Kanskje eit rart spørsmål, men eg spør likevel! Eg skal på ein vekelang vintertur på Hardangervidda, der eg stort sett skal bu på betjente, privateigde turisthytter. Eg skal kjøpe frukost på hyttene, men ynskjer ikkje å kjøpe matpakke der. Eg vil lage niste av medbrakt mat, både av økonomiske årsaker og fordi eg føretrekk mitt eige "nistekonsept" framfor maten dei har på hyttene.
Spørsmålet er om det er frekt å ha med eigen fjøl, pålegg, emballasje osb. og smørje nista si ved bordet i matsalen på ei slik hytte? Eller gjer folk dette over ein låg sko? (Det går jo sikkert an å finne ein annan, meir diskret stad å gjere dette òg, altså, men helst ikkje ute )
Eg har aldri budd på privateigd turisthytte før, så eg treng litt innføring i skikk og bruk! 🤣