Som ein person med over snittet BMI og under snittet trening, sveittar eg ein del. Det medfører at spesielt bærereimer på sekkane blir fuktige. Etter nokre tyngre turar blir dei så sure at lukta generer turfølget. Reimane lar seg ikkje løysa, så maskinvask er uaktuelt (i alle fall på dei større sekkane). Har prøvd bløytlegging/skylling med ulike såper. Det går bra ei lite stund..... Er det nokon som har gode råd eller produkter for å hindra sure reimer, eller i alle fall utsetta problemet litt lenger ?