19.-22. mars var vi på husmorferieskitur i Jotunheimen. Runda Leivassbu - Skogadalsbøen - Olavsbu - Leirvassbu. Fin runde på oval helg, og vi fekk både grått ver, solformørkelse og flott ver. Denne helga var starten på "betjent"-sesongen så vi møtte reine hytter, blide vertskap og god mat overalt vi kom. Stikkaløyper er veldig greit på heilt grå dagar, og av og til treng ein ikkje meir spenning eller navigeringsjobb enn at det er greit med etablerte ruter. Rikeleg med snø i fjellet. Eg kan verte betre til å smørje ski, det var vel lærdommen. Meir om turen på bloggen: http://www.lenesintur.blogspot.no/2015/03/skogadalsben-olavsbu-leirvassbu.html