Hei alle
Eg har lenge perfeksjonert førebyggjande gnagsårtaping med sportstape. Førebyggjing er heilt naudsynt for min del sidan eg har meir plattfot enn Donald Duck og må bruke spesialsålar i skoa mine, som medører gnagsårproblematikk under fotsålen og i hælområdet. Eg har til mi store gru byrja å reagere allergisk på plasterlim og lim på sportstape som medføre hovne, raude bein og kløe i fleire dagar kun etter få timars bruk av sportstape/ting med plasterlim. Sidan eg skal på langtur til fots i sommar er eg difor på jakt etter alle mulige slags tips/alternative metodar for gnagsårførebyggjing! Compeed utgår sidan det er eit såpass stort område eg må dekkje.
Vonar på mange tips! Har hittil kjøpt sjølvheftande, tynn bandasjesak på apoteket som skal testast ut ved fyrste høve - men sidan eg ikkje har heilt trua på det treng eg fleire ting å teste ut før eg skal langt i veg på tur.