Ajungilak Tyin Winter, frå midten av 90-talet, som "bålpose" /overnatting i skogen haust og vinter. Glidelåsen rauk i 2004. Då sydde eg glidelåsen igjen og har aldri fiksa den etter det😅 Fungerer utmerket som kortturpose i furuskogen👌
Mountain hardwear hyperlamina spark. Ca 600gr. Gått ut av produksjon, merkelig nok. Fantastisk pose til sommarhalvåret. Blir også brukt i den kalde årstida, då saman med ein Nordisk Oscar - 2. (desse to i lag, veg i underkant av 1,5kg med trekk) og har fungert greit ned mot 20 kalde.
Stappar i tillegg fotenden ned i sekkeposen, for meir varme👌
Har også ein isbjørn Jan Mayen med 90cm glidelås, kjøpt ein gong tidleg på 2000-talet. Har brukt denne ganske lite, men til gjengjeld vore god å ha når nåla bikkar 30kalde.
Som oftast brukar eg hyperlamina og Oscar, kvar for seg, eller i kombinasjon og i tillegg med Tyin om det er verkeleg kaldt.
Isbjørnen i seg sjølv er rundt 3,5kg og er uhorvelig lite pakkevennleg🥴