-
Innlegg
501 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av FU
-
Rundt Skrott er det i alle fall reinsdyr: http://dokkeveien.uib.no/frode/vossnow/visbilete.asp?filnamn=foto17203.jpg
-
Nei, men det er forsåvidt utsikt mot det området.
-
På tide å live opp att denne tråden, sikkert mange som har vore på tur på Vestlandet i sommar?? Kva topp ser me oppover mot her?
-
Eg gjekk opp til Skålatårnet i sommar og skjønnte ikkje ein drit (for å følge opp saken om Besseggen) då eg høyrde om helikopterflyginga opp mot Skåla av campingvogner og gravemaskiner. Stien er heilt fin, og kva i alle dagar dei skal rette på oppover der skjønner eg absolutt ingenting av. Om det er tilrettelegging på ein eller annan måte for motbakkeløpet er eg i så fall heilt i mot det.
-
Forhåpentlegvis ikkje. Eg er ikkje spesielt interessert i å betale for din toll/moms.
-
Kan likne litt på Eggjenibba i Byrkjelo?
-
Ulriken er jo det høgaste av dei sju, men mindre enn Gulfjellet...Toppstasjonen er jo også fint "kamuflert" her.
-
Heilt riktig! Ein flott utsiktstopp lett tilgjengeleg frå Myrdal.
-
Det er ein god del lenger vest enn Slettind. Toppen har også fin utsikt til Fresvikbreen, Syrdalsbreen, Jostedalsbreen, Hardangerjøkulen, Hårteigen, Baksafjell, Folgefonna (litt av den) og Raundalsryggen, Lønahorgi...
-
Om St. Ringstind er skjult er eg ikkje sikker på, er ikkje lommekjend i Hurrungane. Men biletet er ikkje tatt frå Vikafjellet.
-
Skot frå hofta; Goddalseggane?
-
-
Eg har heller ikkje brekurs, men å gå på bre no utan sikring vil eg uansett rekne som russisk rullett.
-
Du kan jo også gå Blåbærkongen i næringa og sjekke ut området rundt Osavatnet ved Gulfjellet: http://youtube.com/watch?v=Rz309bMimbc&feature=related
-
Kven har du fått beskjed av? Bergen Turlag er jo naturleg å spørje når det gjeld føreforhold i deira område. Eg lurer litt på ein tur til Skåla sjølv på søndag om det er nokolunde ver og tenkte å spørje om føret hjå turlaget når det nærmar seg slutten av veka.
-
Ser ut som breane kan vekse igjen i år: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.6117664
-
Rutenregisteret - et bokpubliseringsprosjekt
FU svarte på Lars Tore sitt emne i Bøker - media - foredrag
Spørsmålet om informasjonen allereie er "offentleg" (gjennom ei bok på toppen av eit fjell) eller ikkje er her underordna. Det er mangfaldiggjeringa av personinformasjon som er problemet, ved at det blir søkbart gjennom internett. Eg veit for eksempel at Datatilsynet har nedlagd forbod mot å gjere den kommunale folketeljinga i Bergen 1912 søkbar på internett (før i 2012), sjølv om denne er allmenn tilgjengeleg og kven som helst kan slå opp i den på statsarkivet. No er det vel ikkje så mykje sensitiv informasjon som er notert i ei slik toppbok, men eg trur nok kanskje at Datatilsynet hadde hatt reservasjonar om dei blei spurde. Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) har ein paragraf om behandling av personopplysningar, og digitalisering av personopplysningar er behandling av dei opphavlege opplysningane. Skal lovas bokstav følgjast må altså alle som har skrive seg inn i boka kontaktast og gi si godkjenning til prosjektet... : § 8. Vilkår for å behandle personopplysninger Personopplysninger (jf. § 2 nr. 1) kan bare behandles dersom den registrerte har samtykket, eller det er fastsatt i lov at det er adgang til slik behandling, eller behandlingen er nødvendig for a) å oppfylle en avtale med den registerte, eller for å utføre gjøremål etter den registrertes ønske før en slik avtale inngås, at den behandlingsansvarlige skal kunne oppfylle en rettslig forpliktelse, c) å vareta den registrertes vitale interesser, d) å utføre en oppgave av allmenn interesse, e) å utøve offentlig myndighet, eller f) at den behandlingsansvarlige eller tredjepersoner som opplysningene utleveres til kan vareta en berettiget interesse, og hensynet til den registrertes personvern ikke overstiger denne interessen. -
Nokon som har erfaring med impregnering av softshell? Desse er jo gjerne innsatt med eitt eller anna som gjer dei "water resistant" når dei er nye. Men etter nokre vask? Har sett til dømes denne impregneringa for softshell, men har nokon prøvd denne eller tilsvarande? http://sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=NIX12&var_1=NIX12-W300&categorynu=Z&categorytxt=Impregnering&produkt=Nikwax%20Softshell%20Proof I mitt tilfelle er det Arcteryx Gamma MX som etter kvart treng impregnering, tar sjølvsagt særleg imot info om impregnering av akkurat det plagget.
-
I fall det er fleire som snuser på Arcteryx Gamma MX Hoody, så er den dagens røvar på Sportsnett til 2799,- Det er litt mindre enn den vanlege prisen til 3599,-...Prisen gjeld altså berre i dag. http://www.sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=ARC39:DD&var_1=ARC39-SS:DD
-
Varmen på Vestlandet dei siste vekene har nok gjort mykje med snøen, også i Bergsdalsfjella. Har ikkje gått i fjella i det siste, men legg ved eit bilete eg tok sist søndag frå Byrkjefjell på Kvamskogen mot Svartavatnet og Bukkafjella (Bergsbukken og Småbrekkebukken som antyder tilstanden då. Elles kan det vere greit å kikke på Senorge sine snøkart: http://www.senorge.no/mapPage.aspx Har ikkje telta i området, så teltplassar veit eg ikkje så mykje om, men skulle eg tru var greit å finne?
-
No virker det som Croco enno ikkje har så mykje erfaring med å ha sønnen med på tur og difor spør om kva erfaringar andre har hatt. Eg trur at dei aller færraste har erfaringar med at seksåringar går fem mil på ski. Derfor synes eg det ikkje var spesielt relevant informasjon at du har gjort det. Kanskje er sønnen til Croco som deg, men eg trur ikkje han skal planlegge første tur som var han det akkurat...Det får heller bli andre tur...
-
Det er vel kanskje 1 av 10 000 seksåringar som går 5 mil på ski, så akkurat det er vel ikkje så relevant informasjon for trådstartar. Det høyrest ut som Croco har skjønt det viktigaste, nemleg at motivasjonen for ein seksåring er veldig kontekstuell, ikkje minst er vel andre barn i same alder den aller viktigaste motivasjonen, saman med litt snop etc. Elles kjem det vel an på ver og korleis terrenget elles er og kor mykje spennande det er å oppdage undervegs? 3-4 timar er sikkert passe, om ein bruker heile dagen på det?
-
Når føret tillater det vil eg heller foreslå å ta bussen litt lenger, til starten av Sendedalen på Vikafjellet og følge denne til Torvedalen. Då kan ein gå på sti heile vegen, slepp asfalt og grusveg kilometervis frå Sundve og slepp også den tunge kneika opp til Mykjedalsvatnet. Dessutan er Sendedalen ein flott dal! Sidan de skal ha med telt er det sikkert fordel å sleppe stigninga. Mien som sagt er eg redd juni er litt tidleg i år, det er fortsatt flott skiføre i store delar av området.
-
I midten av juni vil det i år fortsatt vere mykje snø i Stølsheimen, både i aust mot Vikafjellet og mot vest. Det vil sikkert vere råd å gå dalane frå t.d. Stølsvatnet mot Solrenningen og innover Berdalen mot Åsedalen. Men utover desse dalane bør ein vere førebudd på veldig mykje snø og at elver som seinare på sommaren er lette å passere vil medføre kald vading i midten av juni.
-
Her er Preikestolen: og her er Trolltunga: