Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Det blei visst litt kryssposting i går kveld. I staden for at eg legg ut fleire bilete frå dette området her i tråden, kan du heller kikke på desse og andre fjellbilete på denne sida: Fjellturar i vossatraktene
  2. Takk til Stuttjukken for mange og flotte bilete! Som du skriv - Fresvikhalvøya er ei perle!
  3. Prøv igjen Stuttjukken, du er sikkert ikkje langt unna når det gjeld å få lasta bileta opp. I mellomtida legg eg ut eit anna bilete av Fresvikbreen frå Svinadalsholtane tatt same dagen som er 2. august, og som viser meir evt. smelting frå breen. Kanskje nokon veit meir om kor mykje breen har trekt seg tilbake her?
  4. Jau, biletet er frå Rambertinden mot Nummestolane. Du har eit poeng med nedsmeltinga av Fresvikbreen som ikkje har slått meg før; Nummestolane er kanskje Fresvikhalvøya sitt høgaste punkt! Eg legg ved eit bilete av Nummestolane frå Svinadalsholtane (1564 moh), med Jostedalsbreen synleg lengst bak, og eit anna som viser Fresvikbreen i sommar, også frå Svinadalsholtane.
  5. For å følgje denne tråden litt opp; Steinbotnbreen såg eg aldri oppe på Rambera, men mellom Rambertinden og Nummestolane finst nokre småbrear som ein her ser. På kartet kan eg ikkje sjå at desse har noko namn.
  6. Apropos brear som forsvinn, Bergen turlag har ein sak på Vossaskavlen som også minkar kraftig! http://www.bergen-turlag.no/article.php?fo_id=198&ar_id=9297
  7. Stuttjukken: Du må berre legge bileta ut 800x600-format, dette blir automatisk konvertert til "thumbnails" på desse sidene - det er først når du klikker på "thumbnails" at dei store bileta kjem fram. Når det gjeld Steinbotnbreen må den vere meir tydleg frå Gullsetedalen enn oppe på på Rambera. Eg var i alle fall ikkje klar over at det var ein bre der...
  8. Jepp, Stuttjukken peika ut den rette toppen han. Det er ein fin tur dette, utsikten mot Fresvikbreen er flott.
  9. Lite respons på denne quizen - er den vanskeleg? Eg er jo ikkje akkurat den første på toppen...Vedlagt er eit anna utsiktsbilete frå toppen.
  10. Økonomiske interesser innan turistnæringa får ofte kritikk her på forumet, jamfør det lett tragikomiske plaza-hotellet på Tyin. Men det er ulike interesser også blant turistverksemdene, noko som kjem til uttrykk i denne saka om helikopterflyging over Luster: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.949663 Men ordføraren i Luster har kanskje gått på same skulen som ordføraren i Vang?
  11. Det blei visst omvendt, det første viser toppen, det andre utsikten frå toppen...
  12. Får "fyre" opp under Vestlands-quizen også...Kva topp er dette? Første bilete viser utsikt frå toppen, det andre sjølve toppen.
  13. Kva som er tøft er jo sjølvsagt individuelt og avhengig av både trening og ver. Eg gjekk sjølv Hadlaskard-Hårteigen (toppen)-Litlos tidlegare i sommar, og det er litt lenger enn frå Torehytten. Det gjekk heilt greitt, og eg vil tru at dei aller fleste normalt mosjonerte vil klare Torehytten-Hårteigen-Litlos.
  14. Dette er jo uansett veldig individuelt, jamfør diskusjonen om tidsbruk frå Spiterstulen-Galdhøpiggen. Eg gjekk den sjølv i sommar og brukte 2.5 timar. Eg er ikkje spesielt trent og gjekk heller ikkje "over evne" oppover. Min erfaring er at turisttidene til DNT heller tar godt i. Dei er vel heller ikkje inkludert pausar, men gangtid? At folk får problem ned frå Galdhøpiggen kan eg forsåvidt forstå, det tar på anklar og kne å gå i såpass mykje stein. Men det er vel igjen individuelt. Igjen, i sommar snakka eg med ei dame på Spiterstulen som hadde vore på Galdhøpiggen same dagen. Ho var 80 år og klarte det heilt fint. To dagar etterpå møtte eg henne igjen like under toppen på Fanaråken. Ingen er like, verken i tidsbruk eller vurdering av familievennleg/luftig.
  15. Bra det gjekk bra! Likevel ei påminning om å passe på.
  16. http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=126147
  17. Boka er jo kjempeflott, og etter ein tur til Jotunheimen sist veke er det tydleg at den er i ferd med å bli ein "bibel" hjå fleire! .
  18. Haugsdalshorga med Søtefjellet bak er riktig. Svenningen ligg like til venstre for biletkanten.
  19. På tide med ein ny Vestlandsquiz? Kva fjell ser me her?
  20. Maritinden? Kristian Bing klatra opp dit på 1890-talet.
  21. Korleis var det med snø i området rundt Stavali?
  22. Det har ein fordel, nemleg mindre behov for vasskraftutbygging på Vestlandet og grufulle kraftledningane som dei no seinast truer med å legge gjennom fjella i Hardanger. Kanskje på tide at Oslofjord-området også får litt av ulempene med kraftbehovet??
  23. Førsteinntrykket ditt er påliteleg! Det var Møsnuken, frå ein tur i går (laurdag).
  24. Stuttjukken, eg trur du må gi nokre fleire hint til biletet ditt. Sjølv om ikkje biletet til gi er løyst heilt enno, tar eg sjansen på å bidra med eit bilete i fall arnt over her har "heimlengsel". Kvar er dette bilete teke frå?
  25. Takk for nyttige tilbakemeldingar! Eg vurderer framleis litt for og imot når det gjeld funksjonar som temperatur etc. Også for meg er det viktig at klokka ikkje blir for klumpete.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.