Hei!
Skal gå til innkjøp av ski til djupare daga, men før enn eg kjøper inn noko vil eg forhøre meg med dykk ekspertane
Kjører ein dag i dag på wayback 88/174. Er sjølv ca 181, 97 kg. Stått aktivt på ski i to sesonga og finn størst glede i å suse igjennom en skog kontra åpent terreng. På ein tur til skianlegg blir nok 65-70% av dagen brukt i skogen. 70% av turane i ein sesong blir gjort med felle på.
Så ja, ser etter nokre ski som gir fin flyt, er leikne i svingane, tilgivande og jobbar godt med meg når dei har feller på. Umulig?
Har jo svært lyst til å prøve denne full rocker teknologien, men om eg har skjønt det rett gir den dårligare grep ved bruk av feller. Er det mykje dårligare grep? Har og lest at breide ski kan være problematisk når ein går skrått opp ei fjellside. Dersom snøven har lava ned, har det noko å sei?
Ei ski eg har sett meg ut er Volkl v-werks bmt 122. Ser der er ein bmt 109, dog føler eg waybacken 88 alt dekka mykje av bruksområdet til 109 og ønsket går meir mot ei reinspekka pudderski. Kan det stemme? Det er vell her eg treng råd. Er det ein revolusjonerande forskjell på 88 kontra 122 mtp flyt? Eg rekna med teknikken min er langt fra tipptopp og at her er mykje å ta inn. Vil 109 gi nok flyt og lurare å satse mtp felle og topptur?
Ved fullrocker ski - kan ein satse på litt lengre ski då? Butikken eg forhørte meg anbefalte bmt 122 176 til mitt bruk. Har lest at nokre meina ved fullrocker kan ein godt satse på lengre ski ettersom kontakten med snøen er svært sentrert til midten av skia.
Ellers tar eg imot tips til andre ski med stor takk!
Og enda ein stort takk til alle svar!