Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Ein gamal diskusjon, men for eventuelt interesserte... Eg var på Giljabotnnipa i helga og målte høgden med gps. I løpet av dei ti minuttane eg var på toppen viste gps'en aldri mindre enn 1503, stort sett viste den 1505-06.
  2. For to år sidan møtte eg ei på 80 på Spiterstulen. Ho var med ei gruppe i Bergen Turlag som hadde kome frå Leirvassbu. Ettermiddagen eg møtte ho hadde ho vore på Galdhøpiggen, dagen før hadde ho vore like under toppen av Kyrkja. Måtte eg vere like sprek til fjells når eg når den alderen!
  3. Etter essems innsats i utallige klimadebattar er eg ikkje overraska over hans evne til å manipulere med dokumentasjonen... Men vermeldinga for Bergen var altså ikkje manipulert, om det var det essem antyda. Inntil ny oppdatering sikkert snur opp ned på alt...: http://www.yr.no/sted/Norge/Hordaland/Bergen/Bergen/
  4. Under er vermeldinga for Bergen i dag, berre sol Men utanfor mitt kontorvindauga i Bergen sentrum regnar det litt akkurat no, og bygene går langs Sandviksfjellet
  5. Jepp!
  6. Nei, definisjonen på fint ver vestpå er at det er betre enn veret på Austlandet...
  7. Snøver og sludd?? Slik såg det ut på Gulfjellet ved Bergen i dag for eit par timar sidan, sol og fint!
  8. No tenkte eg meir at det var eit kvileskjer i quizen, ikkje på turen... Holmaskjer er altså ikkje heilt riktig. Men det er utsyn mot Folgefonna frå toppen.
  9. Artig at denne tråden er blitt så revitalisert! Me har vore mykje i Nordfjord og Sunnmøre her i det siste, så eg aktiverer fleire lenger sør med noko som sikkert er eit kvileskjer for veldig mange. Biletet er tatt for 3.5 timar sidan.
  10. Akkurat dette er min erfaring også. Kun ein liten endring i vindretninga sannsynlegvis gir veldig ulik modellering av veret, slik at det kan skifte frå veldig fint til temmeleg dårleg melding få dagar fram mellom kvar oppdatering. Det tryggaste er å kikke ut vindauga den dagen ein vil på tur og sjå kva veret er...
  11. Min erfaring er at Yr.no er lite påliteleg. Storm sine varsel på internett har jamnt over vore meir treffsikre dei gongene eg har samanlikna. Synes det er rart at Meteorologisk institutt har latt seg rive med av kommersialisering på denne måten, her er tydlegvis fancy presentasjon og høg internett-trafikk viktigare enn kvaliteten.
  12. Garmin Forerunner 405 har ikkje kart (men viser sporene dine utan kartunderlag), men sporene kan lastast opp i Mapsource. Eg har også vanskeleg for å tru at ikkje "norsk" versjon av Mapsource kan hente spordata frå Forerunner eller at ruter ikkje kan lastast opp i den.
  13. Jau, kollegaen din kjenner seg riktig att!
  14. Eg prøver meg igjen med ein foss. Nære ein fjord, fossen pregar også namnet på stølen i framgrunnen...
  15. Nyastølfossen er heilt korrekt. Det er forøvrig mange flotte fossar oppover Husedalen, ein tur som verkeleg kan anbefalast!
  16. For at også Dag-G skal få gjette, her er ein foss til.
  17. Å "knote" seg frå Voss til Bergen er ikkje noko problem, det er berre å sykle om Hardanger! Den vegen er det veldig fint å sykle. Men frå Myrdal til Upsete er det jo litt verre som skiraffen skriv. Kanskje de kan låne dresin?
  18. Her er eit sommarbilete frå der du skrei ned, med anleggsvegen frå Svartavatnet og ned til Bjergane/Kvilesteinsvatnet. Som du har antyda, der er ganske bratt og til dels "stupete" her... Ser fram til dine bilete når det blir tid til det!
  19. Høgreklikk på filmen, vel Zoom og Full skjerm. Forøvrig eit flott program og eit flott fjellområde. Fekk lyst å legge turen dit sjølv ein gong. Ser også på kartet at viddene her er store, kanskje eit litt undervurdert fjellområde for folk utanfor Rogaland/Agder?
  20. For info om snøforhold opp mot Stølsheimen, les Gebs turrapport: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=11732&highlight=
  21. Kvistinga frå Vikafjellet går inn Sendedalen, nokre kilometer før der du starta i retning Voss og tar av mot Selhemar ved Langavatnet der sommarstien mellom Torvedalen og Selhamar også går. Årsaken er nok nedskriinga frå Svartavatnet mot Bjergane som sikkert er ekkel om vinteren, særleg når det er hardt. Men det virka som du har hatt ein flott tur!
  22. Tja, det beste ville vel vere å plante seg i sofaen (evt. med Lars Monsen videoar eller nostalgiske bilete frå eigen turar til fjells) og minimalisere eige energiforbruk og dermed utpusting av CO2 og SAMTIDIG plante alle desse plantane og grønne ressursane du nemner?? Lett skal det i alle fall ikkje vere...
  23. Men det kjøtet bør i alle fall ikkje vere reinsdyr frå Hardangervidda. Du bør ikkje få noko som helst protein (som fisk) frå vidda: http://www.bt.no/lokalt/article544000.ece Det er sikkert betre å svi av litt regnskog for biffproduksjon?
  24. Mosjonering, i alle fall den som gir litt puls, fører også til meir utslepp av CO2 gjennom auka pusting. Sånn sett bør alle som trener, eller går lange motbakkar til fjelltoppar, kjøpe klimakvotar.
  25. Me er visst miljøverstingar... http://www.bt.no/klima/article542116.ece Når det gjeld utstyr har vel mange av oss grunn til å føle oss litt trufne? I alle fall synes eg det er kjekt med nytt utstyr innimellom, sjølv om det kanskje ikkje alltid er strengt nødvendig...og eg køyrer jo oftast eigen bil til og frå fjellturar...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.