Hei!
Ozzi og Livsnytar gjekk ruta Litledalen, Kråpet, Litlehornet(veit ikkje om dei var heilt opp her) og vidare til Blåbrehornet den legendariske påska vi hadde i "Honndalen" i fjor. Litledalen kan vel til tider vere skredutsett, og ein kan kanskje trenge ei isøks opp bakkane til kråpet ved vanskelege høve. Eg valde å gå "normalvegen" opp Blåbredalen og møtte Ozzi og Livsnytar vest for 1575. Gjekk så i lag vidare over 1575, Rokkekjerringa V, Rokkekjerringa og returnerte over 1575 før vi avslutta med Storhornet. Bedageleg nedkøyring over Blåbreen og ned Blåbredalen.
Når det gjeld Sp 2, hadde eg, ozzi og livsnytar vage planar om å gå denne ruta, men i motsatt retning for snart 2 år sidan. Starta frå parkeringsplassen på Engebø, baska oss opp nordaustover, delvis på skogsveg i starten, og opp på 1005, vidare på Sandfjellet, nordover til 1082, og vidare til Tussa eller Hatten som dei seier i Honndalen. Derifrå vestover til 1443. Så langt er denne ruta grei og utan dei store vanskane. Litt bratt når ein byrjar på stigninga opp til Tussa nord for1082. Vi hadde skia på sekken opp her. Når vi omsider stod på 1443 skjøna vi tidleg at turen vidare nordover mot 1575 ikkje let seg gjere med det utstyret og den tida vi hadde til rådvelde. "Ryggen" nordover (vert kalla Tendane i Honndalen) er nok klatring, i alle fall på vinterstid. Frå 1575 og sørover kan ein nok kome seg eit stykke i austsida, men når ein nærmar seg 1443 vert det svært bratt, og det er laaaangt ned i Tussekupa..................Utan samanlikning forøvrig kom eg til å tenkje på "Skuffelsens skar" mellom Trandaltinden og Råna. Hadde vore genialt om ein kunne luffe nordover til 1575 frå 1443 langs denne "ryggen" som ser "gåandes" ut på kartet. Vi la returen sørover Indre Aksla og rende austover til det sørlege av Tussevatna 848 moh. Her er det temmeleg bratt, gode 30 grader på det brattaste, og ei typisk leside.....så ein må vurdere føretilhøva. I det heile vanskeleg å finne ein god retur frå Indre Aksla. Alternativet er å dreie vestover eit lite stykke sør for 1443 ( veit ikkje om noko namn på denne toppen) og ned på Blåbreen. På denne måten kan ein få ein fin rundtur vidare nordover.
Møtte på ein lokal helt frå honndalen vest for 1575- høgda for nokre år sidan. Han hadde då gått ruta frå Engebø, Sandfjellet, Tussa, 1443 og ned på Blåbreen. Han hadde tidlegare prøvd å gå NV frå 1443 i sida under "Tendane" for å tape minst mogeleg høgde nordover til 1575- høgda. Men det hadde ikkje vore noko særleg på grunn av bratt sidehelling og stadige sørpeskred. Men under gode tilhøve kan ein kanskje spare litt tid på denne varianten. Vidare gjekk han på Rokkekjerringa og Storhornet. Dette var ein "vanleg" tur for denne karen. Om han verkeleg skulle gå på langtrur tok han heile runden om Kråpet, Gjura og avslutta med Høgenibba! Det må nemnast at turane i dette området kan med fordel gjerast med litt lettare utstyr enn det som er vanleg for reine toppturar.
Når det gjeld " Tendane" frå 1443 og nordover til 1575, Kunne det vore interessannt å prøvd på sommarstid. Veit ikkje om det let seg gjere å klyve seg nordover, trur ein gjer lurt i å ha med seg litt klatreutstyr.
Uansett er dette eit eit fantastisk område der dei store folkemengdene held seg langt unna. Så her slepp du å gå i kø i andre sine spor!