Gå til innhold
  • Bli medlem

Interbond

Passivt medlem
  • Innlegg

    208
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Interbond

  1. Lannullva undertøy har eg hatt i vel 10 år. Brukar det kun på jakt og har aldri vaska det. Henger det kun ut til lufting. Det pustar svært bra og er veldig varmt. Det er så varmt at det kan bli ein bakdel ved at det blir for varmt i mange tilfeller. Ein anna bakdel er at om ein ikkje har noko anna plagg utapå så kan tøyet lett feste seg i greiner osv og rive ut ein tråd pga strikkemetoden. Men generellt sagt er eg så fornøgd at eg meiner alle som driv jakt og friluftsliv når det er kaldt bør unne seg eit sett Lanullva. Expedition er ein veldig bra modell frå Devold. Den inneheld 10% polyamid i det ytterste laget for å auke sitestyrken. Ei anna trøye frå Devold som eg likar svært bra er Nature som er Devolds tjukkaste ullundertøy 250gr/m2, den er dobbeltstrikka(Interlock) mot Expedition 235 gr/m2 Dessverre så ser eg den ikkje i Devolds program lenger, noko som er veldig synd sidan dette er ein tradisjonel modell produsert sidan 1800 tallet. Eller så har Bergans to tjukke modellar Krekling 260gr/m2 og Svartull 320gr/m2 begge fås med rundhals og som polo. Ellers så har Bergans i det siste utvida utvalget sitt ein del innafor ull. Kan berre nemne to aktuelle plagg undertøymodellen Akeleie som innheld 80% ull 20% polyester tjukkelse 220gr/m2 og ei jakke ved namn Vikke som er 100% ull 300gr/m2, finnes også som vest. Aclima har fleire aktuelle modellar: Hotwool som er ullfrotte 65% ull vekt 230 gr/m2, og Hotwool jakke som innheld 70% ull og tjukkelse 400gr/m2 og Double wool som har ullnetting innerst og Warmwool ytterst, tjukkelse er ikkje oppgitt. Og Woolshell som er ullfleece innerst og polyester ytterst. I tillegg så har Janus ein god del aktuelle modellar mellom anna Design Wool ullfrottejakke,tjukkelse ukjent,men den er nok mykje tjukkare enn tilsvarande undertøyserie, I tillegg så har dei ei Sportswool jakke med 83% ull , ellers har dei og Iris ullfrotteserie som har 70%. Eg har to slike trøyer som eg har hatt i årevis, dei er kort og godt slitersterke og varme. Forresten så har Janus 30% avslag på sine Sportswool modellar ut denne veka. http://www.janusull.no/produkter/59/tilbudstorg Dette er berre dei norske modellane som eg kjem på i farten, i tillegg kjem utanladske merker. Som du ser så har du nok å velje i.
  2. Kor går grensa for kva som er lovleg under jakt? I staden for å koble inn autopiloten med beskuldningar om ekstremisme så burde heller jegerane vere takknemlige for at det no blir vurdert kva som er lovleg eller ikkje ved slik type jakt med hund. ASI skriv følgjande:"Hvis noen tror de jakthundene der kommer til å gå vekk fra den frivillig er det kanskje på tide å innse at jakthunder er ikke noe kosedyr, de er temmelig tøffe på jakt, om de er aldri så snille hjemme." Dette har han rett i, spørsmålet blir da: Er dette lovleg? Såvidt eg forstår hundeloven så skal ein ha kontroll på hundane også når det ikkje er båndtvang, ein annan ting er om dette er human jaktutøvelse, altså at viltet ikkje skal lide unødvendig under jakt. Kanskje like greitt å la dei som har greie på lovverket avgjere dette. Om politiet er den rette til å avgjere dette har eg likevel mine tvil om.
  3. Da kunne eg ikkje ein gong gått inn i ei slik hytte nettopp fordi eg har hund.Hundar mistar hår og som alle hundeeigarar har erfart så festar dei seg lett i kleda våre.
  4. Fjellbokken, for å sei det sånn så har egentlig ikkje sauebøndene råd til å drive med sau. Difor er næringa subsidiert av skattebetalarane.
  5. Det er da mange som kjøper tøy med personnavn, for eksempel er Ulvang populært.Hadde dei for eksempel kallt seg Ullplagg så trur eg ikkje dei hadde solgt så bra. Når det er sagt så synes eg mange Ulvang plagg spesiellt undertøyet og sokkane har elendig slitestyrke,medan RAV genseren derimot er eit bra produkt. Det hjelp ikkje kor mange testar dei vinn når slitestyrken er elendig. Einkelte set kanskje sitt namn ukritisk på eit produkt for å tjene pengar,mens andre kanskje berre ville låne ut namnet sitt om dei kan innestå for kvaliteteten. Håper Monsen høyrer til i den siste kategorien.
  6. Til ditt bruk altså jakt med bandhund og sporhund vil eg tru ein 8x30/32 vil vera passelig. Fleire som driv samme type jakt brukar kikkertar i denne størrelsen. Kikkert til slik bruk bør alltid vera lett tilgjengelig og dermed henga rundt rundt nakken. Du får kjøpt billige spesialreimer som gjer at den heng meir rolig om du synes det er eit problem. Her eit eksempel på korleis desse ser ut http://www.beverensport.no/products/zeiss-bresele Små lommekikkertar som t.d. 8x20 vil ikkje anbefale til jaktbruk med mykje kikring, dei passar meir til vanleg turbruk etter mi meining. Når det gjeld prisen så får ein som oftast det ein betalar for, men skal ein ha ein "billig/rimeleg" kikkert så vil ein porroprismekikkert som oftast ha betre optiske kvalitetar enn ein tilsvarande dyr takkantprisme kikkert. Eg har sett litt rundt om på nettet etter kikkertar i det prisleiet du nemner og funne fram til eit par kikkertar i den dimensjonen eg foreslår. Leupold BX-1 Yosemite 8x30 har fått veldig bra kritikk prisen tatt i betraktning. Dette er ein lett porroprismekikkert som er robust med gummiering og er vasstett. 482gram og dimensjon 115mm x 155mm Optikken er på høgde med langt dyrare takkantkikkertar, då ein porroprismekikkert er enklare av konstruksjon. http://www.leupold.com/hunting-shooting/binoculars/bx-1-yosemite-binoculars/bx-1-yosemite-8x30mm/ sjekk sjølv på nettet då det finns mange omtaler av denne. Pris 1290kr http://www.jaktogfriluft.no/display.aspx?menuid=14400&prodid=4636 og når det gjeld ein takkantprismekikkert som er billegg og har fått bra kritikk i forhold til prisen Redfield Rebel 8x32 kr 1370 hos samme forhandlar. Av desse to har nok Leupolden best optikk,men nokon foretrekk ein slankare takkantkikkert. Når det gjeld Kikkertspesialisten sine testar så er det ein fint tiltak,men eg vil ta dei med ei lita klype salt då dei gjennom eit søsterfirma med samme adresse også er importør av Opticron.
  7. Dette er ikkje første gongen Monsen samarbeider med norske klesprodusentar. I tillegg til Missing Link så hadde han og eit samarbeid med Devold , dei og M.L.laga ein Across Canada serie.. Ullundertøyet frå Devold inneholdt Outlast og ull .. Eg har fortsatt mi Across Canada ullundertrøye, trur den inneholdt 52%merinoull og 48% syntet(Outlast) . Meir om Across Canada serien her http://www.bewriting.com/portfolio/PressRelease/Devold%20Promotion%20NR.pdf Om det vart noko stor suksess veit eg ikkje,serien er i alle fall for lengst gått ut av produksjon. Om den var betre eller verre enn andre produkt er ikkje godt å sei,men trøya mi er fortsatt brukande om enn tynnslitt så den har nok vore slitesterk. Trur det er ein 12-13 år sidan eg kjøpte den og den har blitt brukt mykje. Ser forresten at noko gjer eit poeng ut av at ull kjem frå sau, sikkert med tanke på sauedebatten Monsen har vore involvert i. Til det er det berre å sei at ulla som Aclima og andre norske ullundertøyprodusentar brukar kjem frå sau som aldri har sett norske beitemarker. http://e24.no/naeringsliv/forsker-norsk-ull-er-bare-tull/20106737
  8. Kan berre holde med dei som anbefaler tynn ull. I tillegg til Devold Breeze og Janus Summerwool så har Aclima sin variant som heiter Lightwool + at det finnes fleire utenlandske merker.. Desse ullplagga tørkar nok ikkje så rask som syntet,men betydeleg fortare enn mellomtjukke ullplagg, og i tillegg så slepp du problemet med "syntetlukt"....
  9. Til alle dei som kritiserer Monsen fordi dei har lest at han jaga bort folk som sankar sauer så kan de sjølv sjekke kva han seier om dette på si eiga heimeside.;Han kaller det blank løgn! Kan det vere nokon som er ute etter å sverte han sidan han ikke akkurat er politisk korrekt i sine uttalelser? Han attpå til navngir journalisten i Avisa Nordland som han seier gjengir denne løgnen og brukar ei bevisst einsidig vinkling. Pussig nok er denne journalisten også hundekøyrar i Saltdak ifølge Monsen
  10. Ein liten historie til ettertanke og refleksjon for dei hatefulle på begge sider: Eg hadde for ein del år sidan eit par naboar som hadde kvar sin hund.Ein litt under middelstor blandingshund og den andre trur eg var ein liten puddel. Begge familiane var veldig glad i hundane sine. Ein dag så barka desse to hundane i hop, eg har ikkje detaljane om korleis det starta ,men det er heller ikkje poenget mitt. Resultatet blei at den minste blei så hardt skadd at den måtte avlivast. Da vart eigaren av blandingshunden så sint på sin hund at han ville avlive den, til familiens store fortvilelse. Gjett kva som då skjedde? Jo matmora til puddelen sa: "Det får vere nok med ein hundetragedie om vi ikkje også skal ha ein til." Hunden fekk leve og den skada aldri nokon andre korkje folk eller dyr. Det å ikkje berre tenke på seg sjølv og hevn,men og å ha ein slik omtanke for andre er det eg kallar storsinn.
  11. Eg synes det er bra at hundeeigarar stadig blir påmint om båndtvangen og at brot på den kan føre til skadde sauer og vilt, i tillegg til bot og i verste fall avliving av hund. Dette trur eg det er få som er uenige i. Mange hundeeigarar er altfor slappe med dette, eg har sjølv vore plaga med at laushundar angreip min hund som gjekk i bånd. Når det er sagt så meiner eg at avliving av hund kun skal skje i nødverge, eller etter avgjersle av myndigheitene. Ein må prøve å få tak i hunden før ein skyt. Nødverge er kun for å avverge skade ikkje for å straffe. Når det gjeld saken på Hellestø så seier i dag faren til hundeavlivaren at dei såg frå stova at sauene var skremte. På meg virkar det sannsynleg at hadde han sett hunden jaga sau så hadde han sagt dei såg den jaga sauene,men det sa han ikkje. Sauer kan blir skremt om folk går mot eller forbi det uansett om hunden er i bånd eller ikkje. Det er stor forskjell på å jage sau og at sauene blir skremte uten at dei er jaga.Ser ein på avstand att sauene spring så kan ein ikkje vere sikker på at dei blir jaga i alle fall så lenge ein ikkje ser ein hund som direkte spring og jagar dei. Eg har sjølv mange gonger opplevd at sauer blir skremte om eg går med hund i bånd,men som oftast blir dei nærgåande. Når ein som skyt ein hund uansett om ein lyg og seier den jaga ,altså ulovleg felling eller ein gjer det på lovleg måte så må ein ta med i berekningen at det kan komme sterke reaksjonar frå folk. Reaksjonar som er langt meir omfattande enn ein hadde tenkt på forhånd. Ein ting er ulovlege truslar det er straffbart,men det er mange måtar folk kan ta igjen på ein lovleg måte. Er ein villig til å ta følgene? Det bør ein tenke igjennom før ein eventuellt går til det skrittet å skyte. Folk har full ytringsfrihet til å komme med negative kommentarar eller opplyse offentlegheita om kva dei synes om denne personen. Eg snakkar ikkje om ulovlege ting ,men lovlege ytringar innafor ytringsfriheiten. Eller for eksempel utelatelse frå fellesskap,utfrysing, slutt på vennskap m.m. Det må og vera lov å diskutere sider ved sauedrifta. Det var for eksempel eit par ting Monsen ikkje nemnte. Om ikkje eigarane av sauer eller andre beitedyr ikkje skal ha det minste ansvar om dyra gjer skade. Skal dyra kunne gjera kva dei vil utan at eigarane blir ansvarleggjort? Tenker da for eksempel på om ein sau kjem ut i vegbana, kolliderer du og kanskje får ein skade så må du ta det på din forsikring uansett om du ikkje hadde mogelegheit til å unngå samanstøyt. Ikkje nok med det du må og erstatte sauen uansett om det var di skuld eller ikkje. Kjem eit barn springande ut i vegen og du ikkje kan lastast så blir du ikkje erstatningspliktig,men er det ein sau så må du betale. Synes folk det er rett at sauer skal ha betre vern enn barn? Da kjem vel motargumentet om at skal saueeigarane stå ansvarlege så blir det nesten umogleg å drive med sau,men skal vi ha sauedrift etter dagens modell uansett kostnad? Eg berre spør fordi eg sjelden ser slike spørsmål blir diskutert. Ein anna ting er at i fleire kommunar er det svært lang båndtvang ,kanskje heilt til 1.november eller lengre. Er det greitt at sauene går i utmark til det nesten blir vinter? Eg kjenner fleire tilfeller der saueeigarane dryger så lenge med å få sauene ned frå fjeller at dei til slut ikkje får tak i sauene eller det kjem så mykje snø at sauen ikkje kjem ned og kanskje svelt i hjel.Dette gjer dei av ulike årsaker,men einkelte har faktisk ikkje nok innmarksbeite derfor ventar dei i det lengste med å få ned sauene. Bør det ikkje vere ein dato for når sauene bør komme ned frå utmarksbeite i fjellet? No er det store variasjonar på utmark på kysten og i innlandet med høge fjell,men kanskje kommunane kunne hatt lov til å sette ein slik frist? Dette med at sauene går til fjells langt uti november gjer det og nesten håplaust å kunne drive med laushundjakt. Faktisk vil eg påstå at sau på vestlandet er eit større hinder for laushundjakt enn ulv på austlandet. Når det gjeld gjeting så er det ikkje økonomisk forsvarlig slik sauedrifta er organisert i dag,men må saueholdet vere organisert slik det er i dag for evig tid? Det finnes fleire tamreinlag der fleire eigarar eig tamrein i lag og som har ansatte gjetarar og det att på til heile året.. Om vi hadde hatt noko liknande innafor for sau så kunne kanskje eit "sauelag" med fleire tusen sau hatt råd til sauegjetarar,"sauesesongen" varer tross alt ikkje heile året så kostnaden i forhold til reinsgjetarane hadde blitt mindre.Må det vere slik for evig tid at ein saueflokk berre skal ha ein eigar? Eg trur nok det kanskje finns slike lag som eg her skisserer,men dei utgjer berre ein brøkdel av saueeigarane. Det skulle ikkje forundre meg om det er ei slik endring dagens landbruksminister håpar på, i alle fall at det blir større einingar. Ho har jo kalla dagens system for landbrukskommunisme så det er heilt tydeleg at ho ikkje er fornøgd med landbrukspolitikken som har vore ført i lang tid.
  12. Nei eg har ikkje kjøpt produkt av sauekjøt på mange år , ikkje ein gong fårepølse. Det vetle eg har ete har eg blitt påspandert og eg takka ja til kun for å vera høflig. Og i ullkleda mine er det kun utenlandsk ull då norsk ull ikkje held mål til slik bruk då den er altfor grov.
  13. Dessverre er det mange hundeeigarar som synder mot båndtvangen og mange sauer har måtte bøte med livet og fått store skader pga jaging av hund. Også ein del hundar har rettmessig blitt avlivd. Men eg nektar å tru at saueeigarane aldri går for langt og alltid gjer rett. Dessverre så har politiet ein tendens til å tru på saueeigarane nesten heile tida. Vi har tross alt paragraf 15 i Hundeloven som pålegg folk å prøve å få tak i hunden, politi osv før avliving. Det finns visse unntak,men om ein skal tru på media i denne saken så var ikkje sauene under angrep. Ikkje minst var eigaren til hunden i nærheiten så saueeigaren kunne prøvd å lokke inn hunden evt fått hundeeigar til å gjere det,men nei det blei ikkje gjort i dette tilfelle. Sjølv i saueeigars forklaring kjem det ikkje fram at han har prøvd å få tak i hunden. (han som skaut var forresten ikkje saueeigar,men ein slektning) Skal denne loven og paragrafen i det heile tatt ha ei meining må politiet begynne å bruke den. At hundeeigar har brote loven gir ingen blancofullmakt til avliving, det kan sjølv ikkje saueeigar benekte. No kan det og vere andre årsaker til denne handlinga som for eksempel at han tidlegare har vore plaga av laushundar,men det gir han likevel ingen rett til å vere domsfullbyrdar ved å straffe andre for å statuere eit eksempel. No har det og kome fram ein del opplysningar om han som avlivde hunden som kan vere med på å svekke hans truverdigheit om dette stemmer så vi får sjå kva politiet kjem fram til. Ein bør kanskje ikkje vere for optimistisk på hundens vegne. For dei som hugsar Ayla saken frå 2009 http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/sandnes/Ayla-avlivning-henlagt-av-politiet-1903800.html#.U-QIfMbE3Ak så er det ingen ting som tyder på at Rogaland Politikammer tek Hundelovens paragraf 15 på alvor. Er det nokon som har høyrt om saueeigarar som har blitt straffa for ulovleg felling av hundar? Eg har aldri høyrt om det. Det einaste eg veit om var då ein hund blei avlivd då han kom inn i ein hønsegård,men så var visst og hønseeigaren utlending...... Derimot når det gjeld felling av store rovdyr i påstått nødverge så er det fleire eksempel på at folk er blitt dømt fordi retten meinte det ikkje var nødverge. No er det ikkje noko strengare krav til nødverge mot rovdyr enn hundar, nødverge er nødverge uansett, men likevel er det ei voldsom forskjellsbehandling av rovdyr og hundar når dei blir påstått felt i nødverge. Kan det vere at problemet ligg hos politiet og påtalemakta som ikkje tar saker om nødverge mot hundar på fullt alvor? Ein kan jammen ta til å lure............
  14. Espen S Ja eg fann det tilbudet og det fanga min oppmerksomheit . Ein anna ting som eg likte er at den ikkje er særleg tung 2.6kg som ikkje er så verst for ein såpass stor sekk uten at den direkte er nokon lettvektar.
  15. Som så mange andre vurderer eg ryggsekk i om lag denne størrelsen, altså litt under dei aller største modellane. Eg finn ikkje denne omtalt her på forumet så eg lurer på om det er nokon som har denne eller har prøvd den.? Ser at den har fått bra kritikk i testar,men at dei meinte skulderreimene kunne vore bedre. Etter det eg trur så er reimene breie ,men kanskje litt tynne.
  16. Sidan det er ein del spørsmål om soveposar så lurer eg på folks eigne erfaringar med bruk av ulike soveposar i forhold til EN ratingen..Har du ein pose med for eksempel LIM på -5 opplever du at dette stemmer for deg eller blir det for kaldt? Sjølvsagt vil dette variere frå person til person og kva ein har på seg, Difor lurer eg på ulike folks eigne erfaringar. Viss standarden er ein person i 20 åra i god form og ein viss mengde kle og underlag så vil eg trur at mange som ikkje er i denne gruppa kanskje vil oppleve LIM grensa som for kald om ein då ikkje er ein dreven soveposebrukar under ulike forhold.
  17. Felling gjort av SNO med helikopter og hiuttak skal egentlig vere unntaksmetoden for å få felt rovdyr,men er no blitt det motsatte.Før i tida trengte ein ikkje grunneigars tillatelse for å jakte på dei store rovdyra.Denne retten har staten tatt vekk frå folket og lagt til grunneigarane. Faktisk er det berre få år sidan eg som lisensjeger kunne jakte jerv uten å spørre grunneigar om lov, eg trur dette vart endra for ca 10 år sidan. No er dette eit kraftig hinder for effektiv normal jakt på rovdyr.. Når sauebøndene då kjem med krav om at SNO må felle rovvilt med alle tenkelige middel uten at dei sjølv går inn for å gjere det lettare å jakte rovvilt uten grunneigars tillatelse så mister dei mykje av min sympati. Hadde jegerane fått bevege seg meir fritt så kunne me fått ei meir effektiv jakt og det,uten at det offentlige måte bruke masse av skattebetalarane sine penger på dette. I tillegg ville ein bli kvitt stressande helikopterjakt og hiuttak og fått meir human felling.. Dessverre er dette noko få folk veit om og det blir nesten aldri nemnt i diskusjonar.
  18. Kanskje denne kan vera noko for deg http://www.campsaver.com/sb-35-800-fill-dridown-sleeping-bag under 200 dollar og 700gram temperaturgrense LIM 0 grader og den er vasstett i hode og fotende.Eller samme posen SB 20 med litt meir dun ned til -7 og vekt 920gram og kostar 40 dollar meir? Kelty er lite kjent i Norge ,men er kjent for å vera ok kvalitet til forholdsvis rimelige prisar. Dessverre er det no blitt restriksjonar på å sende mange merkenamn ut av USA,men Kelty har ikkje denne restriksjonen til Norge. Handlar du for minst 400 dollar er det fraktfritt, berre moms og fortollingsgebyr kjem i tillegg. No skal ein ikkje legge for mykje vekt på 1 anmeldelse ,men her er i allefall ein omtale http://treelinebackpacker.com/2014/04/23/kelty-sb-35-sleeping-bag-review/ Når eg tenker på det så kunne eg faktisk tenkt meg sjølv ein slik lett Kelty SB 35
  19. At ein observasjon i seg sjølv ikkje fører til felling kan vel stemme,men du kan vere sikker på at melder ein om bjørn utafor kjerneområdet så kjem raskt kravet om felling uansett om den har tatt buskap eller ei.Det er faktisk ikkje så uvanlig å høyre krav om forebyggande felling før det er gjort skade.
  20. Fjellbokken du kom med eit ufint retorisk grep når du seier at Svandal har bestemt på vegne av Norge når han seier at sauen ikkje høyrer heime i høgfjellet,. Kva du og Svandal meiner om sau i høgfjellet er ein ting, men å komme med ein slik usann påstand som du gjer her synes eg ikkje høyrer heime i ein saklig debatt. Me kan gjerne vere ueinig med Svandal,men han/ho sa berre SI meining og det må da vere lov i ein debatt. Svandal uttalte seg ikkje på vegne av Norge , slutt med slike uriktige påstander. Om vi har verdens strengaste kjøtkontroll veit eg ikkje,men eg vil berre minne om at i 2006 døydde det eit spedbarn av E.coli i norsk spekemat. Også salmonella er funnen i norskprodusert mat så heilt ufarlig er heller ikkje mat produsert i Norge. .
  21. Eg nemnte i eit tidlegare innlegg at grunneigarar i Luster sa nei til scooterløyper over sin eigedom, her står det meir om dette http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article7289768.ece
  22. La nå politiet få etterforske desse sakene og la påtalemyndighet og eventuellt domstol gjere jobben sin før ein drar nokon konklusjonar.Gløym ikkje at ein er uskyldig inntil det motsatte er bevist .Kjem saken(e) opp for ein domstol så skal dommaren og domsmennene og eventuelt ein seinare jury dømme utifrå dei framlagte bevis i retten i forhold til norsk lov og ikkje etter rykter, avisoppslag, nettdebattar eller sitt politiske syn på ulvespørsmålet i Norge.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.