Enig med Svein. Sørsida ned mot Frølandsgardane er jamt 30 grader. Snøtilhøva over skoggrensa varierer nok ein del pr. i dag. Siste "store" snøfallet kom vel rundt 18.12 om eg ikkje hugsar feil. Vil tru at det vil vere store sjansar for å finne område på denne ruta der snøen framleis er tørr og ustabil. I alle fall over 800-900 meter. Lenger nede er det vel fare for gjennomslagsføre. Så eg ville nok ha venta litt med denne turen til snøtilhøva klaffar betre.
Har vore på Grøtdalstindane (midtre og søre) to gonger på ski. Må rerkne med å ha skia på sekken frå 1100-meter når ein går inn i vestsida av søregga. Kan vel også traversere rett nordover til ein kjem til renna som Svein antyda, og så gå rett opp til skaret mellom toppane. Kan ikkje hugse at det var trong for verken stegjarn eller isøks på dei turane eg har gått, men det kan vere kjekt å ha (les nødvendig) om ein skulle treffe på litt meir utfordrande føre enn det vi gjorde.
Har framleis tilgode å nyte nedkøyringa frå Grøtdalstindane. Dritføre begge gongane. Potensialet er der heilt klart, men trur ein må vere kresen når ein vel å ta denne turen. Når sola byrjar å få tak i denne sørvende sida, må ein kome seg opp i gryotta. På denne måten kan ein unngå verste sørpa nedatt.