Eg har prøvd å lese litt rundt på sidene her i håp om å finne gode argument for kva valg eg skal ta mht innkjøp av nytt telt. Så langt er det mange, mange gode, og relativt like, argument for dei telta eg så langt har vurdert. Håpar likevel at ved å prøve å samle det i ein tråd her, så kan eg finne ut kva eg skal kjøpe. Eg er framleis litt i tvil...
Så langt står det mellom Helsport Fjellheimen Superlight 3 camp eller 2 camp, Helsport Reinsfjell Superlight 2 og Rondane Superlight 3.
Mine kriterier er som følgjer:
Det må vera plass til to vaksne personar, samt moglegheit for hund i forteltet, og då gjerne ein malamute.
Det er i utgangspunktet for vår, sumar og haust, men det bør kunne tåle sterk vind om det skulle inntreffe, samt uventa snøfall. Dvs. det er greit om det duger til vinterbruk også. Eg har solid vintertelt frå før, så om eg skal ut på rein vintertur tek eg det. Det skal i stor grad nyttast i høgfjellet, men som nemnt 3.sesongs.
Prisklasse 3000-6000,- Jo lavare jo betre sjølvsagt.
Lettvektar. Maksimalt 2 kg. Så lite pakkvolum som mogleg.
Så langt har eg falle ned på Fjellheimen 3 camp mtp at eg der har litt ekstra plass og relativt stort fortelt. Har også vurdert 2 camp, men sidan det er så minimalt i forskjell i vekt vurdere eg å gå for 3`aren.
Er det nokon som har gode råd av erfaring med disse telta mtp det eg skal nytte det til?
I tillegg lurte eg på korleis dei er utstyrt med stormmatter, antal barduneringar, kvalitet på stenger osb? Då spesielt 3 camp.
Det store spørsmålet er om camp 3 er det rette mht. kriteria og i forhold til dei andre modellane. Eg har hatt telt frå Bergans heile livet, så Helsport er heilt nytt for meg.
Takk for alle gode råd!