austdalen tilbakeblikk) (Laugarvatnet) (Brattabø) (Din egen sandstrand?) (Kvitlen) (Fantastisk utsikt fra kjøkken- og spiseområdet) (Kvitlen i morgensol)
  2. Siden lillemann no er 4 år, er det ikkje lengre lett å bære han i bæremeisa. Derfor er eg på utkikk etter hytte til hyttetur helst via DNT sitt nettverk som han kan klare å gå til sommeren. Eg bor på Sunnmøre, så helst ikkje halve Norge unna. Noen som har en ide? Har kikket på Jutulheimen som første ønske, om noe i Huldreheimen? Noen som har erfaringer og anbefalinger?
  3. Er på jakt etter inspirasjon til neste sommers turer og derfor: Hvilke hytte mener du er beste utgangspunkt for dagsturer og hvorfor? Tar imot alle forslag, men i første omgang: - Sør for Trondheim - Gjerne betjent hytte (men ikke noe absolutt krav) - Lett tilgjengelig (bilveg etc.)
  4. Hei! Jeg er helt ny her på forumet, og trenger noen tips til tur. Fant ikke noe emne som ga meg svar, så håper jeg på flere tips her Har gått en god mengde i fjell og skog i løpet av livet, men ikke noen langvarige turer. I fjor gikk jeg og typen en passe lang tur fra hytte til hytte, men jeg synes det ble litt vel folksomt på noen av hyttene. I år vil vi derfor gå en tur litt lenger vekk fra de mest populære tråkkene, og i hovedsak bo i telt. Skal investere i et større telt (ble i trangeste laget med det minste for to stk fra Helsport). Ønsker gjerne et område med variert landskap. Viktig med flere innsjøer, da vi har fått øynene opp for fiske og vil prøve oss mye på det. Muligheten for å ta en natt på turisthytte er også fint, hvis det er pøseregn og torden mange dager i strekk, og vi er tomme for proviant. Har kikket litt på Setesdalheiene, noen erfaringer fra dette området? Målet er ikke å gå så langt eller så høyt som mulig. Vi vil nyte naturen og få frisk luft Tåler dagsetapper på 1-2 mil, men kanskje ikke hver dag. Hadde vært greit med en rundtur som starter og ender opp et sted hvor vi kan ta buss/tog. Hvor ville du selv gått med typen /dama på din første lange, sammenhengende telttur? Lengde på tur: ca. 1-1,5 uker. Er allerede kjent med Tyinområdet, Langsua og Lillehammer, så hadde vært spennende med noe nytt. Nord-Norge blir nok dessverre litt for lang unna. Takk på forhånd for tips
  5. Hei, folkens! Eg har nokre ting som eg prøvar å finne ut av i samband med allemannsretten og hytte i utmark som eg vonar nokon her kan hjelpe meg å nøste opp i. Lat meg fyrst begynne med å seie at eg på ingen måte er nokon motstandar av allemannsretten – tvert imot, eg har hatt mykje glede av denne sjølv, og eg er sjeleglad for at folk heller tek ein tur ut i Guds frie natur enn å sitje inne framføre ein skjerm. Dette er ein rett me lyt hegne om og ta vare på. Når det er sagt så tykkjer eg nok stundom at det vert litt for mykje fokus på kva rettar ein har i høve til lovverket, og at det vert sagt for lite om pliktene. Eg vonar folk har tolmod til å lese alt eg skriv, då dette nok vert eit rimeleg langt innlegg. 🙂 Eg tykkjer likevel at eg lyt skrive såpass for at eg skal få fram alle aktuelle og relevante moment. Problemstillinga mi er som fylgjer: Me har ei hytte i utmark, som fram til for få år sidan låg 30-40 minutts gangtid frå næraste bilveg. Denne hytta har alltid vore «friplassen» til familien vår, der me reiser for å kople av i ro og fred. Slik har det vore heilt til for nokre år sidan, då det vart etablert eit stort hyttefelt i nærleiken. Hyttefeltet gjer at ein no kjem nærare hytta med bil, så no er det berre 10-12 minutt å gå opp dit. Vidare så er det slik at frå dette hyttefeltet så er der ein oppmerkt tursti til ein fjelltopp i nærleiken. Denne turstien er i periodar sterkt trafikkert av turgåarar. Frå turstien går der ein sidesti som går opp til hytta vår. Denne sidestien er ikkje merkt som tursti (og har ikkje tradisjonelt vore brukt som dette), men det tok ikkje så lange tida før folk begynte å ta denne i bruk. Så langt er for så vidt alt greitt. Problemet vårt er at stien som går opp til hytta vår vert brukt for å kome opp til eit fiskevatn i nærleiken (eller berre for generelt å gå tur i området). Denne stien går rett gjennom hyttetunet vårt, og på grunn av terrenget så vert folk gåande rett forbi hytta vår (og når eg seier «rett forbi» så meiner eg så nær at dei bokstaveleg tala kan leggje handa på verandarekkverket når dei går forbi). Då det i høgsesongane er veldig mykje folk som går denne vegen så har dette blitt særs sjenerande for oss. Det vert ikkje betre av at mange tykkjest meine at det er heilt greitt å stå og kikke inn vindaugo våre, fyre opp bål rett i nærleiken av hytta, forsyne seg med ved frå vedlageret vårt, bade splitter nakne i direkte utsikt frå stovevindauga vårt eller stele ei grillrist for å lage seg mat (alt dette er reelle ting me har opplevd, og noko av det skjer relativt ofte). Eg har mange gonger prøvd å prate med folk som går forbi og bede dei (på ein roleg og høfleg måte) om å i det minste gå på baksida av hytta når dei går forbi. Det svaret eg har fått frå dei fleste er at dei ikkje trudde det var folk på hytta, men dette er som oftast umogeleg å konstatere før ein er på framsida av hytta og kikkar inn stovevindauga, og då er «skaden» allereie skjedd. Etter å ha levd med dette i nokre år så ynskte me no å gjere tiltak for å prøve å avgrense denne ferdsla. Det me gjorde var å lage ein «tursti» på baksida av hytta, der me brukte eit par dagar på å rydde skog og merkje opp med blåfarge (slik som andre turstiar i området er merkte). For dei som skal til det tidlegare nemnde fiskevatnet eller berre generelt gå tur vidare innover heia så er denne nye stien eit både kortare og tørrare alternativ enn å ta vegen rundt hytta vår og vasse gjennom myra på baksida av denne. I tillegg til dette så sette me opp skilt med «privat veg» dei siste 50 meterane eller så frå hytta som ei ytterlegare bevisstgjering i høve til den nye turstien me hadde laga på baksida. (Her bør òg nemnast at hyttetomta ligg på ein plass rett attmed ein foss der det er fin badeplass og god utsikt, noko som gjer at folk trekkjer dit av dei grunnane. Me vona likevel at den nye turstien på baksida, samt dei skilta me sette opp, ville vere med på å bevisstgjere folk på vårt ynskje om privatliv på hytta vår.) Me var på hytta no i helga, og det fyrste som møtte oss var at nokon hadde rive ned det eine skiltet med «privat veg» og hiva det langt til skogs. Ikkje lenge etterpå begynte folkestraumen forbi hytta på same måte som tidlegare (inkludert dei nakenbadarane eg nemnde tidlegare). På veg ned att trefte me nokon som var på veg til å gå forbi hytta, og me spurde dei (igjen heilt roleg og høfleg) om dei kunne vere så greie å gå den nye turstien me hadde laga. Fyrst fekk me eit halvsurt svar om at det ikkje var godt å sjå denne stien (trass i at han er svært godt merkt der han begynner), og deretter ein like halvsur kommentar om at då fekk dei ikkje sett på utsikten utanfor hytta vår på vegen til fiskevatnet. Det vart likevel til at dei snudde og bruka den nye stien. (Det skal seiast at me ser at ein del har brukt den nye stien, men tydelegvis vel mange å berre ignorere han.) Eg tykkjer ikkje noko av dette er noko moro, for både eg og kona mi er i utgangspunktet blide og folkekjære menneske, og eg har liten lyst til å verte oppfatta som «han sure hytteeigaren» (eller som «Gamle Bry’n» for dei av dykk som høyrer på Hellbillies 😉). Problemet er berre at alternativet (i alle fall for oss) er verre, og det er å misse store delar av privatlivets fred på hytta vår, samt å leve med kraftig auka slitasje og anna ugreie som den store trafikken fører med seg. Det eg lurar på er i botn og grunn kva mogelegheiter eg har til i høve til lovverket, både med tanke på kva eg kan seie til folk som argumenterer med allemannsretten i dette høvet og med tanke på kva tiltak eg kan gjere for å hindre denne ferdsla gjennom hyttetunet vårt. Eg har lese grundig gjennom «Lov om friluftslivet (friluftsloven)» utan å verte heilt klok på kva som gjeld i dette høvet og ikkje. Under her har eg lista opp utdrag av enkelte paragrafar, samt dei spørsmåla eg har i høve til desse. Vonleg er det nokon her som har noko å fare med i denne samanhengen: Frå § 1 a: «Som innmark eller like med innmark reknes i denne lov gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område hvor almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker.» Kan hyttetunet vårt, når hytta ligg i utmark, definerast som «gårdsplass»/«hustomt», eller i det minste som «liknende område», og såleis gjelde som innmark? Vil det, ut frå det eg har beskrive ovanfor, vere rimeleg å seie at «almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker» i dette høvet? Frå § 2: «I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.» Vil det vere rimeleg av meg å hevde at den trafikken og åtferda eg har beskrive ovanfor ikkje skjer «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet» (mest relevant viss hyttetunet vårt ikkje kan definerast som innmark i høve til § 1 a)? Frå § 8: «Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.» Vil det ut frå denne paragrafen vere rimeleg å vise bort folk som badar i elva rett attmed hytta vår? Er i underkant av 50 meter frå hytteveggen å rekne som kortare enn det ein kan rekne som «rimeleg avstand»? Er ei hytte «bebodd» berre når der er folk, eller gjeld det så lenge hytta er i jamleg bruk (eg ville no til dømes meint at eit bustadhus framleis er «bebodd» sjølv om husfolket er bortreiste på ferie)? Frå § 11: «Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade. Han plikter å se etter at han ikke etterlater seg stedet i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen. Grunnens eier eller bruker har rett til å vise bort folk som opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe.» Vil det vere rimeleg å seie at den framferda eg har synt til over her er som «hensynsløs» eller «utilbørlig atferd» å rekne, og at eg såleis ville kunne vise bort folk frå hyttetunet vårt på bakgrunn av dette? Frå § 13: «Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett. Uten særskilt hjemmel er det ikke tillatt å sette opp skilt eller på annen måte kunngjøre forbud mot ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov.» Kan nokon ut frå dette hevde at dei skilta eg sette opp på siste delen av vegen inn til hyttetunet med «privat veg» er ulovlege, trass i at eg har laga alternativ sti for turgåarar, og trass i at stien som er merkt som privat berre går til hyttetunet vårt og direkte nærliggande område? Frå § 16: «Blir en eiendom i særlig grad utsatt for almenhetens ferdsel kan kommunen med samtykke av eieren eller brukeren bestemme hel eller delvis sperring av eiendommen, når ferdselen gjør nevneverdig skade på den eller er til vesentlig hinder for den bruk som eieren eller brukeren gjør eller ønsker å gjøre av den.» Er der noko opning i denne paragrafen for at eg kan søkje kommunen om eventuelt å setje opp gjerde eller tilsvarande stengsle for å hindre ferdsle over hyttetunet vårt? Det var det i denne omgang – då lyt eg seie takk til dei som orka å lese så langt! 😃 Eg vonar verkeleg at dette ikkje berre vert oppfatta som klaging og syting frå vår side, det som går føre seg opplevast verkeleg som eit stort problem for oss, og som at hytta og hyttetunet vårt (i alle fall i store periodar av året) er mykje mindre attraktive enn før. Eg understrekar enno ein gong at eg ikkje er ute etter å hindre nokon i å nytte allemannsretten for å ferdast i området generelt, noko som skulle vere bevist av den tilrettelegging me har prøvd å få i stand. Det einaste me ynskjer er å kunne ha normalt privatliv, ro og fred på hytta vår. Ha ein flott dag vidare, og takk for alle svar! 🙂
  6. Mizzy

    Sognefjellet

    Jakten på påskefjellet (Sognefjellet) 2017 Turen startet på tirsdagsmorgen da vi hadde noen mil å legge bak oss. Vi forlot Trondheim i skikkelig rufsevær og sludd, og så litt skeptisk på mange mil i slikt føre. Heldigvis endret det seg når vi kom lenger sør. Ned Dovre var det sol og forholdsvis bare veier, og våren møtte oss sakte, men sikkert inn mot Lom. En rask tur innom det berømte bakeriet i Lom (Morten Schakendas bakeri) måtte til før vi satte nesen mot Påskefjellet. Det sies at mannens vei til hjertet er gjennom magen, så dette smakte akkurat litt bedre enn forventet, og både jeg, samboer og barn var veldig fornøyde. Anbefales! Det var stålende sol og skikkelig vårvær i det vi kjørte inn mot Lom, så vi var spente på om vi kom til det påske- vinter - været vi hadde ønsket oss. Bildet over viser utsikt og vær fra Bakeriet Videre innover fjellheimen åpenbarte det seg et snødekt landskap og temperaturen sank drastisk. Entusiasmen var stor, og nå gledet vi bare oss til å komme frem til hytta og nyte den fine påsken langt borte fra all bylarm og mas. Her er rett ved bommen ved Rustasætra, der alle bilene må parkere da RV55 er vinterstengt. En herlig April dag og perfekt start på påskeferien. Vi ble omsider hentet med scooter, og hadde derfor antagelg pakket med oss altfor mye og skulle likevel få oppleve litt luksus under primitive forhold. Vel fremme på hytta kunne vi bare starte fyringen med en gang, for å få varme, og mens hytta varmet seg kunne vi starte gravingen av uthuset som med sin plassering rett under en fjellskråning hadde som forventet blitt nedsnødd. (Beklager, men her mangler jeg bilde 😂). Det ble hentet masse snø vi kunne tine og sikret oss vann for resten av kvelden. Vel utslitte den første dagen ble det enkel middag og rett til køys. Utsikten fra hytta var upåklagelig. Hvitt på hvitt i alle slags nyanser. Solbriller, solkrem og votter var et must. Panorama med utsikten fra hytta utover mot Fanaråken og Prestesteinsvatnet mot høyre og smørstabbstindene helt bakerst mot venstre. Kvelden kom og vi kunne nyte en god middag med vin, og ta frem påskegget. Påskeegg til store og små, og viltgryte med medbrakt elgbiff og en god flaske rødvin. Vi hadde varierende vær hele uken, og onsdag og torsdag var det ganske overskyet. Så noen langturer ble det ikke. Gutten ble syk, og vi fant ut at vi kunne pleie han og kose oss innedørs. Det endte jo selvsagt med at alle mobilene og pader gikk tom for støm på kort tid, og reserve laderne (4stk) streiket og tapte strøm på grunn av kulden. (?!) Dab radioen vi hadde med levde også sitt eget liv og kunne ikke hente inn noen nrk kanaler i det hele tatt. De andre kanalene kom og gikk etter forholdene utenfor hytteveggen. Bøker, kortstokk og magasiner var veldig gode å ha🙂 Om morgenen var vi oppe tidlig for å holde fyr i ovnen, og kunne se flere fine, hvite ryper i sin vinterprakt rett utenfor hytta, og virkelig oppleve en stillhet vi sjelden får i byen. Alt var helt stille rundt oss, og snøen lå som et urørt vinterteppe så langt øyet kunne se. Kuldegradene holdt oss i aktivitet, og vi fikk kjenne på vinterens mange sider. Torsdag fikk vi besøk på hytta av to pensjonist kompiser fra østlandet som hadde vært på samme tur i flere tiår. De hadde tenkt å søke ly bak hytteveggen for å spise lunsj, men jeg inviterte de inn på en god varm kopp kaffe slik at de slapp sitte ute i snøfokken. Veldig koselige karer som det skulle vise seg at vi møtte igjen siste dagen på fjellet. Samme kveld slo været om vi kunne for første gang se konturene på Fanaråken på andre siden av vannet. (Les: isen) og virkelig nyte utsikten av landskapet rundt oss. Solnedgang, sternehimmel og sikkert -15 minus. Langfredag skinte solen og det ble en fantastisk dag på fjellet. Vi fikk gått på ski og gikk i både oppkjørte løyper og ned i dalene. Fikk til og med tatt en utepils i det herlige været. Samboer labbet ned på ski til nærmeste turisthytte med ladere, og jeg og gutten koste oss og slappet av etter skituren. Dette er tydeligvis en populær ferieplass for folk som er glad i ski og toppturer. Hele dagen var det folk på løypene, og i godt humør- Mange så ut som de var godt kjente og brukte denne til gode treningsøkter. Strekningen er fra Krossbu i Lom kommune til Turtagrø i Luster kommune. Lørdag ble det en liten tur på ski halveis rundt vannet og på toppen ved Fanaråken, der vi bare nøt utsikten, så tilbake over isen. Gutten hadde ikke blitt noe bedre, så vi valgte pakke sakene og dra tilbake til sivilisasjonen i Krossbu for å overnatte der. Det var veldig godt å finne en god varm dusj og få seg et godt måltid før vi fant køya og bilen neste morgen. Det ble heldigvis tid til å ta fine bilder både med mobilen og med kamera. (Noen ligger allerede ute på instagram. ) (Fanaråken og Prestesteinsvatnet tatt med telezoom linse, så distansen virker mye nærmere enn det egentlig er.) Anbefaler definitivt sognefjellene til dere som er glade i ski og skikkelig vinter. Vi fikk desverre litt varierende vær, men når solen skinte så var det uten tvil en av de mest magiske øyeblikkene på fjellet. Men det er viktig å planlegge turen da det var rene hodebryen med transport innover til hytten med scooter. Grensen går midt i fjellet der vi var og det er endel byråkrati i forhold til løyver, persontransport og stenging av veiene. Om sommeren er veiene åpne for trafikk. Vel hjemme er jeg blitt syk og liker å skylde på den dårlige bylufta. Er nok ikke lenge til jeg skal på tur igjen, kjenner jeg😀
  7. Jeg og min datter på 5 år skal på vår første DNT-hyttetur, kona er sannsynligvis med. Hun er vant med å gå dagsturer, men ikke så bratt. Jeg er fjellgeit og bærer alt til hele familien. Hvilken hytte har enkelst adkomst nær bergen? Vi kan ta bil eller tog. Bergen turlag foreslo Høgabu for oss, men jeg synes å huske at det er en ganske tung og bratt tur, kanskje jeg husker feil? Hva er den aller enkleste førtegangsturen vi kan velge oss? Vi ønsker ikke å kjøre bil helt fram til døren. Jeg kan lese kartet på ut.no, men litt lokalkunnskap ville vert til stor hjel for å vurdere vanskelighetsgradene på turene.
  8. Hei! Jeg og partneren min har tenkt oss på en 4-5 dagers fjelltur enten til Preikestolen og Kjeragbolten eller Besseggen og området rundt. Noen tips i forhold til kollektiv transport fra Oslo til begge områdene? Vi har også tenkt å overnatte på hytter i området og ikke ta med telt, hadde satt pris på tips om dette også Lurer også på om å bli medlem i turistforeningen. Partneren min er engelsk, og har ikke mye erfaring med å gå i fjellet. Tips mottas med glede!
  9. Kanskje eit rart spørsmål, men eg spør likevel! Eg skal på ein vekelang vintertur på Hardangervidda, der eg stort sett skal bu på betjente, privateigde turisthytter. Eg skal kjøpe frukost på hyttene, men ynskjer ikkje å kjøpe matpakke der. Eg vil lage niste av medbrakt mat, både av økonomiske årsaker og fordi eg føretrekk mitt eige "nistekonsept" framfor maten dei har på hyttene. Spørsmålet er om det er frekt å ha med eigen fjøl, pålegg, emballasje osb. og smørje nista si ved bordet i matsalen på ei slik hytte? Eller gjer folk dette over ein låg sko? (Det går jo sikkert an å finne ein annan, meir diskret stad å gjere dette òg, altså, men helst ikkje ute ) Eg har aldri budd på privateigd turisthytte før, så eg treng litt innføring i skikk og bruk! 🤣
  10. Hei! Eg tenker på å invitere drømmemannen på skitur etter jul, og då treng eg hjelp av dere! Eg tenker på ein skitur over fleire dagar (ca. 3-5). Helst i januar. Turen må ikkje være for krevande med tanke på at det er ei stund siden eg var aktiv skigåar. Fjellvante er vi begge to, og som avdanka orienteringsløpar er eg god med kart og kompass. Vil allikevel helst gå i merka løyper, fra hytte til hytte. Håper det er nokon som kan hjelpe meg med å finne ein tur som kan friste han til å bli med meg
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.