Gulo Gulo
Aktiv medlem-
Innlegg
100 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Gulo Gulo
-
Eg har kun erfaring med supertool..(supertull), og no sist med freestyle cx, men sistnemnde meir til småfixing..og ligg alltid i topplokket på sekken. Hendig liten sak. Skal sjekke ut wave evt pulse.. men har vel ikkje tort å investere i "dyrt" kjøp av slikt verktøy etter erfaringa med supertull...
-
Harbak er kjent... men noko som ligg nærare inderøy kommune? Kan gjerne vere rundt verdal,steinskjer og levanger også=) takkar for alle svar:)
-
Har hatt 4 leatherman supertool, eit verktøy som eg brukte mykje til alt mogleg. På tur, men også i kvardagen.. Skal seiast at eg kun kjøpte den første og sendte inn etterkvart ettersom dei vart øydelagde, så her kjem spm: fleire som har erfaringar med (altfor) sprøtt stål? skrujerna er for svake etter mi meining, då det knekk bitar av dei, knivstålet er hardt og tek tid å få slipt....tanga er ikkje den beste..--på den første brakk den i to..og eg satt att med to delar. Trur eg sendte den inn til viking international?..trur eg.. fekk iallefall som svar at dette måtte vere ein produksjonsfeil.. Har også hatt ein del wenger/victorinox opp gjennom åra, og kvaliteten i stålet på desse har overraska! solid, seigt og godt stål, men no har eg ikkje prøvt desse i "leatherman" format? Erfaringar her? Til dels einig med tremon, men likar at der er ein kniv...saga kan eg klare meg utan. Men fil er kjekt til kapping av teltstenger o.l. LM skelektool med fil i tilegg hadde vore artig...og betre tang..
-
greit... forstår eg dykk riktig då, om fireline skal sveivast på slik at "flatesida" på senepakken vender mot snella mi? Nokon som har ein link evt eit godt bilete på det:) ein annan ting: ser mange tipsar om chrystal og smoke...kva med denne sjokkgule? Har kun kjøpt smoke før, men no hadde dei kun att den gule, så eg kjøpte den:) det er vel eitt fett? eller?
-
takk for svar:) er det ein regel på kor mykje sene eg kan ha på...veit eg kan ha så og så langt, men nokon seier eg kan legge sena jamnt me "toppen" av spolen..medan nokre seier eg bør halde meg til maks 0.5cm under toppen... ??
-
Hei! har fiska mykje med mono sene, men dei siste åra har eg haldt meg kun til fireline, som forsåvidt har fungert godt, utanom heilt i starten, kvar gong eg har ny sene på.. då vert det alltid floke.. Kva gjer eg feil her? Må fireline sveivast på, på en bestemt måte? Her for litt sidan prøvte eg meg på ein annan type som heiter "sufix".. dyr sak som flisa seg opp og i motsetning til fireline var så og seie umogleg å få has på flokane.. Har no kjøpt fireline 0.13.. snella er ei shimano 1000rb om det skulle hjelpe,, Takkar for alle svar:)
-
klyving i oslo?`tek 30min med fly frå oslo til ålesund og sunnmørsalpane meir realistisk kan det vel ikkje bli litt slurvete svart..men lukke til:)
-
Tenkte oss til ranservatnet i år..med kano... Det vi lurte litt på, var om nokon veit om det er mogleg å få leige/låne nøkkel til bommen på traktorvegen som går frå stekenjokk til ranserelva på svensk side...? Nokon som veit noko om dette? og korleis terrenget inn til elva ser ut? har kika ein del på flyfoto og satelitt, men vanskeleg å få eit klart bilete av det... Nokre som har teke samme turen før? tek gjerne mot tips og råd:) takker
-
exped mountain pro vs exped backcountry vs ein annan sak?
Gulo Gulo publiserte et emne i Bære- og fraktsystemer
Nokon der ute som har ein av desse? og kan kome med erfaringar? eventuelt ein annan sekk med omlag same "kvalitetar"? takkar for svar:) -
Nb: dette og forrige innlegg er skrevet av gulogulo-kona, hacka meg innpå her
-
Var selv på padletur ei uke i Femundsvassdraget med en 10 uker gammel valp sist sommer, det fungerte kjempebra! Hun ble fort sliten da vi forflytta oss til fots noen km, det var veldig varmt. Bar henne i amene, men det blir jo fort tungt i lengden..!
-
ingen som har noko å kome med? tek gjerne imot andre tips og... kriteria er: (relativit) lett, utan for mykje fiksfakserier.. men likevel med gode festemuliheiter..gjerne "vanntett", slik som exped..men dette er ikkje noko must. Den må vere solid nok og gjennomtenkt.. -- Ikkje som hagløfs rand... er denne eg har hatt som topptursekk dei siste 4 åra, og er ikkje spesielt fornøgd.. sekken vil bli brukt til toppturar og til lettare helgeturar.. Har eigentleg grei oversikt over sekkar sjølv, men tek gjerne imot tips om nokon der ute har gode erfaringar å kome med:) eller...veit om eit og anna godt kjøp:) -takkar og bukkar!
-
spør igjen... tida har gått, og eg må høre om nokon der ute har prøvt denne elva som renn ned frå ranservatnet og inn i sverige..? har høyrt frå folk som veit om nokon som har lurt på det osv..men aldri noko handfast.. så: nokon som har vore her, ved denne elva med kano..`utan? ut frå bilete eg har sett av elva skal dette kunne gå.. i allefall delvis. Nokre bæringar og ikkje-padlebare strekningar vert det nok.. På svensk side, går der ein traktorveg frå bilvegen og innover mot elva. Nokon som har gått denne? "villmarksvegen" like etter stekenjokk.. Korleis er denne for bil mtp transport..?
-
Du seier ganske lite her, og det er nok mykje som kan gjerast... Søv du med mykje kle?..prøv mindre.. Eller prøv som forrige innsendar sa.. eller som eg har brukt å gjere om det vert for kaldt: putte enden av posen oppi sekken...meir varme rundt føtene. Funkar fett=) hugs godt liggeunderlag! Mykje av varmen forsvinn med dårleg underlag! Lukke til:)
-
Nokon som har erfaringar med denne? http://www.fjellsport.no/exped-backcountry-45-black-m.html mot denne? http://www.fjellsport.no/exped-mountain-pro-40-moss-green-s.html Vurderar eigentleg den siste, men den første skal vere betre med meir vekt.. Men kva er "meir vekt"? Nokon som har erfaringar? er den siste "god" å bære med omlag 10-15kg? 40-50L... Takkar for svar..
-
Paris pulken vs Fjellpulken transporter
Gulo Gulo svarte på gremlin sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Har fjellpulken sjølv( 2stk barnepulkar frå då eg sjølv var liten..) Desse har eg gjort om til pakkpulkar, med å fjerne stoffet, vindskjerm og sete, og bora fleire hol og poppa på plastkant rundt, som stoff brukte eg eit impr. bomullstoff på den første, og på den andre jervenduken sitt..(er under produksjon:) ) Kanskje dette kan fungere på paris`en også? sy ein god kant nedst på stoffet, med forsterkningar/plastkant for så å poppe fast duken til brettet? Eg har kopiert fjellduken sin pakkpulk, og sydd på fleire fester på "utsida" av stoffet, der strikken går gjennom.. så festar eg denne over bagasjen med karabinarar.. Brettar du stoffet som i ein pakkpose, får du det tett også..evt sy på glidelås/knappar/borrelås eller liknande.. Mine gamle pulkar fungerar i allefall godt..er omlag 135cm longe, og får med meg meir enn nok til vekesturar:) Sikkert fleire pulkar der ute som folk ikkje brukar, og vil kvitte seg med:)...kanskje... -
Eg har og hatt denne erfaringa med eit par Lasportiva Elk. sendte skoa inn etter omlag 4-5mnd og fekk nye... men også desse, og andre sko med GT, som eg har hatt lekk etter 2-6mnd.. GT i sko er håplaust! Kostar meir, tørkar seinare...og lekk etter kort tid. Berre fjas.. men kjekt å få nye sko då
-
VPG har tilbod på nøtter og kamkilar,, og ein heil del anna artig:) www.vpg.no
-
hadde ein helle lappland ein gong i tida.. den knakk midt inne i skaftet, under hogging! Dvs, knivbladet flaug bakover ved neste "hogg".. etter nokre år kjøpte eg ein samekniv av finske J.Martiinii... har hatt denne i 13 år no, og den er brukt hardt.. til høgging, kløyving osv.. ingen slark per dags dato. Meget godt nøgd med denne. God å halde er den og. Brusletto, likar eg av ei eller anna årsak betre enn Helle, og har no min 4. brusletto Bamsen..god allroundkniv, men bladet held seg ikkje skarpt like lenge som samekniven. Dette har sjølvsagt noko med stålkvaliteten å gjere. Det er også "vansklegare" å få ein kniv med rustfritt stål like skarp som ein utan rustfritt stål.. Men vurderar du brusletto, har dei iallefall mange gode knivar. Men skal du ha den til kløyving,hogging osv, anbefalar eg i allefall strømeng eller martiinii sine sameknivar. God leiting! og god påske:)
-
Vann på tur? Vanndunk fra Clas Ohlson, eller vannpose?
Gulo Gulo svarte på mindviruz sitt emne i Alt annet utstyr
altså..prøve å få oppklara ein liten ting:P no er det ikkje slik at eg lar vatnet stå i denne pakkposen til ei kvar tid:P men eg fyller den opp om vi er fleire på tur, og har denne sam "vanntank", der vi kan hente vatn frå i leiren. vatnet vert sjeldan ståande over lengre tid. Heller vatnet over i mindre drikkeflasker, kaffikjele eller til andre matprosjekt. Om der er att vatn, så rullar ein igjen toppen, og heng den opp:) så har ein vatn til hund,sløkking av bål, eller til oppvask ved seinare anledning:) -
Vann på tur? Vanndunk fra Clas Ohlson, eller vannpose?
Gulo Gulo svarte på mindviruz sitt emne i Alt annet utstyr
eg har prøvt desse dunkane.. kanskje ikkje akkurat den du refererar til, men liknande..med slik arti ventil, der du skrur den 90grader så kjem vatnet piplande ut.. Kjekk sak, som varer i 3 dagar.. ikkje verdas beste kvalitet.. men det eg brukar mest, er ein vanleg pakkpose, av tjukk,god kvalitet, og med 2stk D-ringar (eller påknytte løkker). På denne måten har eg i mitt tilfelle 25liter vatn lett tilgjengeleg. D-ringane er kjekke til å henge den opp, eller få den til å "stå" ved hjelp av tau rundt eit tre, stein e.l. så kan den også lukkast.. Kan nemne at etter tid vil nok vatnet få litt smak, men ein treng då ikkje å fylle den heilt opp heller Eg har også prøvt med tynnare pakkposar (tynt nylonstoff), men det skal ikkje mykje til, som til dømes eit lite subb i bakken og rifta er eit faktum,,, -
støttar denne:)
-
Ta fram kartet, leit litt.. mykje bra vatn som ligg litt oppi høgda, med gode toppturmoglegheiter.. Altså..får du både i pose og sekk:) greit d? men eit lite tips vil vere å vente lenger enn du trur, med å gå opp..isen vert liggjande irriterande lenge..
-
Eg har brukt lær-nåler og nylontråd (sterk sak) og rigga til min topptursekk med D-ringar i metall(ikkje sjakkel). Desse ringane kjøpte eg på ein lokal garn/sy-butikk, og er av typen som er sveisa saman. Brukar altså ein "lett" topptursekk med godt hoftebelte til å drage min pulk, ein gammal barnepulk, ombygd til pakkpulk.. Og som ein annan kropp her inne sa: synest eg og det er greit å ha dunisen og andre artige ting, relativt lett tilgjengeleg:) Men dette er vel ei individuell sak.. kva som er "best", må ein finne ut sjølv:)
-
Eg er kanskje smått konservativ på det området, og kan også hende eg tenkjer "feil", men eg valde lite-versjonen istadenfor den med ledda hovud, fordi eg tenkte det var mindre som kunne bli øydelagt. Hadde det vore mogleg å få kjøpt lite-versjonen med tennar, hadde eg likevel kjøpt den utan, av same årsak:)