Eg ser at alle anbefaler å starte på Finse til Haugastøl. Problemet er at eg ikkje rekker å ta tog til Finse på fredagen (nattoget blir for seint). Planen var å kjøre opp til Haugastøl gå til Finse og ta toget tilbake til Haugastøl sundag. Dette for å kunne begynne tidleg på laurdags morgon.
Eventuelt kan eg ta toget opp til Finse kl 10.15, men syns det blir seint å begynne å gå rundt halv 11, då siste tog heim frå Haugastøl går 15.05 og 16.06 på sundagen. Eller kan dette forsvarast då eg vil høgdemeter nedover i staden for oppover frå Finse til Haugastøl?
Det er viktig at eg planlegg med rolig tempo og rom for pausar då det skal vera ein kosetur.
Håper nokon han hjelpe meg med dette dilemmaet då eg er fjellvandt, men ikkje så mykje om vinteren på ski.
Takk igjen for gode svar frå alle.